2. Komiteens merknader
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren, Kristin Krohn Devold og Dag C Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Reidar Johansen, frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, og frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm, vil peike på at Noreg i 1888 innførde ein generell konsesjonsplikt for utanlandske enkeltpersonar og selskaps erverv av fast eigedom. I ettertid har vi hatt diverse endringar og tilpasningar av lova i takt med samfunnsutviklinga.
Komiteen vil peike på at dagens industrikonsesjonslov er slik at konsesjonsplikta kun er knytta til om kjøparen direkte eller indirekte ervervar fast eigedom. Det er i dag inga lov som på generelt grunnlag direkte regulerar overdraging av norske foretak. Industrikonsesjonslova som regulerar utanlandske kjøp av andelar i norske foretak med fast eigedom, har i store trekk vore uendra sidan den vart set i verk i 1917.
Endringar i norsk nærings- og samfunnsliv har vore store sidan 1917. Dagens lov vart utforma i første rekkje for å verne om utnytting av naturressurane.
Komiteen vil peike på at utanlandsk kapital spelte ei stor rolle for oppbygginga av Noreg etter krigen og for den vidare industrielle utviklinga. Noreg har gjennom etterkrigstida opplevd ein jamn økonomisk vekst. Som eit lite land er vi tradisjonelt avhengig av god kontakt med omverda. Dette avspeglar seg i eit stadig friare varebytte og auka internasjonal handel. I dag er omlag 30 % av aksjane som vert notert på Oslo Børs eigd av utlendingar.
Komiteen ber difor på denne bakgrunn nærings- og energiministeren om ei næringspolitisk utgreiing, som kan gje grunnlag for ein brei næringspolitisk diskusjon, der mellom anna problemstillinga knytta til eigarskap og kapitaltilgong i næringslivet ytterlegare vert drøfta.
Komiteens fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet, ser det lite teneleg at gjeldande lov ikkje er tilpassa dagens samfunnsforhold. Gjeldande reglar er i seg sjølv ingen garanti for gjennomføring av næringspolitiske målsetningar. Det er trong for at norsk næringsliv kjem på offensiven i dei næraste åra. Endra markedsforhold og konkurransevilkår gjev nye utfordringar. Nærings- og distriktspolitikken må gje bidrag til at det vert attraktivt å investere og produsere i Noreg.
Eit anna fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet, vil syne til at norsk næringsliv treng god tilgong på langsiktig investeringskapital for auka vekst og sysselsetting. Denne kapitalen må komme både frå innanlandske og utanlandske investorar.
Dei store norske bedriftene vil dessutan trenge eigarar som i tillegg til kapital kan tilføre industriell kompetanse, kunnskap, tilgong til marknader, verdikjeder og bedriftsnettverk.
Kapitalen er no stadig meir internasjonal og raskt flyttbar og svært følsom for endringar i rammevilkåra. Dette er ei sterk utfordring til utforminga av norsk næringspolitikk, slik at det sikrar stabilt eigarskap med ei hovudvekt på norske eigarar og investeringar i fastlands-Norge.
Komiteens fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Kristeleg Folkeparti og Framstegspartiet, meiner at Noreg ikkje i tilstrekkeleg grad har klart å trekke til seg utanlandske investeringar i fastlandsindustrien. Det er viktig at vi får auka interesse både frå norske og utanlandske investorer til å legge produksjonsverksemd her til lands.
Komiteens fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti, vil syne til at mange land det for Noreg er naturleg å samanlikne seg med, har reglar som tek sikte på å stille krav til eigarskapet i sitt næringsliv.
Fleirtalet ser det som viktig at vi har eit lovverk som gjer det mogeleg å ivareta nasjonale mål for den næringspolitiske utviklinga. Det er til dømes svært viktig å sikra seg mot utflytting og nedlegging av levedyktige bedrifter. Vi må difor ha reguleringsformer som tek sikte på å hindre « stripping » m.a. av eksisterande bedrifter eller flytting av produksjon og utstyr ved oppsplitting av konsern. Det er også av nasjonal interesse å halde oppe spesiell produksjonskunnskap og produksjonsmuligheiter og motverke oppkjøp som fører til at nasjonal « know how » og teknologi vert ført ut av landet. Det er like fullt viktig å bevare sterke forsknings- og utviklingsmiljø for oppnå vekst i vårt næringsliv.
Komiteens medlemmer frå Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti ser lovforslaget om erverv av næringsverksemd som eit godt verktøy for å take vare på dei interesser og trong som her er skissert,ved at det vert innført ei meldeplikt når oppkjøp skjer. Likefullt er det viktig at dei kriteriar og nivå som vert valgt vert sett i lys av den generelle situasjon norsk næringsliv er i til ei kvar tid.
