2.1 Næringsverksemd

Komiteen peiker på at ein gjennom gode og stabile rammevilkår for næringslivet må legga til rette for verdiskaping og vekst i heile landet. Dette er avgjerande for framtida til velferdssamfunnet. Nærings­politikken blir såleis viktig for å oppretthalda velferdssamfunnet i tillegg til å sikra sysselsetting og arbeid til alle.

Komiteen vil understreke behovet for langsiktige og stabile rammevilkår, i tillegg til behovet for ein aktiv og målretta næringspolitikk.

For å oppretthalda konkurransekrafta til norsk næringsliv, er det avgjerande med orden i økonomien og difor må det ikkje førast ein for ekspansiv budsjettpolitikk. I tillegg må det, innafor det handlingsrommet me har, etablerast et sett av verkemidlar, ordningar og programmer som legg til rette for nyskaping og nyetableringar, og som kan nyttast på ulike stadium i ein in­-novasjons- og nyskapingsprosess.

Komiteen viser til at Noreg er ein stor maritim nasjon og har eit av verdens beste maritime miljø, noko som mellom anna den næringsklynga som har utvikla seg og den høgt kompetente verfts- og leverandørindustrien synar. Næringa opplever auka internasjonal konkurranse, og det er ein stor utfordring å bevara den maritime kompetansen. Komiteen understrekar såleis behovet av å oppretthalde og vidareutvikla stabile konkurransevilkår for næringa, gjennom å sikre gode rammevilkår for reiarlaga og for norske sjøfolk.

Komiteen synar til at til at utbygging av breiband er viktig for verdiskaping i næringslivet og modernisering av offentlig sektor. Utbygging av breiband til heile landet er utgangspunktet for framtidas distriktspolitikk. Komiteen merker seg at HØYKOM-distrikt får en større andel av potten. Dette er positivt.

Komiteen meinar det er nødvendig med tiltak som legg til rette for utbygging av breiband i områder det ikkje er kommersielt grunnlag for slik utbygging, i tillegg til at privat og offentleg etterspørsel etter breiband stimulerast gjennom offentlege verkemiddel.

2.2 Landbruksnæringa

Komiteen meinar det er viktig at matvaretryggleik vert prioritert, og at ein innan landbrukspolitikken har stor fokus på trygg mat av god kvalitet. Dette krev eit forbrukarretta landbruk som legg til rette for auka mangfald og nyskaping. Dette er òg viktig for å trygga grunnlaget for det norske landbruket i åra framover. Komiteen støtter såleis opprettinga av mattilsynet, og målet om eit økologisk landbruk.

Det er etter komiteen sitt syn viktig å nytte verkemidlar som legg til rette for at jordbruket gis høve til sysselsetting og inntekt. Dette er viktig for landbruket sitt bidrag til busetting og sysselsetting i distrikta. Samstundes er det viktig med tiltak som bidreg til omstillingar i heile matvarekjeda og forenkling av virkemiddelbruken.

Komiteen synar til at internasjonale avtaleverk og marknadsforhold, mellom anna WTO og EØS, påverkar handlingsrommet og rammevilkåra for den nasjonale mat- og landbrukspolitikken. Komiteen vil understreka kor viktig det er at Regjeringa i dei pågåande WTO-forhandlingane aktivt bidrar til at handlingsrommet vert størst mogeleg, samstundes som det er naudsynt, innenfor den ferdigforhandla avtala, å føre ein aktiv norsk landbrukspolitikk for framtida.

2.3 Fiskeri- og havbruksnæringa

Komiteen legg stor vekt på at Noreg har eit fortrinn innan fiskeri og havbruk, og komiteen understrekar at potensialet for verdiskaping i marin sektor er stort. Komiteen meiner marin sektor er ein av dei sektorane ein bør bygge opp under i framtida. Ein lønsam fiskeri- og havbruksnæring kan bidra til å sikre busetting og verdiskaping i heile landet.

Komiteen peikar på at fiskeripolitikken må baserast på ein berekraftig forvaltning, der omsyn til bestanden og til næringsutøvarane vert ivareteke. Det må i den samanhang førast ein effektiv og målretta kontroll.

For å unngå store ulykker langs kysten, er det viktig med auka fokus og auka innsats innan den maritime trafikkontrollen.