Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1. Samandrag

1.1. Generelt

       Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om endringar i dyrevernlova. Endringane gjeld først og fremst dyrevernnemndene og arbeidet deira. Ei mindre endring gjeld bruk av forsøksdyr.

1.2. Bruk av forsøksdyr

       Landbruksdepartementet meiner det er føremålstenleg å utarbeide nye føresegner om biologiske forsøk med dyr. Europarådskonvensjonen om vern av forsøksdyr, som Noreg har ratifisert, bør innarbeidast.

       Det er framlegg om at føresegner skal gjere det mogleg for Utvalg for forsøk med dyr (Forsøksdyrutvalget) å delegere retten til å gje løyve til å gjere biologiske forsøk på dyr til ein person som utvalet har godkjent som ansvarleg for forsøksdyrverksemda i ei bedrift eller ein institusjon. Bakgrunnen er at departementet ønskjer å gjere det mogleg å leggje ansvaret for dyreforsøk til den einskilde forskaren, og det er lite føremålstenleg at Forsøksdyrutvalget skal handsama søknader frå kvar einskild forskar og for kvart einskild forsøk.

1.3. Dyrevernnemndene

       Landbruksdepartementet gjer framlegg om endringar når det gjeld organisering av dyrevernarbeidet, da erfaring syner at det ikkje er så god oppfølging av brot på dyrevernlova som ønskeleg. Den førebyggjande verksemda er heller ikkje tilfredsstillande.

       Departementet meiner at dyrevernlova og føresegner gjevne med heimel i lova gjev gode rammer for korleis dyreholdet skal gå føre seg, men lova gjev ikkje tilsynsapparatet gode nok verkemiddel til å oppfylle intensjonane i lova.

       I dag skal det i kvar kommune veljast ei dyrevernnemnd med tre eller fem medlemer. Oppgåva til nemnda er å hjelpa politiet med å sjå til at reglar i dyrevernlova og føresegner gjevne med heimel i lova, vert etterkome. Ved brot på lova skal nemnda gje råd om kva som må gjerast. Det er politiet som kan gjere vedtak om råda frå dyrevernnemnda ikkje vert følgt. Frå lova trådte i kraft, var distriktsveterinæren medlem av dyrevernnemnda. I 1987 vart dette endra til at distriktsveterinæren har møterett i nemnda. Bakgrunnen for endringa var prinsippet om at ingen skal vere med i ei kommunal nemnd ut frå stillinga vedkomande har.

       Dyrevernnemnda sine oppgåver er regeltolking og kontroll, og dette har i liten eller ingen grad element av lokal politisk styring. Etter departementet sitt syn høyrer oppgåvene derfor heller naturleg heime i den lokale statsforvaltinga. Kommunal- og arbeidsdepartementet har ved fleire høve peika på at dyrevernnemnda sine oppgåver er statlege, og at staten bør bera utgiftene.

       Landbruksdepartementet meiner følgjande er viktige føresetnader for å få betra lokal dyrevernforvalting:

- Dyrevernnemnda vert oppnemnt og finansiert av staten,
- Nemnda får vedtakskompetanse og høve til å ileggja tvangsbot,
- Distriktsveterinæren vert sekretær for nemnda, men ikkje medlem og utan stemmerett,
- Nemnda, politiet og distriktsveterinæren får heimel for å take dyr i midlertidig forvaring,
- Distriktsveterinæren får heimel for å setje i verk avliving av dyr for å spara det for meir liding,
- Kvart veterinærdistrikt vil som hovudregel utgjere det geografiske verkeområdet for nemnda,
- Tilsynsveterinæren får ansvar for dyrevernarbeidet på slakterier, også vedtakskompetanse,
- Landbruksdepartementet kan i føresegner gje vedtakskompetanse til distriktsveterinæren eller annan offentleg veterinær,
- Fylkesveterinæren vert klageinstans for vedtak som politiet, dyrevernnemnd, distriktsveterinær eller tilsynsveterinær gjer.