Desse medlemene tykkjer det er rimelig balanse mellom dei ulike interessene i forslaget til lov om erverv av næringsverksemd. Lova vil gje styresmaktene høve til å gripe inn dersom det utviklar seg eigarstrukturar i den enkelte bedrift eller den enkelte sektor som til dømes gir sterk marknadsmakt og strategisk kontroll over konkurrenter. Etter lovutkastet er det kun dei erverv som kan ha negative konsekvensar for foretaket, bransjen eller samfunnet under eit, som skal settjast under nærare prøving. Desse medlemene ser på kriteria for nærare prøving som viktige for å få til ei balansert næringsutvikling i vårt land.
Desse medlemene vil peike på at det er viktig at arbeidstakarane får høve til å delta i prosessen ved eventuelle endra eigarforhold eller andre omstillingar ved føretaka. Slik lovutkastet er utforma tykkjest dette å vere ivareteke.
Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti meiner det er svært viktig å ha eit lovverk som kan gje nasjonale fortrinn for å sikre norsk eigarskap i næringslivet og for å sikre nasjonal kontroll med forvaltninga av dei rike naturressursane. Den offentlege styringa og overvåkinga har skapt grunnlag for velstand og jamn fordeling i Noreg. Desse medlemene viser til at gjeldande konsesjonslov gjev styresmaktene høve til å stille spesielle krav ut i frå samfunnsmessige omsyn til utanlandske eigarskap i landet sine naturressursar, i bedrifter, produksjonsanlegg, bankar, finansinstitusjonar, aksjeselskap og eigedomar.
Desse medlemene ynskjer å oppretthalde bestemmingane i lov av 14. desember 1917 nr. 16 , Om erverv av vannfall, bergverk og annen fast eiendom m.v., og vil fremje forslag om det:
« Lov av 14. desember 1917 nr. 16 , Om erverv av vannfall, bergverk og annen fast eiendom m.v., endres ikke. »
Desse medlemene reknar med at det ikkje vert fleirtal for dette forslaget, og vil sekundært støtte Regjeringa sitt forslag til ny lov med dei endringane som desse medlemene foreslår i denne innstillinga.
Desse medlemene viser til at den norske regjeringa i EØS-forhandlingane gav opp kravet om å kunne få halde fram den delen av norsk konsesjonslovgjeving der ein kan stille spesielle krav til utanlandske eigarar av norske bedrifter, av omsyn til nasjonale interesser. EØS-avtala krev at konsesjonslovgjevinga må gjerast ikkje-diskriminerande, og at det såleis ikkje lenger kan gjevast nasjonale fortrinn. Desse medlemene viser til at dette var ein av grunnane til at desse partia gjekk imot EØS-avtala. Desse medlemene viser til sine merknader i Innst.S.nr.248 (1991-1992).
Desse medlemene meiner EØS-avtalen viser kva styringsproblem Noreg står overfor ved si tilknyting til det indre marked i EU. Desse medlemene vil også peike på at eigarskap er ein veldig viktig styringsreiskap i ein deregulert økonomi som den norske, og at behovet for ei sterk konsesjonlov med det er stort. Etter desse medlemene sitt syn er dette ein av grunnane til at EØS-avtala svekkar grunnlaget for å skapa full sysselsetjing.
Desse medlemene viser til at dei konsesjonslovene Noreg har, gjev norske styresmakter høve til å setje vilkår for utanlandske eigarar for å sikre norske interesser. Konsesjonsplikta i seg sjølv har ført til ei avsiling av søknader. Å kunne setje vilkår for konsesjonar er ein viktig reiskap.
Desse medlemene kan ikkje sjå at det i dag føreligg saklege grunnar for å svekke dei nasjonale styringsreiskapane som konsesjonslovene har vore. Desse medlemene meiner desse lovene er like viktige i dag som dei var da dei vart oppretta.
Desse medlemene viser til at forslaget om lov om erverv av næringsvirksomhet vil erstatte industrikonsesjonslova sine reglar om utlendingar sine direkte og indirekte erverv av fast eigedom. Desse medlemene meiner at dette lovforslaget betyr ei svekking av moglegheitene for å sikre norsk eigarskap i næringslivet, og såleis er eit dårlegare alternativ for norske interesser, arbeidsplassar og utvikling av næringslivet. Lovforslaget tek ikkje i vare nasjonale interesser på ein tilfredsstillande måte.
