1. Innledning
Regjeringen legger med St.meld. nr. 2 (2006-2007) frem meldingen om Revidert nasjonalbudsjett for 2007.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Marianne Aasen Agdestein, Espen Torsteinsbø Hansen, Alf E. Jakobsen, Rolf Terje Klungland, Torgeir Micaelsen og leiaren Reidar Sandal, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Ulf Leirstein, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, frå Høgre, Svein Flåtten, Peter Skovholt Gitmark og Jan Tore Sanner, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Olav Syversen, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og frå Venstre, Lars Sponheim, viser til forretningsordenen § 19 sjuende ledd som lyder:
"Eventuell kongelig samleproposisjon om endringer i statsbudsjettet legges fram senest den 15. mai i budsjettåret, sammen med stortingsmelding om Revidert nasjonalbudsjett. Finanskomiteen avgir innstilling om disse (Budsjett-innst. S. II) senest annen fredag i juni."
Komiteen viser til at Regjeringa har lagt fram forslag om tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2007 i St.prp. nr. 69 (2006-2007), og forslag til endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv. i Ot.prp. nr. 61 (2006-2007), jf. Innst. S. nr. 230 (2006-2007) og Innst. O. nr. 80 (2006-2007), som blir avgitt saman med denne innstillinga. Forslag til vedtak sette fram i denne innstillinga er samla under kapittel 13 Tilråding frå komiteen eller kapittel 12 Forslag frå mindretal.
Komiteen har avgitt innstillinga på bakgrunn av førebels utgåve av St.meld. nr. 2 (2006-2007).