       Departementet ønskjer eit fleksibelt system for avgrensing av det geografiske verkeområdet til dyrevernnemnda. Fylkesmannen skal take avgjerd etter framlegg frå distriktsveterinæren. I storbyane er det fortsatt aktuelt å ha ei dyrevernnemnd for bykommunen aleine, medan det i andre område vil vere ønskeleg og naturleg å knyta det til eit veterinærdistrikt.

       Det er framlegg om at dyrevernnemnda får tre medlemer. Departementet meiner det vil vere mest effektivt og rimeleg økonomisk sett. I spesielle høve kan det vere fem medlemer. Kvar kommune skal gjere framlegg om medlemer i nemnda, og distriktsveterinæren uttale seg før fylkesmannen oppnemner medlemene for fire år om gongen. Oppnemningstida skal ikkje knytast til kommunevalsperioden som i dag.

       Departementet meiner det er lite effektivt at dyrevernnemnda bare kan gjere framlegg om vedtak i ei dyrevernsak, og at politiet, som kan gjere vedtak, først får saka om framlegget frå dyrevernnemnda ikkje har ført fram. Saksgangen er tidkrevjande, og politiet handsamer ofte saka som om den er meld til politiet, medan det rette ville vere å gjere eit forvaltingsvedtak. Departementet meiner derfor det er naudsynt å gje dyrevernnemnda vedtaksfullmakt. I ein del saker er det òg aktuelt å gje distriktsveterinæren eller annan offentleg veterinær fullmakt til å gjere vedtak.

       Dyrevernnemnda skal stå for gjennomføring av vedtaka sine, men nektar eigaren/innehavaren å følgje vedtaket, slik at det må gjennomførast med tvang, skal politiet syte for det.

       Etter gjeldande lov kan ein eigar verte frådømt retten til å ha dyr. Departementet meiner at tap av retten er så vidtrekkjande at avgjerd fortsatt må takast av rettsapparatet.

       Det er framlegg om at dyrevernnemnda kan fastsetje tvangsmulkt for å få gjennomført eit pålegg, og Kongen skal kunne gje føresegner om dette. Det er vidare framlegg om at dyrevernnemnd, distriktsveterinær eller politiet kan ta dyr i mellombels forvaring i inntil tre veker. Dyrevernnemnda må innan tre dagar stadfeste vedtak om mellombels forvaring som distriktsveterinæren eller politiet gjer.

       Når det gjeld distriktsveterinæren si rolle i dyrevernnemnda, har departementet ved sida av den valte modellen, også vurdert å la distriktsveterinæren vere både medlem og sekretær i nemnda. Konklusjonen var at ingen bør vere medlem i ei nemnd ut frå stillinga.

       Som sekretær i nemnda får distriktsveterinæren eit spesielt ansvar for arbeidet i nemnda. Departementet reknar med at det kan verte nødvendig å leige inn sekretærhjelp, slik at distriktsveterinæren si rolle vert av faglig og administrativ art. Det vert peika på at distriktsveterinæren sitt dyrevernarbeid må løysast innanfor den totale ressursramma for distriktsveterinæren si verksemd.

       Departementet har vurdert distriktsveterinæren si rolle som kombinert forvaltingsorgan og næringsutøvar. Det kan oppstå situasjonar der distriktsveterinæren er ugild. Da må distriktsveterinæren tre ut av handsaminga av saka og nemnda anten fatte vedtak utan at distriktsveterinæren er til stades, eller den overlet saka til overordna forvaltingsstyresmakt.

       Departementet har lenge ønskt å gje tilsynsveterinærane (kontrollveterinærane) på slakteria større ansvar når det gjeld dyrevernet på slakteria. Departementet finn at reglane om dyrevernmessige tilhøve på slakteria bør ha heimel i dyrevernlova og ikkje i kjøttkontrollova. Tilsynsveterinæren sitt tilsynsansvar vil også gjelde transport av dyra til slakteri. Om tilsynsveterinæren oppdagar tilhøve som har bakgrunn i tida eit dyr var hjå eigaren, skal vedkomande rapportere til lokal distriktsveterinær/dyrevernnemnd.

       Framlegget inneber at dyrevernnemnda, politiet og offentleg veterinær fortsatt har inspeksjonsrett på slakteri. Dyrevernnemnda får likevel ikkje vedtakskompetanse når det gjeld tilhøva på slakteri.