Desse medlemene meiner at norsk eigarskap er viktig for å unngå « stripping » av norske bedrifter i form av nedleggjing eller flytting av norske verksemder, oppsplitting av konsern eller tapping av FoU. Dessutan kan oppkjøp av norske bedrifter gje uheldig markedsmakt og strategisk kontroll, og kan føre til blottleggjing av grunnleggjande kunnskap og teknologi. Desse medlemene vil også understreke kor viktig det er å sikre nærleik mellom eigarar og dei tilsette, noko som også lettast blir sikra ved at eigarane er norske.
Desse medlemene understrekar dessutan at rettane til varemerke ofte kan vera avgjerande for oppkjøp av bedrifter. Dette kan medføre at produksjon av merkevarer vert flytte til produksjonsanlegg utanfor Noreg, medan andre, mindre lønsame delar av produksjonen blir overført til dei norske anlegga. Desse medlemene viser i samband med dette til konsesjonsvilkåra som vart sette ved Phillip Morris sitt kjøp av aksjar i Freia Marabou og for dei produksjonsendringane som har skjedd i ettertid.
Desse medlemene viser til at dei siste åra har ein hatt fleire døme på at Regjeringa har tillete at utanlandske interesser har kjøpt opp norske verksemder, og der det har vore stor debatt kring dei konsesjonsvilkåra som er blitt stilt og om konsesjonvilkåra er blitt fylgde. Det er fleire døme på at utanlandskeigde bedrifter i Noreg er blitt nedlagt, og mange arbeidsplassar er gått tapt. Også verksemder som har gått med overskot og som har gjeve positive bidrag til moderselskapa sin økonomi, er vorte avvikla. Døme på dette er Viking Askim, Autronica og Nordiskafilt A/S.
Desse medlemene viser til at det frå ulike miljø blir understreka kor viktig det er å sikre norsk eigarskap i næringslivet. M.a. kjem dette fram i « Rapport 1 fra Arbeidsgruppen for Kapital og eierskap i norsk næringsliv », utgjeve av Arbeidsutvalget for Forum for verdiskaping. På s. 3 i denne rapporten heiter det:
« Den form for utenlandsk eierskap vi frykter, er tilknytning til større internasjonale konsern, som legger begrensninger på utviklingsmuligheter i Norge og som overfører de økonomiske verdier som skapes i Norge til andre regioner for reinvestering og utvikling. Vi frykter også utenlandske « raidere » som kan overta underprisede, norske foretak, splitte dem opp, forgjelde dem og forlate dem. Når langsiktige, overordnede målsettinger blir trukket opp fra hovedkontorer i utlandet, vil prioriteringer og problemstillinger bli helt annerledes, enn om de samme betraktninger gjøres i Norge. Hovedkontorer lokalisert i utlandet, vil trekke til seg mennesker og miljøer som vi gjerne ville hatt lokalisert i Norge. » |
Desse medlemene viser til at LO, NHO og andre sentrale aktørar innanfor arbeidslivet også har understreka kor viktig det er å oppretthalde norsk eigarskap i næringslivet. Det blir m.a. gjeve uttrykk for at tilhøyring til eigarskapet i stor utstrekning er avgjerande for kva verdigrunnlag ei verksemd vil vera bygd på. Dette vil ha stor verdi når den enkelte bedrift står overfor viktige vegval. Det blir også peika på at det er uheldig at styresmaktene ikkje har nokon eigarstrategi overfor næringslivet.
Desse medlemene viser til at den 28. november 1994 sa eit fleirtal av folket nei til norsk medlemskap i EU, noko som er positivt for å sikre ein del nasjonale interesser og politisk styring, m.a. overfor næringslivet.
Desse medlemene viser vidare til at Noreg har ein høg andel av utanlandsk eigarskap. Frå 1985 til 1992 auka utlendingars eigarandel av selskapa på Oslo Børs frå 15 til 29 %. Norges Bank opplyser i si pressemelding av 2. november 1994 at utanlandske investeringar i Noreg auka med 7,8 mrd. kroner i løpet av 1993. Desse medlemene stiller seg derfor skeptisk til at ein liberalisering av adgangen til bedriftserverv er nødvendig for å sikre tilgang på langsiktig kapital.
Desse medlemene viser til at norsk næringsliv treng stadig tilførsel av kapital for vidareutvikling og etablering av nye arbeidsplassar og for å sikre eksisterande arbeidsplassar. Desse medlemene understrekar at dette må vera langsiktig motiverte plasseringar, om kapitaltilførselen skal gje arbeidsplassar og auka soliditet for bedriftene.
Desse medlemene viser videre til at mange av dei største norske foretaka heilt eller delvis er statseigde. Desse medlemene mener dette gjev eit særleg godt grunnlag for langsiktigheit og stabilitet.
