Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1. Innledning

       Til Odelstinget.

       Av den grunn at Ot.prp. nr. 99 (1992-1993) ikkje vart handsama av det førre Storting, og lovproposisjonar som ikkje er handsama ferdig ei ein valperiode, må fremjast på ny, legg Kulturdepartementet i Ot.prp. nr. 29 på ny fram forslag om endringar i kringkastingslova.

       Det vert fremja forslag til permanente reglar om sanksjonar ved brot på kringkastingslova, m.a. ved brot på reglane om reklame og sponsing i kringkasting. Ein føreset at forslaga vert innarbeidde som endringar i kringkastingslova av 4. desember 1992 nr. 127 og skal avløysa mellombels lov av 2. april 1993.

       Den mellombelse lova av 2. april 1993 seier at selskap som gong på gong bryt reglane kan bli nekta å sende reklame i ein periode på ein dag eller meir, og at den som driv anlegg for kringkasting eller nærkringkasting har plikt til å stansa sending for selskap som ikkje har konsesjon. Lova inneheld også ei presisering av at konsesjonen, ved mange og grove brot på reglane, kan inndragast for alltid eller for ein tidsavgrensa periode.

       Sanksjonssystemet vart monaleg betra ved den mellombelse lova. Den byggjer på eit treledda system med åtvaring først, deretter høve til å leggje ned forbod mot å sende reklame i ein periode på ein dag eller meir ved fleire brot. Ved endå fleire og grove brot på reklamelovgjevinga, eller ved å la vere å etterkoma slikt forbod om å sende reklame, kan selskapet missa konsesjonen. Inndraginga kan gjerast tidsavgrensa.

       Regjeringa varsla allereie i proposisjonen om den mellombelse lova at ein ville koma attende med framlegg til permanente reglar. Det vart m.a. streka under at det var trong for å sjå på føresetnadene for å innføra økonomiske sanksjonsmiddel i form av administrativt fastsette gebyr ved brot på reglane eller liknande.

       I samband med arbeidet med denne proposisjonen har departementet lagt fram ulike alternative sanksjonar, men finn ikkje å kunna fremja forslag om slike sanksjonar. Det er fordi det er reist tvil om slike sanksjonar samsvarar med føresegnene i Grunnlova § 96 om at ikkje nokon skal straffast utan ved dom. Det einaste alternativet som ikkje vil skapa tvil i høve til Grunnlova, førelegg om gebyr for lovbrot, (sjå Ot.prp. nr. 89 (1992-1993) side 16) vil etter departementet si meining vere ei ineffektiv ordning som ein av den grunn ikkje vil gå inn for.

       Lovforslaget avgrensar seg difor til at føresegnene om sanksjon i den mellombelse lova skal halda fram. For å få til eit effektivt og fleksibelt system vert det gjort framlegg om somme endringar i høve til føresegnene i den mellombelse lova. Det gjeld t.d. at fleire av sanksjonsmidla skal gjelda generelt, og det er da gjort ein del redaksjonelle endringar i høve til ordlyden i den mellombelse lova.

       Straffeføresegnene i kringkastingslova av 4. desember 1992 gjeld ikkje ved brot på føresegnene om reklame, sponsing m.v. i kap. 3 i lova. Også slike lovbrot kan vere av alvorleg karakter. Departementet finn difor grunn til å utvida verkeområda for straffeføresegna til også å femna om kap. 3. Brot på den nogjeldande lova om kabelsendingar kan sanksjonerast med straff. Ved å ta med denne lova i den nye kringkastingslova av 4. desember 1992 vart straffesanksjonen ved ein inkurie ikkje teken med. Departementet føreslår difor at straffeføresegna også skal omfatta kap. 4.