Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1. Hovudinnhaldet i proposisjonen

       I proposisjonen vert det lagt fram forslag til ny aksjelov. Framlegget byggjer på utredninga frå Aksjelovgruppa i NOU 1992:29 Lov om aksjeselskaper. Dei endringane som vert føreslått har delvis bakgrunn i EØS-avtala, men det vert og føreslått andre endringar. Eit hovudpunkt i lovutkastet er at det vert innført eit prinsipielt skille mellom små og store aksjeselskap, såkalla private og offentlege aksjeselskap.

       I lovutkastet kap. 2 om skiping av aksjeselskap, vert det føreslått at simultanskiping blir den einaste lovlege måten å skipa aksjeselskap på. Med simultanskiping meiner ein at utarbeidinga av skipingsdokument, aksjeteikninga og gjennomføringa av den konstituerande generalforsamlinga finn stad meir eller mindre på same tid. Det vert vidare føreslått strengare reglar om kontroll av tingsinnskot (dvs. aksjeinnskot i anna enn pengar).

       I eit nytt kap. 3 vert reglane om deltakaransvar, aksjekapital, eigenkapital, reservefond, innskot og utdeling samla. Ei viktig endring er framlegget om å heva grensa for minste lovlege aksjekapital frå 50.000 kroner til 100.000 kroner i private aksjeselskap, og til 1 mill. kroner i offentlege aksjeselskap. Det vert vidare føreslått ein generell regel om at selskap skal ha ein eigenkapital som til einkvar tid skal vera forsvarleg ut frå risikoen ved og omfanget av den verksemda selskapet driv. Dersom selskapet sin eigenkapital vert lågare enn halve aksjekapitalen, skal styret syta for at det vert halde generalforsamling der det vert gjort greie for situasjonen.

       I kap. 4 vert reglane om aksjebrev føreslått oppheva. Det er og føreslått nokre endringar i reglane om omsetning av aksjar. Registrering i Verdipapirsentralen skal vera obligatorisk for alle offentlege aksjeselskap.

       I tråd med EF-reglane gjev lovutkastet kap. 5 meir liberale reglar enn noverande lov når det gjeld selskapet sin rett til å overta sine eigne aksjar. I kap. 7 vert reglane om bedriftsforsamling ført vidare, medan det vert føreslått å oppheva reglane om representantskap. Vidare vert det m.a. føreslått ein ny regel som gjev dagleg leiar ei informasjonsplikt til styret.

       I kap. 10 er utbyttereglane og gjeldande reglar om avgrensingar i selskapa sin rett til å yta kreditt eller stilla garanti stort sett ført vidare. Reglane om kapitalheving vert gjort strengare når det gjeld vurdering av tingsinnskot, jf. kap. 11.

       I kap. 12 er det føreslått reglar om nokre nye finansielle instrument som ikkje er regulert i gjeldande aksjelov. Offentlege aksjeselskap skal kunna skriva ut såkalla teikningsrettsaksjar og frittståande teikningsrettar.

       I kap. 14 er det gitt reglar om fusjon som stort sett svarar til EF-retten. Det vert og føreslått lovregulering av fisjon etter mønster av EF sine reglar.

       Etter kap. 15 skal selskap som er vedteke oppløyste ved dom eller ved ordskurd frå skifteretten avviklast etter reglane i konkurslova. Reglane om erstatningsansvar er stort sett ført vidare i kap. 16.

       Det vert føreslått omfattande redaksjonelle endringar i høve til noverande lov.