Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Hovudinnhaldet i proposisjonen

       I proposisjonen vert det gjort framlegg om ei rekkje endringar av strafferettsleg og prosessuell art. Det vert m.a. gjort framlegg om ei innskjerping av forbodet mot å leiga ut husrom til bordellverksemd. Vidare vert det gjort framlegg om å presisera at rasistisk motivasjon er eit tilhøve som kan gjera at skadeverk vert sett på som grovt skadeverk. Det vert og gjort framlegg om ei viss utviding av vernet for områda ikring ambassadebygningar. Reglane om dei særskilde etterforskingsorgana i saker der politifolk er innblanda, vert noko presisert. Framgangsmåten ved munnleg forsikring vert føreslått endra noko. Etter framlegget skal vidare granskingskommisjonar vernast mot mortifikasjonssøksmål. Som ei prøveordning vert det gjort framlegg om at lensmannen skal kunna gjevast kompetanse til å vedta overføring av nokre typar straffesaker til mekling i konfliktråd. Det vert og gjort framlegg om ein eigen strafferegel for den som ved bruk av ikkje-autorisert dekodar e.l. skaffar seg sjølv eller andre tilgang til fjernsynssignal e.l. Elles vert det gjort enkelte framlegg av teknisk karakter.

       Dei ulike forslaga i proposisjonen har vore sende på høyring til ei rekkje instansar.