       Departementet meiner at tilsynet med transport av dyr er ei oppgåve for dyrevernnemndene. Sjølv om tilsynsveterinæren får tilsynsansvar for transport av slaktedyr, er det fortsatt dyrevernnemnda som har vedtakskompetansen, for å sleppa dobbeltkompetanse på dette området. Tilsynsveterinæren må derfor rapportere om brot på regelverket for transport til dyrevernnemnda.

       Etter departementet sitt overslag vil kostnadene med ordninga verte om lag 12 mill. kroner. Da er det rekna med 225 dyrevernnemnder i dei om lag 215 veterinærdistrikta. Vidare at distriktsveterinæren utfører 50 inspeksjonar/reiser på dyrevernsida kvart år, og at kvar av dei tre medlemene i nemnda er i møte eller deltek i inspeksjon ni gonger kvart år. Ekstra sekretærhjelp til dyrevernnemndene vil utgjere om lag 10 årsverk. Dersom talet på medlemer i nemnda vert auka til fem, vil utgiftene auke med 3 mill. kroner.

       Utgiftene til dyrevernnemndene vil verte dekte ved å trekkje 4,3 mill. kroner frå rammetilskotet til kommunane. Utgiftene til distriktsveterinæren sitt arbeid vil verte dekte dels frå konkurransestrategien for norsk mat, og dels ved omprioriteringar på Landbruksdepartementet sitt budsjett.

1.4. Dei einskilde paragrafane

§ 23. Dyrevernnemnder

       Distriktsveterinæren skal ha ansvaret for at dyrevernoppgåvene vert utført, men må ikkje gjere alt arbeidet sjølv. Det kan delast mellom medlemene i nemnda eller det kan leigast inn hjelp.

       Nemnda skal organisera seg sjølv. Om den ønskjer, kan medlemene byte funksjonar i perioden. Ingen kan verte oppnemnt om dei ikkje ønskjer det.

       Det er framlegg om endring når det gjeld årsrapport frå nemnda. Den skal etter omorganisering sendast inn innan utgangen av januar.

§ 24. Tilsyn, tiltak

       Nemnda får heimel for å gjennomføre pålegga sine om eigaren/innehavaren ikkje følgjer opp innan fristen som er sett. Men er det nødvendig å bruke tvang, må politiet koplast inn.

§ 24 a. Mellombels tiltak og avliving

       Dyr skal kunne takast i forvaring også om det ikkje er omsorgssvikt, t.d. om eigaren ikkje kan take seg av dei.

§ 24 b. Avliving iverksett av distriktsveterinæren

       Den retten distriktsveterinæren får til å avlive dyr for å hindra unødig liding, kan om naudsynt iverksetjast med hjelp frå politiet.

       Klage over distriktsveterinæren sitt vedtak om å avlive eit dyr skal vanlegvis ikkje ha oppsetjande verknad.

§ 24 c. Dyrevern på slakteri

       Sjølv om dyrevernnemnda ikkje får vedtakskompetanse på slakteri, skal den ha inspeksjonsrett. Om nemnda finn at tilsynsveterinæren forsømer ansvaret sitt, kan den klage til fylkesveterinæren.

       Tilsynsveterinæren kan sende bod på dyrevernnemnda og be om råd når det er ønskjeleg, t.d. før vedtak som har stor verknad for slakteriet.

§ 25. Vedtak og klage

       Fylkesveterinæren vert klageinstans for vedtak fatta av dyrevernnemnd, distriktsveterinær eller politi i dyrevernsaker. Når det gjeld politiet, vil einaste vedtak det gjer, vere vedtak om å take dyr i forvaring.

§ 26. Tvangsmulkt

       For at det ikkje skal løne seg å trenera tiltak, er det framlegg om å innføra tvangsmulkt.

§ 27. Dekking og fordeling av utgifter

       Medlemene av dyrevernnemnda vil som før få godtgjersle for arbeidet i nemnda og skyss- og kostpengar, men ikkje lenger vederlag for tapt arbeidsinntekt.