Desse medlemene vil peike på at måla om å halde oppe styringsmekanismer, som kan hjelpe til å sikre norske eigarinteresser i næringslivet, ikkje betyr at vi avviser utanlandsk kapital i norsk næringsliv. Utanlandsk kapital har spela ei viktig rolle i utviklinga av vårt næringsliv og vil framleis gjera det. Men desse medlemene meiner ein må unngå at nasjonalt eigarskap må vike på grunn av utanlandsk oppkjøp av norsk industri. Desse medlemene meiner at utanlandsk kapital skal brukast til å sikre og byggje ut nasjonal industri, og for å tryggje lokalsamfunn og allmenne samfunnsinteresser i vid meining.
Desse medlemene meiner at Regjeringa manglar ein strategi for norsk eigarskap i næringslivet, og fremjar på bakgrunn av det fylgjande forslag:
« Stortinget ber Regjeringa om å leggje fram ei stortingsmelding med ein samla strategi for å sikre norsk eigarskap i næringslivet. »
Desse medlemene meiner at formålet med loven ikkje kjem klårt nok fram i Regjeringa sitt forslag, og vil med bakgrunn i dei synspunkt det er gjeve uttrykk for i merknadene fremja fylgjande forslag:
§ 1 Formålet med loven, skal lyde:
« Denne lov har som formål å medvirke til at nasjonale og samfunnsmessige hensyn blir ivaretatt ved eierskap i norske bedrifter. »
Desse medlemene meiner at det framlagte lovforslaget på fleire område er for generelt. Det er t.d. uklårt kva som skal til for at Regjeringa skal gripe inn ved sal av ei bedrift og det er uklårt kva slags tiltak som vil bli sett i verk dersom dei nye eigarane ikkje oppfyller dei vilkåra som er sette ved godkjenning for overtaking. Lovforslaget er ikkje klårt nok i å definere kva typer oppkjøp av norske bedrifter som er uheldig. Desse medlemene meiner at det burde koma klårare fram at ein må unngå at norske verksemder blir utsette for tapping av ressursar, nedleggjing eller flytting, oppsplitting av konsern og tapping av FoU. Det må dessutan koma klårare fram at ein må unngå uheldig marknadsmakt, strategisk kontroll og blottleggjing av grunnleggjande kunnskap og teknologi ved oppkjøp av norske bedrifter til utanlandske eigarar. Desse medlemene meiner at viktigheita av nærleik mellom eigarar og dei tilsette også må vektleggjast sterkare enn det lovforslaget gjer.
Desse medlemene meiner desse forholda må innarbeidast i lovteksten, og fremjar på denne bakgrunn fylgjande framlegg:
§ 13 Når nærmere prøving skal finne sted, skal lyde:
« Når ervervet har vesentlige negative virkninger for foretaket, bransjen eller samfunnet for øvrig, herunder sysselsettingsmessige virkninger, kan departementet undergi ervervet nærmere prøving. Med vesentlig negative virkninger forstås:
- | «nedleggelse eller flytting av produksjon og utstyr, ved oppsplitting innen konsernet og ved tapping av norske FoU-miljøer. |
- | Oppkjøp og flytting av norske virksomheter som følge av ønsker om markedsmakt og strategisk kontroll over konkurrenter. |
- | Oppkjøp som fører til blottleggelse av nasjonal know-how og teknologi.» |
§ 16 Godkjenning av erverv, skal lyde:
«Departementet kan godkjenne et erverv som er undergitt nærmere prøving.
Når godkjenning ikke gis, kan departementet pålegge erververen å avhende de eierandeler eller aktiva som det meldepliktige ervervet omhandlet, innen en nærmere fastsatt frist.»
§ 17 Vilkår, skal lyde:
«Departementet kan ved godkjenning av ervervet sette vilkår. Disse vilkårene kan knyttes både til erververen og til den virksomhet som helt eller delvis er gjenstand for den meldepliktige overdragelsen.
Departementet kan ved godkjenning av ervervet sette vilkår for å forhindre:
- | nedleggelse eller flytting av virksomhet eller deler av denne uten at det er saklig begrunnet i det ervervede foretaks forhold, eller |
- | at erververen skaffer seg kunnskap om tekniske, produksjonsmessige eller forretningsmessige forhold som det vil være av betydning å hemmeligholde for det ervervede foretak eller samfunnet for øvrig.» |
Desse medlemene meiner at forslaget til lovtekst ikkje tek i vare dei tilsette sine behov for konsernfagleg samarbeid, og foreslår derfor fylgjande:
§ 17 Vilkår, siste ledd skal lyde:
« Dersom erverver er et foretak, og foretaket eller et selskap som direkte eller indirekte eier mer enn halvdelen av eierandelene i foretaket, har omfattende næringsvirksomhet i mer enn ett land, skal det settes vilkår om nasjonalt og grenseoverskridende konsernfaglig samarbeid. »
Desse medlemene meiner loven burde gjeve dei tilsette større innflytelse ved eventuell konsesjon. Regjeringa foreslår at ervervaren pliktar å gjere dei tilsette kjent med ervervet. Dette er ikkje tilstrekkeleg for å gje dei tilsette faktisk innflytelse ved ein eventuell eigarovertakelse.
