1. Endringar i likningslova og selskapsskattelova på bakgrunn av oppretting av sentralskattekontor
1.1 Innleiing
Sentralskattekontoret for storbedrifter og Skattedirektoratet har gått gjennom reglane i skattelovene for å tilpasse regelverket betre til dei tilfella der skattytar blir likna sentralt av Sentralskattekontoret for storbedrifter. På bakgrunn av denne gjennomgangen gjer departementet fleire framlegg om endringar i likningslova og selskapsskattelova for å tilpasse regelverket betre til dei tilfella der selskapa er overførte til sentral likning.
Nokre av framlegga om endringar gjeld også for dei tilfella der likninga blir handsama av Sentralskattekontoret for utanlandssaker. Båe sentralskattekontora er administrativt underlagt Skattedirektoratet. Departementet gjer framlegg om at alle endringane vert gjennomførte straks.
1.2 Skattytaren sin tilgang til saksdokument
Etter likningslova § 3-4 nr. 4 kan likningskontoret eller fylkesskattekontoret sitt avslag på krav etter likningslova § 3-4 nr. 1, dvs. skattytar sitt krav på tilgang til saksdokument som gjeld likninga hans, klagast inn for respektive fylkesskattekontor eller Skattedirektoratet etter særskilte vilkår. Lovføresegna er ikkje tilpassa ordninga med sentralskattekontor.
Departementet finn dette uheldig og foreslår at sentralskattekontora sine avslag kan klagast inn for Skattedirektoratet. Departementet viser til utkast til endring i § 3-4 nr. 4 i likningslova.
Komiteens merknader
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Erik Dalheim, Laila Kaland, Berit Brørby Larsen, Tore Nordtun, Bjørnar Olsen, Reidar Sandal og Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, Per Olaf Lundteigen og Gudmund Restad, fra Høyre, Harald Ellefsen, Per-Kristian Foss, og Erna Solberg, fra Kristelig Folkeparti, Odd Holten og Einar Steensnæs, fra Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Eilef A. Meland, fra Venstre, Lars Sponheim, fra Rød Valgallianse, Erling Folkvord, og representanten Stephen Bråthen, slutter seg til proposisjonen.
1.3 Behandling av enkeltsaker i avdeling i nemndene ved sentralskattekontora
Nemndene ved sentralskattekontor har tilsvarande oppgåver overfor dei skattytarane som liknast der, som det likningsnemndene og overlikningsnemndene har overfor dei lokale skattytarane. Nokre av sakene som vert behandla i nemndene ved sentralskattekontora kan vere vanskelegare og meir arbeidskrevjande enn dei sakene som vert behandla i dei lokale nemndene. I utgangspunktet gjeld likningslova § 3-10 også for dei særlege nemndene ved sentralskattekontora. Men godkjenning frå fylkesmannen er ikkje noko godt vilkår, all den stund desse nemndene har kompetanse i heile riket.
For å sikre ei mest mogleg teneleg saksbehandling i nemndene har departementet kome til at det bør gjevast ein særskild heimel til avdelingsvis behandling i nemndene ved sentralskattekontora. Departementet gjer framlegg om at Skattedirektoratet skal kunne godkjenne at likningsnemndene ved sentralskattekontora kan avgjere enkeltsaker avdelingsvis som fastsett i likningslova § 3-10 nr. 2 og om at overlikningsnemndene ved sentralskattekontora kan avgjere enkeltsaker som fastsett i § 3-10 nr. 3. Skattedirektoratet er nærast overordna for sentralskattekontora.
Ein syner til utkast til ny § 3-10 nr. 4 i likningslova.
Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til proposisjonen.
1.4 Teieplikt i samband med straffesaker
Etter likningslova § 3-13 nr. 2 f kan likningsforvaltninga gi opplysningar til politi eller påtalemakt i straffesak som gjeld lovbrot utanfor skatteetaten sitt forvaltningsområde, dersom det er « skjellig grunn til mistanke » om lovbrot som kan føre med seg høgre straff enn fengsel i 6 månader. Likningskontora, unnateke Oslo likningskontor, kan ikkje gi slike opplysningar til politi eller påtalemakt utan samtykke frå overordna organ i likningsforvaltninga.
På bakgrunn av den kompetansen som sentralskattekontora har, finn departementet det tenleg at også sentralskattekontora kan gi opplysningar som nemnd ovafor på lik linje med fylkesskattekontoret, utan samtykke frå overordna organ i likningsforvaltninga. Departementet viser til utkast til endring av likningslova § 3-13.
Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til proposisjonen.
