Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Generelle merknader

Komiteen peiker på at eit næringsliv som legg til rette for verdiskaping og vekst er avgjerande for utviklinga av vårt velferdssamfunn. Næringspolitikken blir såleis viktig for å trygga og fornya velferdssamfunnet i tillegg til å sikra sysselsetting og arbeid til alle.

Komiteen viser til at delar av norsk næringsliv framleis slit, i tillegg til at tal frå SSB fortel om ein kraftig avskaling innan deler av norsk industri det siste året. Endringane i næringsstrukturen går fort, og mange av dei tradisjonelle verksemdene kan få problem i tida framover. Komiteen meinar denne utviklinga gir ekstra utfordringar for utforminga av rammevilkåra for næringspolitikk i Noreg, og vil understreke behovet for langsiktige og stabile rammevilkår, i tillegg til behovet for ein aktiv og målretta næringspolitikk.

Komiteen vil leggja til rette for at det kan førast ein aktiv politikk for nyskaping og nyetableringar. Dette krev stor FoU-innsats og eit breitt spekter av virkemiddel, som er tilpassa og kan nyttast på ulike stadium i ein innovasjon- og nyskapingsprosess.

Komiteen meiner ein for ekspansiv budsjettpolitikk kan medverke til å svekkja konkurransekrafta til norsk næringsliv, difor er det avgjerande med eit stramt budsjett for å sikra norsk næringsliv og for å unngå tap av konkurransekraft og marknadsdelar.

Komiteen viser til at Noreg er ein stor maritim nasjon og har eit av verdens beste maritime miljø, noko som mellom anna den næringsklynga som har utvikla seg og den høgt kompetente verfts- og leverandørindustrien me har, synar. Komiteen peikar på at næringa no opplev stagnasjon og auka konkurranse, og det er difor ei stor utfordring å bevara den maritime kompetansen. Komiteen understrekar såleis behovet av å oppretthalde og vidareutvikla stabile konkurransevilkår for næringa, gjennom å sikrå gode rammevilkår for reiarlaga og for norske sjøfolk.

Komiteen meiner det er viktig at matvaretryggleik vert prioritert, og at ein innan landbrukspolitikken har stort fokus på trygg mat av god kvalitet. Dette krev eit forbrukarretta landbruk som legg til rette for auka mangfald og nyskaping. Dette er òg viktig for å trygga grunnlaget for det norske landbruket i åra framover. Komiteen støtter såleis opprettinga av Mattilsynet, og målet om eit økologisk landbruk.

Det er etter komiteen sitt syn viktig å nytta verkemiddel som legg til rette for at jordbruket gis høve til sysselsetting og inntekt. Dette er viktig for landbruket sitt bidrag til busetting og sysselsetting i distrikta. Samstundes er det viktig med tiltak som bidreg til omstillingar i heile matvarekjeda og forenkling av virkemiddelbruken.

Komiteen syner til at internasjonale avtaleverk, mellom anna WTO og EØS, påverkar rammevilkåra for den nasjonale mat- og landbrukspolitikken. Komiteen vil understreka kor viktig det er at Regjeringa aktivt påverkar desse prosessane, slik at ein vert sikra eit handlingsrom for å føra ein aktiv norsk landbrukspolitikk også i framtida.

Komiteen er uroa over situasjonen i delar av primærnæringane og vil leggja til rette for ein politikk for nyskaping, vekst og bedra konkurransekraft for dei marine næringane. Noreg har eit fortrinn innan fiskeri og havbruk, og komiteen meiner potensialet for verdiskaping i marin sektor er stort. Komiteen meiner marin sektor er ein av dei sektorane ein bør byggja opp under i framtida, mellom anna for å sikra busetting og verdiskaping i hele landet.

Komiteen peikar på at fiskeripolitikken må baserast på ei berekraftig forvalting, der omsyn til bestanden og til næringsutøvarane vert ivareteke.

For å unngå store ulykker langs kysten er det viktig med auka fokus og auka innsats innan den maritime trafikkontrollen.