Desse medlemene fremjar på bakgrunn av dette fylgjande forslag:
§ 12 Informasjonsplikt, skal lyde:
« Erververen har drøftings- og forhandlingsplikt med de ansatte. Erververen plikter å gjennomføre disse forhandlingene så tidlig som mulig, og senest før melding sendes. Myndighetene plikter å tillegge de ansattes uttalelse vesentlig betydning. »
Desse medlemene viser til at det blir foreslege at meldeplikta skal gjelde for bedrifter med minst 50 tilsette og med ei omsetjing på 50 millionar i året. Desse medlemene viser til at mange verksemder med færre tilsette og lågare omsetjing enn dette har stor betydning i sine lokalsamfunn og kan ha stor interesse for utanlandske eigarinteresser. Ut i frå dette meiner desse medlemene at grensene for meldeplikt bør vera ved 30 tilsette eller med ei omsetjing på 30 mill. kroner pr. år, eller dersom foretaket har motteke offentleg støtte til FoU på over 3 mill. kroner i løpet av dei siste åtte år.
Desse medlemene fremjar med dette fylgjande forslag:
§ 4 Hvilke erverv skal meldes, skal lyde:
« Ved erverv av eierandeler i et norsk foretak i et slikt antall at erververen dermed blir innehaver av mer enn en femdel eller minst en halvdel eller minst to tredjedeler av samtlige eierandeler eller av stemmeberettigede eierandeler, skal erverver sende melding til departementet dersom:
1. foretaket har:
a) | Over 30 ansatte, eller |
b) | en omsetning siste år på over 30 mill. kroner, eller |
c) | mottatt offentlig støtte til forskning og utvikling på over 3 mill. kroner til minst ett enkelt prosjekt i løpet av de siste 8 år.» |
Desse medlemene viser til at denne lova vil føre til eit auka byråkrati og skjemavelde for bedrifter med norske kjøparar, fordi desse på grunn av EØS-bestemmingane også må bli omfatta av meldepliktsystemet. Desse medlemene ser det uheldige i dette, i ei tid der det er ei stor utfordring å fremje nyskaping i næringslivet og leggje til rette for at det skal bli enklare å vera arbeidsgjevar.
Desse medlemene viser til at det er uheldig at forslaget til lov om erverv av næringsvirksomhet opnar for at fleire utanlandske eigarar einskildvis kan kjøpe aksjer og med det samla gå over desse tersklane og unngår meldeplikta.
Desse medlemene viser til at i forslaget til lov om erverv av næringsvirksomhet heiter det at dersom departementet har grunn til å tru av oppkjøpet kan ha vesentlege negative verknader for foretaket, bransjen eller samfunnet elles, kan ervervet undergjevast nærare prøving. I desse tilfella vil dei tilsette, kommunen og fylkeskommunen der foretaket ligg, bli gjeve høve til å uttale seg til departementet. Desse medlemene meiner at dei tilsette, kommunen og fylkeskommunen må få uttale seg i alle tilfelle dersom dei sjølve finn grunn til det, uavhengig av vurderingar som departementet gjer. Dette må skje rutinemessig.
Desse medlemene fremjar med dette fylgjande forslag:
§ 11 Uttalelsesrett, skal lyde:
« De ansatte samt kommunen og fylkeskommunen hvor foretaket ligger, har rett til å uttale seg om ervervet til departementet mens meldingen er til behandling.
Eventuell uttalelse fra de ansatte, kommunen og fylkeskommunen, må være departementet i hende før utløpet av frist som nevnt i § 10 første ledd.
§ 10 Behandlingen av meldingen, 3. ledd, skal lyde:
Dersom de ansatte, kommunen eller fylkeskommunen avgir uttalelse i henhold til § 11, forlenges departementets behandlingsfrist med 14 dager. »
Desse medlemene vil peike på at meldepliktforslaget ikkje representerer noko nytt. Den same meldeplikta gjeld i dag gjennom EØS-reglane for aksjekjøp via børs. Her er faktisk meldeplikta meir omfattande enn det Regjeringa legg opp til i Ot.prp. nr. 88.
