Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

3. Aksjesparing med skattefrådrag (ams)

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Høyre, Venstre og representanten Stephen Bråthen, har vedtatt å behandle kap. 3.1 - 3.4 i proposisjonen i en senere innstilling.

3.1 Oppretting av skattelova § 44 ellevte ledd nr. 2 bokstav d

       Ved lovendring av 8. januar 1994 vart plasseringsvilkåra om frådrag i skatten for kapitalinnskot som inngår i ordning med aksjesparing (AMS) flytta frå verdipapirfondlova av 12. juni 1981 nr. 52 § 4-4 tredje ledd til skattelova § 44 ellevte ledd nr. 2 bokstav d. Det er som hovudregel eit vilkår for frådrag at innskotet vert halde plassert i norske aksjar, teikningsrettar og konvertible obligasjonar innafor ramma av verdipapirfondlova § 4-4 første ledd. I praksis vil det seie at innskotet må vere plassert i børsnoterte verdipapir.

       Verdipapirfondlova § 4-4 andre ledd heimlar likevel høve til at fonda kan plassere inntil 10 % av sine middel i verdipapir som ikkje er noterte, under dette ikkje børsnoterte aksjar. Det var departementet si meining at verdipapirfonda sine avgrensa høve til å plassere middel i aksjar som ikkje er noterte, jf. verdipapirfondlova § 4-4 andre ledd, òg skulle gjelde for middel som vert plasserte innafor ordninga med aksjesparing med skattefrådrag. Ved ein inkurie viser skattelova § 44 ellevte ledd nr. 2 bokstav d til verdipapirfondlova § 4-4 tredje ledd i staden for til andre ledd. Tredje ledd regulerer fonda sine høve til å plassere middel i partar i verdipapirfond som er forvalta av eit anna forvaltningsselskap.

       Departementet gjer framlegg om at skattelova § 44 ellevte ledd nr. 2 bokstav d vert retta opp slik at det vert vist til riktig ledd i verdipapirfondlova § 4-4, nemleg andre ledd. Departementet syner til utkast til lovvedtak. Opprettinga gis verknad frå og med inntektsåret 1994.

Komiteens merknader

       Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.