Vedlegg 2
I St.prp. nr. 1 (2008-2009) er bruk av bompengar til drift av kollektivtransport i Oslopakke 3 omtalt på s. 97.
Det lokale forslaget til Oslopakke 3 har ei økonomisk ramme på 53,4 mrd. 2006-kr og er føresett gjennomført over ein 20-årsperiode frå 1. januar 2008. Det er lagt opp til at det skal nyttast om lag 20,5 mrd. kr til kollektivtrafikktiltak innafor den samla ramma for Oslopakke 3, dvs. nærare 40 pst. Av dette er det foreslått om lag 10,8 mrd. kr (dvs. om lag 20 pst. av pakka), til "økt tilskudd kollektivtransport" fordelt med 7,8 mrd. kr til drift av trikk, buss og T-bane i Oslo og Akershus og 3,0 mrd. kr til infrastruktur og materiell for T-bane og trikk i Oslo. På årsbasis inneber det lokale forslaget til Oslopakke 3 vel 1 mrd. kr til kollektivtrafikktiltak totalt, der om lag 540 mill. kr skal nyttast til "økt tilskudd kollektivtransport". Av desse er 390 mill. kr føresett til drift av tilbodsbetringar.
Som det går fram av St.prp. nr. 1 (2008-2009) er det foreslått til saman om lag 1 590 mill. kr til kollektivtrafikktiltak i Oslo og Akershus i 2009, inkl. tilskot til driftstiltak. Det er foreslått 290 mill kr til driftstiltak, dvs. 100 mill. kr mindre enn det er lagt opp til i det lokale forslaget for Oslopakke 3. Som det óg går fram av St.prp. nr. 1 (2008-2009), vart det føresett at Statens vegvesen skulle ta initiativ overfor Oslo og Akershus til ei avklaring om korleis den totale løyvinga på 1 590 mill. kr skal prioriterast.
Statens vegvesen har teke initiativ til ei nærare avklaring av prioriteringane av bompengar til kollektivtiltak i Oslo og Akershus. Saka har vore drøfta i kontaktgruppa for Oslopakke 3. Denne kontaktgruppa består av fylkesordførar Nils Age Jegstad, byråd for samferdsel Peter N. Myhre og vegdirektør Terje Moe Gustavsen.
Oslo og Akershus er opptekne av at alle partar som står bak det lokale forslaget til Oslopakke 3 kjenner seg igjen i budsjettforslaget for 2009. Det vert derfor foreslått å overføre 100 mill. kr frå investeringsmidlar til Kolsåsbana til drift av kollektivtransporten i 2009. Dersom det på grunn av framdrift for arbeida på Kolsåsbana skulle bli behov for midlar til Kolsåsbana, er det gjennom Oslopakke 3 trinn 1 opna for at det kan takast opp mellombelse lån.
Oslo kommune, Akershus fylkeskommune og Statens vegvesen er etter dette samde om at den foreslåtte ramma på om lag 1590 mill. 2009-kr til kollektivtrafikktiltak i Oslo og Akershus i St.prp. nr. 1 (2008-2009) vert disponert slik:
Mill. 2009-kr | |
Tilskot til kollektivtransport i Oslo og Akershus: | |
Bompengar til driftstiltak i Oslo og Akershus | 390 |
Bompengar til re-investeringar på T-banen i Oslo | 150 |
Sum | 540 |
Akershus (statlege midlar og anna finansiering): | |
Kolsåsbana | 290 |
Knutepunkt og framkommelegheit | 118,5 |
Sum | 408,5 |
Oslo (statlege midlar og anna finansiering): | |
Kolsåsbana | 202 |
Tiltak på T-banen (stasjoner, tilgjengelegheit, tryggleik, hastigheit, fellestunnelen) | 171 |
Knutepunkt og framkommelegheit | 267 |
Sum | 640 |
Sum statlige midlar og anna finansiering til kollektivtransport | 1588,5 |
Eg føreset at Oslo og Akershus som eigarar av Ruter AS stiller krav om at driftsmidlane vert nytta i høve til intensjonane i veglova § 27 og Oslopakke 3 trinn 1, jf Ot.prp. nr. 15 (2007-2008) og St.prp. nr. 40 (2007-2008). Bompengar til drift av kollektivtransport skal i følgje veglova sine reglar om bruk av bompengar til kollektivtransport, vere eit supplement til den ordinære innsatsen over offentlege budsjett og gi ei reell styrking av kollektivtilbodet i tråd med måla for dei aktuelle bompengepakkene.