Desse medlemene er ikkje einig med Regjeringa i at dagens lov er lite anvendeleg. Etter desse medlemene sitt syn er ikkje problemet innhaldet i lova, men manglande politisk vilje til å bruke den.
Komiteen sin medlem frå Sosialistisk Venstreparti meiner sanksjonsdelen er for svak, tvangsmulkt er neppe nok for å hindre utflagging, og tilbaketrekking av konsesjon har så vidt dette medlem kjenner til ikkje forekome i nyare tid. På bakgrunn av dette fremjar dette medlem fylgjande forslag:
« Stortinget ber Regjeringa vurdere å innføre eit sikringsfond som kan gripe inn mot eventuell utflagging, nedlegging eller uønska oppkjøp. »
Ei slik vurdering kan gjerast i samband med ei næringspolitisk redegjering og/eller i ei stortingsmelding om ein samla strategi for å sikra norsk eigarskap i næringslivet.
Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet legger stor vekt på de utfordringer Norge står overfor knyttet til å være et interessant investeringsområde for såvel norske som utenlandske investorer. Særlig i en situasjon hvor Norge står utenfor EU øker behovet for tiltak som gjør landet mer interessant som investeringsområde - ikke tiltak som vil legge ytterligere hindre i veien.
Disse medlemmer mener det fremlagte lovutkast gir økt byråkrati og mindre fleksibilitet for norske bedrifter. Den fremlagte loven vil gjøre det vanskeligere for en rekke bedrifter å foreta tilpasninger for å øke konkurranseevnen og verdiskapningen og innebærer i realiteten, bl.a. gjennom fagforeningenes klagerett til departementet, en klar svekkelse av bedriftseiernes eiendomsrett til egen bedrift.
Disse medlemmer tar avstand fra en utvikling hvor politikere og fagforeninger tilriver seg ytterligere makt på bekostning av eierne av norske bedrifter. Disse medlemmer ønsker et næringsliv hvor eierne tar flere avgjørelser og politikerne færre enn i dag.
Disse medlemmer erkjenner at en forutsetning for norsk eierskap er at det finnes private eiere som gjøres i stand til å sette sparepenger inn i norske aksjer og norske arbeidsplasser, små som store bedrifter.
Dette representerer et fundamentalt annerledes grunnsyn enn de partier som mener den eneste måten å sikre norsk eierskap på er størst mulig statlig eierskap eller lover som skal hindre utenlandsk eierskap. Dette resulterer over tid i at det næringsliv som finnes tilbake i Norge naturlig nok er norsk, men avhengig av statlige midler for å sikre det man kaller samfunnsmessig styring. En slik skjerming av konkurransen og kapitalen vil etter disse medlemmers syn føre til dårligere og dyrere produkter og tjenester for norske bedrifter og forbrukere.
Disse medlemmer mener at det omfattende statlige eierskapet i norsk næringsliv er lite ønskelig ut fra et mål om maktspredning og uavhengighet. En slik utvikling er i strid med en ideologi som legger til grunn av statens makt skal være begrenset, og konsentrert om kjerneoppgavene. Disse medlemmer mener at den beste måten å sikre norske eiermiljøer og den kompetanse som følger med dette, er å gjøre det lettere å akkumulere kapital f.eks. gjennom investeringer i norsk industri. Disse medlemmer viser til behovet for å stimulere til økt norsk eierskap gjennom å stimulere folkekapitalismen. Disse medlemmer vil også vise til at en økning i formuesskatten slik Stortingets flertall har gjennomført i statsbudsjettet både for 1994 og 1995, virker stikk i strid med målet om å sikre norsk eierskap.
Et hovedproblem i norsk økonomi i dag er at investeringsnivået i Fastlands-Norge er for lavt. Disse medlemmer stiller seg derfor uforstående til at Norge skal etablere en lovgivning som gjør det vanskeligere å kanalisere kapital fra private kilder til næringslivet.
Disse medlemmer mener mye av den offentlige debatt omkring utenlandske eieres kjøp og nedleggelser av norske virksomheter har blitt for mye og tildels skjevt fokusert. Adgangen til utenlandske investeringer i Norge har i hovedsak vært en vitamininnsprøytning for norske bedrifter, og utenlandske investeringer i Norge har gitt norsk næringsliv langt flere fordeler enn ulemper. Utenlandske eiere vil som et supplement til norske eiere bl.a. bringe med seg kunnskaper om omstilling, utvikling og internasjonalisering.
