Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Komiteens merknader

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Haakon Blankenborg, leiaren Thorbjørn Jagland, Jens Stoltenberg og Gunhild Øyangen, frå Høgre, Julie Christiansen, Inge Lønning, Oddvard Nilsen og Elin Schanche, frå Framstegspartiet, Morten Høglund og Christopher Stensaker, frå Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Bjørn Jacobsen, frå Kristeleg Folkeparti, Jon Lilletun og Lars Rise, og frå Senterpartiet, Åslaug Haga, viser til at dei overordna måla for norsk svalbardpolitikk ligg fast og er i samsvar med hovudlinene Stortinget vedtok ved handsaminga av St.meld. nr. 9 (1999-2000).

Ordninga med lokalt sjølvstyre i Longyearbyen vil neste år ha vore i funksjon i tre år, og komiteen har merka seg at ansvaret for skoledrifta frå og med årsskiftet 2005/2006 vil bli overført til Longyearbyen lokalstyre. Komiteen er tilfreds med at departementet varslar at det i samarbeid med lokalstyret vil bli gjennomført ei evaluering av korleis lokaldemokratiet fungerer og ser fram til å få resultata av denne evalueringa presentert.

Komiteen har merka seg at prosessen med å leggje tilhøva til rette for å utnytte Svalbard som base for alle former for arktisk relatert forsking held fram. Når fo­rskningsparken i Longyearbyen og det nye bygget for marin forskning i Ny Ålesund blir fullførte i samsvar med planane, vil det etter komiteen si vurdering vere skapt nye føresetnader for forsterka forskingsinnsats på område der vi i dag har utilstrekkeleg kunnskap. Komiteen har med glede merka seg at internasjonaliseringa av forskarsamfunnet i Ny Ålesund held fram.