4. Vern av ambassadeområde
Straffeloven § 95 set straff for den som m.a. ulovleg trengjer seg inn i, gjer skade på eller tilsmussar bygningar eller rom som tilhøyrer ein ambassade. Ei arbeidsgruppe nedsett av Justisdepartementet har gjort framlegg om at denne regelen skal utvidast til også å verna ambassaden sitt uteområde. Framlegget vart gjort på bakgrunn av fleire åtak mot ambassadar i Oslo dei seinare åra, og for å harmonisera reglane med art. 22 i Wien-konvensjonen om diplomatisk samkvem. Alle instansar som har uttalt seg om framlegget stør dette. Departementet går også inn for å endra § 95 slik at ambassadeområda utanfor bygningane blir omfatta.
Komiteen sine merknader
Komiteen har merka seg at straffelova § 95 andre ledd, set straff for den som ulovleg trengjer seg inn i, gjer skade på eller tilsmussar bygningar eller rom som høyrer til ein ambassade. Komiteen er samd i at ei endring av lova til også å omfatte inntrengjing i hage eller anna område rundt ambassadebygningane som ligg innanfor området til utanriksstasjonen, vil gjere det lettare for politiet å verne ambassadane.
Komiteen viser òg til at denne lovendringa er i samsvar med artikkel 22 i Wienkonvensjonen om diplomatisk samkvem.
Komiteen stør framlegget om endring av § 95 i straffelova.