Disse medlemmer understreker at den viktigste forutsetningen for store privateide bedrifter under norsk kontroll er at norske investorer møter vilje til positiv tilrettelegging fra myndighetens side, f.eks. gjennom følgende tiltak:
- | redusert investeringsavgift |
- | redusert formuesskatt |
- | økt egenkapital til næringslivet gjennom en utvidelse av AMS-ordningen og økt fradrag for egen pensjonssparing |
- | tiltak for å hindre handelslekkasje, bl.a. gjennom reduserte avgifter. |
Dette er nødvendig for å styrke norske eiermiljøer og stimulere til langsiktige investeringer.
Debatten om eierstrukturen i norsk forretningsbankvesen, samt statsbankenes rolle, er også viktig å trekke inn i en slik sammenheng. Disse medlemmer vil påpeke at utviklingen i 1994 ytterligere har bekreftet ønskeligheten av å kanalisere mest mulig av kreditten gjennom ordinære kredittinstitusjoner. Disse medlemmer finner det uheldig at staten gjennom statsbankene tiltrekker seg en meget stor andel av utlånsmarkedet og på den måten undergraver det ordinære kredittmarked, bl.a. ordinære spare- og forretningsbanker og kredittforetak. Disse medlemmer påpeker at dette også gir uheldige utslag for bedrifter og folk flest, som er avhengig av de ordinære kredittinstitusjonene. Disse vil få en skjevere sammensetning av sine utlån og et svakere økonomisk grunnlag for sin drift på grunn av statsbankenes omfang.
Disse medlemmer understreker behovet for en grundig utredning knyttet til behovet for såvel norsk som internasjonalt privat eierskap i norsk næringsliv, og forslag til hvordan dette kan stimuleres fremfor hemmes. Det fremlagte lovutkast har ikke grepet fatt i det som er de reelle hovedproblemene for norsk næringsliv i dag. Disse medlemmer er kjent med at en slik gjennomgang foretas bl.a. i regi av Norsk Investorforum.
Disse medlemmer mener utviklingen i Europa fører til at Norge er best tjent med et fritt kapitalmarked. Begrensninger i eiendomsretten og reguleringer av kapitalstrømmene vil føre til inntørking av kapitaltilførselen til norsk næringsliv og dermed være en betydelig trussel mot norske arbeidsplasser.
Erfaringene viser dessuten at bruken av konsesjonsbegrensninger har vært et lite egnet virkemiddel for å sikre privat norsk eierskap. For eksempel ble utenlandsk overtagelse av Freia A/S gjennomført med dagens konsesjonslov, fordi det ville vært uheldig både for Freias utvikling og for norske forbrukere dersom norske kapitalinteresser skulle overtatt bedriften til en kunstig lav pris.
Disse medlemmer mener eksisterende lover som konkurranseloven, arbeidsmiljøloven, aksjeloven og den alminnelige selskapsloven bør være tilstrekkelig til å sikre næringspolitiske styringsformål.
Den foreslåtte loven påfører norsk næringsliv nye byrder, gir manglende forutberegnelighet, demper investeringslysten og øker prisen på tiltrengt kapital.
Disse medlemmer understreker behovet for at Regjeringen fremmer forslag om positive virkemidler for å sikre privat norsk eierskap. Det bør videre legges vekt på å gjøre Norge til et attraktivt investeringsområde for utenlandsk kapital for å sikre norske arbeidsplasser, fremfor å iverksette tiltak som kan bidra til redusere norsk næringslivs kapitaltilgang.
Disse medlemmer viser bl.a. til sine respektive partiers forslag for å styrke norsk næringslivs rammebetingelser i tilknytning til B.innst.S.nr.I (1994-1995) og arbeidet med salderingen av statsbudsjettet for 1995.
Disse medlemmer mener på denne bakgrunn at det fremlagt lovutkastet bør avvises, og dagens industrikonsesjonslov inntil videre tilpasses EØS-avtalen ved at uttrykket « norske borgere » erstattes med « EØS-borgere » slik at de diskriminerende bestemmelsene i denne loven bortfaller.
Disse medlemmer fremmer således følgende forslag:
« §§ 19, 20, 20 a) og 21 (kap. III) i lov av 14. desember 1917 nr. 16 om erverv av vannfall, bergverk og annen fast eiendom m.v. oppheves ikke. Følgende endringer gjøres i disse bestemmelsene:
§ 19 første ledd
Uten konsesjon kan ingen andre enn staten, norske kommuner og fylkeskommuner, norske statsborgere, statsborgere i stater som er part i EØS-avtalen når de er bosatt i en slik stat, og foretak hjemmehørende i en stat som er part i EØS-avtalen med full rettsvirkning erverve eiendomsrett eller bruksrett til fast eiendom.
