7. Vitne si plikt til å oppgje bopel
I høyringsnotatet føreslo departementet at offentlege tenestemenn som vitna i straffesaker skulle kunna oppgje tenestestad i staden for bopel. Bakgrunnen var å verna vitne mot truslar og sjikane frå tiltalte. Alle dei høyringsinstansane som har kommentert framlegget er positive. Fleire instansar peikar på at fritaksregelen bør utvidast, både slik at andre enn offentlege tenestemenn kan fritakast og kanskje òg slik at regelen gjeld i sivile saker.
Departementet er einig i at regelen bør gjelda både offentlege tenestemenn og andre vitne. Dommaren kan likevel påleggja eit vitne å oppgje bustadadressa skriftleg til retten dersom det ikkje er praktisk å oppgje arbeidsstad. Departementet vil koma attende til spørsmålet om endringa og skal gjelda i sivile saker.
Komiteen sine merknader
Komiteen syner til framlegget om at vitne i straffesaker kan oppgje tenestestad, framfor adresse til bustad, av omsyn til å verne vitne mot truslar og sjikane frå tiltalte. Samstundes skal dommaren likevel kunne påleggje eit vitne å oppgje bustadadressa skriftleg til retten dersom det ikkje er praktisk å oppgje arbeidsstad. Komiteen er samd i at ordninga skal gjelde både offentlege tenestemenn og andre vitne, og stør framlegget til endringar.
Komiteen meiner argumentasjonen for endringa òg kan ha relevans i einskilde sivile saker, og ber departementet kome attende til Stortinget med framlegg om tilsvarande endring for sivile saker.