Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

6. Endring av framgangsmåten ved avgjeving av munnleg forsikring

       Enkelte trussamfunn har bede departementet om å endra lova om framgangsmåten ved forsikring for dommarar, partar, vitne m.v. slik at ein kan utelate handsopprekking, eventuelt at ein får høve til å nytta skriftleg forsikring i alle tilfelle. Departementet sende eit framlegg om at ein skal gje forsikring utan løfta høgre hand på høyring. I høyringsbrevet vart det føreslått at dette skulle gjelda generelt, og det vart også gjort framlegg om å sløyfa kravet om at forsikringa skal gjevast på ære og samvit. Etter dette blir det berre ein paragraf igjen i lova som regulerar framgangsmåten ved forsikring av 10. mai 1893 nr. 1. Ein gjer derfor framlegg om å oppheva lova og flytta den gjenverande paragrafen til domstollova. Der forsikring skal gjevast i annan samanhang enn i retten, vil dei ulike særlovene visa til regelen i domstollova.

       Eit fleirtal av høyringsinstansane sluttar seg til framlegget. Dei som går imot peikar særleg på at forsikringa i sin noverande form er naudsynt for å oppretthalda høgtida og alvoret rundt forklaringane.

       Departementet held fast på framlegget og meiner at forsikringa framleis vil vera slik at det bidrar til å understreka alvoret ved forklaringa.

Komiteen sine merknader

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, viser til at lovendringa meir går på form enn på innhald i ordninga med forsikring. Fleirtalet er samd i at det er liten grunn for å pålegge einskilde personar å gi forsikring på ein måte som strid mot deira samvit, så lenge ikkje det sentrale i ordninga med forsikring vert rørt.

       Fleirtalet vil peike på at framleis skal munnleg forsikring skje ståande. I dei tilfelle der munnleg forsikring vert nytta, skal også stadfestingsorda « Det forsikrar eg » nyttast. Den same formuleringa skal framleis vera hovudregelen når ein nyttar skriftleg forsikring. Fleirtalet fryktar av denne grunn ikkje at alvoret og høgtida rundt forsikringa blir svekka.

       Fleirtalet stør framlegga til lovendringar.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet mener at den gamle måten å avgi muntlig forsikring på bør beholdes. Dersom avgiveren ikke lenger skal løfte høyrearmen og avgi sin forsikring på « ære og samvittighet », frykter dette medlem at det vil gå ut over høytiden og alvoret rundt forsikringene, og øke risikoen for at det blir avgitt uriktige forklaringer. Departementet bør vurdere om det eventuelt skal kunne gis dispensasjon for denne hovedregelen i helt spesielle tilfeller. Dette medlem vil på denne bakgrunn stemme imot de foreslåtte lovendringene i lovutkastet. I nr. 1 og 2 og nr. 4-11, straffeprosessloven § 131 og 311 i lovutkastet nr. 12, samt nr. 13 og 14.