§ 20 annet ledd
Ved meddelelse av konsesjon og fastsettelse av vilkår skal følgende grunnregler iakttas:
1. | Konsesjonen gis til bestemt person, selskap, korporasjon eller stiftelse. Selskaper skal tilpliktes å føre en fortegnelse over samtlige deltakere med angivelse av deres statsborgerskap, eventuelt sete. |
2. | Det kan i konsesjonen bestemmes at eiendommen ikke uten samtykke av vedkommende departement skal benyttes til andre formål eller annen virksomhet enn fastsatt. |
3. | Konsesjonen kan gis på begrenset tid eller uten tidsbegrensning. |
4. | Det er adgang til i konsesjonen å oppstille ytterligere vilkår, som i det enkelte tilfelle måtte finnes påkrevet av allmenne hensyn, eller til varetakelse av private interesser som blir skadelidende. |
Konsesjonæren plikter å underkaste seg den kontroll med overholdelsen av de oppstilte vilkår som vedkommende departement finner nødvendig. »
For øvrig må de øvrige endringene i lov av 14. desember 1917 nr. 16 om erverv av vannfall, bergverk og annen fast eiendom som er foreslått i Ot.prp. nr. 88 (1993-1994) opprettholdes.
Medlemen i komiteen for Kristeleg Folkeparti syner til at godkjenninga av EØS-avtalen gjorde det naudsynt å endre gjeldande konsesjonslov og ta bort diskriminerande bestemmelsar i høve til utanlandske statsborgarar. Denne medlemen syner til at fleire industriverksemder er kjøpt opp dei seinare åra, noko som har medført debatt om utforminga av gjeldande industrikonsesjonsreglar og bruken av dei var god nok. Og fleire døme: Viking Askim, Autronica og Freia Marabou, syner at reglane og praksis understreka trongen for revisjon også før EØS-avtalen gjorde det naudsynt.
Denne medlemen vil understreka at utforminga av hensiktsmessige konsesjonsreglar er ein balansegang mellom omsynet til å byggje eit vern mot lettvint oppkjøp av teknologi som kan medføre tapte arbeidsplassar og tapt verdiskaping på den eine sida og å unngå at reglane vert så restriktive at investorar held seg borte på den andre sida. Denne medlemen legg vekt på at det er positive verkemiddel som er viktig for å sikre stabilt eigarskap og medverka til auka sysselsetting. Og denne medlemen meiner norsk skattlegging i dag er gunstig for utanlandske investorar, og med eit unikt ressursgrunnlag og stabile politiske tilhøve skulle forholda ligge til rette for god utvikling av næringslivet. Denne medlemen meiner at dei føreslegne konsesjonsreglane i lov om erverv kan vera eit tenleg verkemiddel, dersom dei vert rett nytta, til å få ta i bruk den teknologi næringslivet har og også ei betre utnytting av ressursgrunnlaget.
Denne medlemen vil og peike på at bruken av norske konkurransereglar ikkje må vera til hinder for fornuftige fusjonar som kan gje einingar med god internasjonal slagkraft. Den auka internasjonale konkurransen vil til ein viss grad kreve nyorientering og trong for ei rad uavhengige norske verksemder på ulike område. Denne medlemen meiner Konkurransedirektoratet bør merke seg dette. Denne medlemen syner til at den nye GATT-avtalen også vil ha konsekvensar for internasjonale konkurranse- og konsesjonsreglar.
Denne medlemen syner til at EØS-avtalen gjennom 1994 har virka positivt for næringslivet og meiner denne avtalen gjev eit godt grunnlag for å styrke næringslivet og skape vekst og auka sysselsetting.
Denne medlemen ser på norsk eigarskap som viktig også ut frå nærleik, kunnskap og tradisjon om utviklinga av næringslivet i Noreg.
Denne medlemen syner til at dette lovframlegget ikkje omhandlar energi- og petroleumssektoren. Eventuelle konsekvensar av energi- og petroleumsdirektiv skal handsamast særskilt og Noreg har etter EØS-avtalen høve til å vurdere konsekvensane før eventuell avvising eller aksept.
Denne medlemen meiner at også dei store statseigde selskapa framleis må ha høve til å utvikle seg internasjonalt, og vil av den grunn ha trong for tilførsel av kapital.
Denne medlemen vil be departementet ved utarbeiding av regelverket til § 3 å skilje omgrepa; gåve og arv eller skifte, frå dei andre omgrepa som vert definerte som erverv.
Denne medlemen meiner § 16 kunne vore meir presist utforma og vil be departementet ved utforming av regelverket å få klargjort omgrepet « allmenne hensyn ».
Denne medlemen har merka seg at også § 17 har tilsvarande formulering og meiner departementet gjennom forskriftene må få fram kriterium som skal leggjast til grunn.