Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

       Departementet gjer framlegg om ei ny lov om heilagdagar og heilagdagsfred. Bakgrunnen for lova er m.a. reaksjonane på manglande høve til å arrangere dans og filmframsyningar i påske- og pinsehøgtida. Departementet har teke omsyn til fråsegnene då eit lovutkast var til høyring i 1989.

       Lovframlegget inneber ei fornying og forenkling av gjeldande lov frå 1965. Tidsrommet for den alminnelege heilagdagsfreden og forbodet mot å forstyrre gudstenester blir utvida til å gjelde heile døgnet, alle heilagdagar og likeeins høgtidskveldane etter kl. 16.00. Dei noverande forboda mot ulike offentlege arrangement på heilagdagar blir oppretthalde i grunntrekka, men avgrensa i tid til å gjelde mellom kl. 06.00 og kl. 13.00 alle heilagdagar.