Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Innleiing

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Alf E. Jakobsen, Rolf Terje Klungland, Torgeir Micaelsen, leiaren Reidar Sandal, Eirin Kristin Sund og Marianne Aasen, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Ulf Leirstein, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, frå Høgre, Svein Flåtten, Michael Momyr og Jan Tore Sanner, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Olav Syversen, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og frå Venstre, Lars Sponheim, viser til at det i Stortinget sin forretningsorden § 19 m.a. står dette når det gjeld finanskomiteen sine oppgåver:

"Seinast den 20. november skal finanskomiteen kome med innstilling (Budsjett-innst. S. I) om nasjonalbudsjettet og statsbudsjettet, med framlegg til rammevedtak for løyvingar i samsvar med inndelinga i rammeområde fastsett av Stortinget etter § 22 tredje leddet."

Når det gjeld inndelinga av statsbudsjettet i rammeområde, viser komiteen til vedtak i Stortinget 23. oktober 2008, jf. Innst. S. nr. 4 (2008–2009) Innstilling fra Stortingets presidentskap om fordeling til komiteene av rammeområder med budsjettkapitler og utkast til romertallsvedtak vedrørende forslaget til statsbudsjett for 2009, jf. også avsnitt 3.2 nedanfor.

Komiteen viser til at det etter at St.prp. nr. 1 (2008–2009) blei lagt fram, er fremma i alt 5 tilleggsproposisjonar til denne. I møte i Stortinget 3. og 13. november 2008 blei forslaga under dei enkelte kapitla fordelte på rammeområde og sende komiteen i samsvar med vedtak i Stortinget om fordeling til komiteane ved behandlinga av Innst. S. nr. 4 (2008–2009), jf. vedlegg 1.

Komiteen viser til brev av 17. oktober 2008 om trykkfeil i St.prp. nr. 1 (2008–2009) Statsbudsjettet 2009 og St.meld. nr. 1 (2008–2009) Nasjonalbudsjettet 2009, og til brev av 11. november 2008 frå finansminister Kristin Halvorsen om trykkfeil i St.meld. nr. 1 (2008–2009) Nasjonalbudsjettet 2009. Breva følgjer respektivt som vedlegg 2 og 3 til denne innstillinga.