1.5 Staden for levering av selskapsoppgåve frå deltakerlikna selskap
Selskapsoppgåva og andre pliktige oppgåver skal etter likningslova § 4-9 nr. 5 leverast til likningskontoret i den kommune der selskapet har hovudkontor. For deltakarlikna selskap kan vedtak etter forskrift av 7. januar 1993 nr. 4 om overføring av skattytarar til sentral likning ved Sentralskattekontoret for storbedrifter omfatte overføring av den likningskompetansen som er nemnd i likningslova § 8-6 nr. 5. For dei selskapa som etter slik overføring skal liknast ved Sentralskattekontoret for storbedrifter er det mest føremålstenleg at selskapsoppgåva frå no av vert sendt dit. Dette gjeld og dersom skattytaren liknast ved Sentralskattekontoret for utanlandssaker, jf. likningslova § 2-4.
Departementet gjer derfor framlegg om tilsvarande lovendring i likningslova § 4-9 nr. 5.
Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til proposisjonen.
1.6 Pålegg frå fylkesskattekontoret om opplysningsplikt
Likningslova § 6-10 nr. 1-4 gjeld plikta næringsdrivande og offentlege organ har til å gi opplysningar som gjeld oppdrag på kontinentalsokkelen eller oppdrag på plass for byggje- og monteringsarbeid her i riket.
Departementet finn det lite tenleg å oppretthalde fylkesskattekontora sin særskilde adgang til å treffe avgjerd om utvida opplysningsplikt for norske oppdragstakarar. Det er mest tenleg at ei avgjerd om utvida opplysningsplikt vert teken av Sentralskattekontoret for utanlandssaker som etter forskrifta, jf. proposisjonen, er det kontor som tek imot opplysningane. Departementet legg til grunn at eit grunngitt ønskje frå eit fylkesskattekontor vil gi grunnlag for ei avgjerd av Sentralskattekontoret for utanlandssaker i medhald av forskrifta § 1 andre ledd.
Departementet gjer etter dette framlegg om oppheving av likningslova § 6-10 nr. 3.
Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til proposisjonen.
1.7 Kontrollopplysningar om aksjonærar m.v.
Ifølgje likningslova § 6-11 nr. 1 plikter aksjeselskap å levere oppgåve over høve som har tyding for skattlegging av aksjonærane. Etter nr. 2 skal oppgåva leverast til selskapet sin kontorkommune. I dei tilfella kor selskapet overførast til sentral likning vil det være Sentralskattekontoret for storbedrifter som har behov for slike oppgåver som nemnd i likningslova § 6-11 nr. 1.
Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om endring i likningslova § 6-11 nr. 2, slik at Sentralskattekontoret for storbedrifter mottar informasjon som nemnd i likningslova § 6-11 nr. 1 når aksjeselskapet er overført til sentral likning.
Etter likningslova § 6-11 nr. 3 kan likningskontoret i selskapet sin kontorkommune påleggje selskapet å levere nye oppgåver over aksjonærane når verdsetjinga av selskapet sine aksjar er endra. I dei tilfelle kor selskapet er overført til sentral likning ved Sentralskattekontoret for storbedrifter finn departementet at Sentralskattekontoret bør ha heimel til å krevje slike oppgåver.
Departementet gjer derfor framlegg om ei slik endring i likningslova § 6-11 nr. 3.
Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til proposisjonen.
1.8 Adressat for klage over likninga
Ved klage over likninga følgjer det av likningslova § 9-2 nr. 3 at klagen skal leverast til likningskontoret i den kommunen der skatten er utskriven. Det vil normalt seie at klagen blir levert til likningskontoret i den kommunen der skattytaren er busett, eller der bedrifta vert rekna for å høyre heime. Det er dette likningskontoret som vanlegvis vil ha utført den ordinære likninga av skattytaren. Dette er ikkje tilfelle ved sentral likning. Departementet foreslår derfor at regelen i § 9-2 nr. 3 blir endra, slik at klage ved sentral likning blir send direkte til det sentralskattekontoret der skattytaren er blitt likna. Ein syner til utkast til endring av likningslova § 9-2 nr. 3.
Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til proposisjonen.
1.9 Endring utan klage
Etter likningslova § 9-5 nr. 4 kan fylkesskattekontoret krevje at fylkesskattenemnda skal overprøve vedtak frå overlikningsnemnda. Kompetanse til å krevje overprøving av saker som i første instans er behandla ved Sentralskattekontoret for utanlandssaker eller Oslo likningskontor ligg hos Skattedirektoratet. Etter dagens regel er det fylkesskattekontoret som har denne kompetansen når det gjeld Sentralskattekontoret for storbedrifter.
Både Sentralskattekontoret for utanlandssaker og Sentralskattekontoret for storbedrifter høyrer administrativt direkte under Skattedirektoratet. Departementet gjer framlegg om at lova blir endra, slik at kompetansen til å krevja overprøving ved fylkesskattenemnda skal liggje hos Skattedirektoratet også når det gjeld saker som er behandla av overlikningsnemnda for Sentralskattekontoret for storbedrifter. På den måten får ein klårlagt kompetansetilhøva, samstundes som ein får same regel for båe sentralskattekontora. Departementet syner til utkast til endring av likningslova § 9-5 nr. 4.
Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til proposisjonen.
1.10 Fullmakt til å påleggje tvangsmulkt
Etter kapittel 6 i likningslova følgjer det ei rekkje plikter for tredjemann til å sende inn opplysningar til likningsstyresmakta som kan ha innverknad på likningsbehandlinga av andre enn den som har plikt til å gi opplysningane. Etter § 10-6 kan likningsstyresmaktene påleggje dei som forsømmer desse pliktene ei tvangsmulkt. Kompetansen til å påleggje tvangsmulkt ligg hos Skattedirektoratet, fylkesskattekontoret og - når det gjeld Oslo - likningskontoret. Dessutan inneheld lova ei fullmakt om at departementet kan bestemme at « annen ligningsmyndighet kan ilegge tvangsmulkt når oppgåver etter §§ 6-2 og 6-10 nr. 1 og 2 ikkje er gitt ».
Ein ønskjer no at kompetansen til å påleggje tvangsmulkt skal bli utvida for sentralskattekontora. Kompetansen bør gjelde generelt for manglande opplysningar etter kapittel 6 i likningslova. Dessutan bør Sentralskattekontoret for storbedrifter òg ha slik kompetanse. Reglane om dette bør takast inn i lova. Framlegget byggjer på effektivitetsomsyn, da ein held det for tungvint at den som skal ha opplysningane ikkje samstundes har kompetanse til å påleggje tvangsmulkt dersom pliktige opplysningar ikkje blir gitt. Ein ser ingen innvendingar mot å leggje slik kompetanse til sentralskattekontora - da desse står i ei særstilling som likningskontor, og har ein særleg kompetanse innanfor sitt område. Endringa medfører at Sentralskattekontora får same kompetanse som Oslo likningskontor. Departementet syner til utkast til endring av likningslova § 10-6.
Som enda eit sanksjonsmiddel mot dei som ikkje sender inn opplysningar til likningsstyresmakta, bestemmer likningslova i § 10-7 at fylkesskattekontora (i Oslo likningskontoret) kan påleggje oppdragsgjevaren ansvaret for manglande innbetaling av skatt og avgift frå oppdragstakarane. Dessutan inneheld paragrafen heimel for departementet til å gi slik kompetanse også til andre likningsstyresmakter. Ved forskrift er det fastsett at Sentralskattekontoret for utanlandssaker har slik kompetanse når det gjeld skattytarar som er skattepliktige etter petroleumsskattelova. Departementet vil vurdere endring av forskrifta, slik at kompetansen kan bli utvida til å gjelde generelt for skattytarar som blir likna sentralt, anten av Sentralskattekontoret for utanlandssaker eller Sentralskattekontoret for storbedrifter.
Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til proposisjonen.
1.11 Vurdering og registrering av aksjeselskap som driv ny verksemd
Etter selskapsskattelova § 4-1 nr. 1 kan aksjonærar som er busette eller heimehørande innan riket, krevje frådrag i alminneleg inntekt for aksjonærbidrag som dei innbetaler kontant for å dekke underskott i norsk aksjeselskap. Det er eit vilkår for rett til frådrag at det selskap aksjonærbidraget vert gjeven til, driv ny verksemd. Det er fylkesskattekontoret i det fylket selskapet har sitt hovudkontor (i Oslo likningskontoret) som etter søknad avgjer om selskapet oppfyller vilkåra om ny verksemd, og registrerer selskapet, jf. selskapsskattelova § 4-6 nr. 1. Avgjerda til fylkesskattekontoret kan klagast til Skattedirektoratet.
Etter forskrift av 7. januar 1993 om overføring av skattytarar til sentral likning ved Sentralskattekontoret for storbedrifter kan også nystifta selskap overførast til sentral likning ved Sentralskattekontoret for storbedrifter. Dette er aktuelt dersom det nystifta selskap er dotterselskap til selskap som liknast sentralt. I slike tilfelle har Sentralskattekontoret for storbedrifter etter departementet sitt syn god føresetnad for å vurdere om det nystifta selskapet driv ny verksemd. Departementet gjer derfor framlegg om å endra selskapsskattelova § 4-6 slik at Sentralskattekontoret for storbedrifter vurderer om vilkåra etter selskapsskattelova § 4-1 nr. 2 er oppfylte og registrerer selskapet, i dei tilfella det nystifta selskap skal liknast sentralt. Etter departementet sitt framlegg skal avgjerda kunne klagast til Skattedirektoratet også i dei tilfella der den vert tatt av Sentralskattekontoret for storbedrifter.
Komiteens merknader
Komiteen slutter seg til proposisjonen.