2. Generell næringsvirksomhet
- 2.1 Miljøet si ramme for næringslivet
- 2.2 Nyskaping og innovasjon
- 2.3 Landbruksnæringa
- 2.4 Fiskeri- og havbruksnæringa
Eit aktivt næringsliv og verdiskaping er grunnlaget for utviklinga av velferdssamfunnet. Ein aktiv næringspolitikk er difor viktig for å trygga og fornya det norske velferdssamfunnet.
Komiteen viser til at ein no er inne i ei internasjonal nedgangstid, der mange prognosar peikar feil veg. Desse internasjonale trendane påverkar også norsk næringsliv. Noreg har ein liten og open økonomi og store delar av norsk næringsliv er eksportretta. Endringar på verdsmarknaden kan difor få store konsekvensar.
Den internasjonale utviklinga gir ekstra utfordringar for utforminga av den norske næringspolitikken. Det er særleg viktig å føra ein aktiv politikk på dette området no når dei internasjonale trendane er negative.
Sjølv om Noreg har store overskott både på handelsbalansen og på statsbudsjettet finst det grenser for kor mykje pengar som kan nyttast innanlands. Ein for ekspansiv budsjettpolitikk kan skapa press i økonomien, som igjen svekkar konkurransekrafta til norsk næringsliv.
Orden i økonomien er difor ein avgjerande faktor for å sikra norsk næringsliv stabile rammevilkår og for å unngå tap av konkurransekraft og marknadsdelar.
Det er i dag press i arbeidsmarknaden med mange ledige stillingar. Samtidig finst det mange ledige. Komiteen meinar ein må føra ein politikk for å kvalifisera den ledige arbeidsstyrken for dei ledige jobbane. Den arbeidsreserven ein finn i den eldre del av folket må også utnyttast.
All menneskeleg aktivitet påverkar miljøet. Det er difor viktig at ein prøver å redusera skadeverknadene med næringsmessig aktivitet mest mogleg. Komiteen vil visa til at det generelt er høg miljøstandard på norsk næringsliv, noko som m.a. skuldast strenge miljøkrav frå styresmaktene.
Slike krav som i utgangspunktet kunne verka negativt på næringslivet, har vist seg å vera grunnlag for utvikling av ny miljøteknologi og styrkja konkurranseevne.
Komiteen støttar det arbeidet som pågår for å få næringslivet til å avgrensa utsleppa av klimagassar og svovel gjennom frivillige avtalar.
Komiteen vil understreka behovet for ein aktiv politikk for nyskaping. Alt tyder på at endringane i næringsstrukturen vil gå mykje fortare i framtida, og at det ikkje vil vera grunnlag for mange av dei tradisjonelle verksemdene. For å sikra sysselsetting er det difor viktig å utvikla nye.
Det er difor viktig å legga til rette for kreativitet og nye idear.
Samordning av virkemiddelapparatet er difor viktig. Komiteen merkar seg dei gode erfaringane ein har gjort gjennom nærare samarbeid mellom SND, Norsk forskingsråd, Noregs Eksportråd og Norsk Designråd, og at dette er gjort mogleg gjennom SND sine distriktkontor.
Komiteen meinar det er viktig å sikra forbrukarane trygge matvarer av god kvalitet og eit forbrukarretta landbruk. Dette er òg viktig for å trygga grunnlaget for det norske landbruket. Vidare er det nødvendig å auka verdiskapinga i jord- og skogbruket og i foredlingsindustrien.
Komiteen støttar målet om at 10 pst. av det totale jordbruksarealet skal vera økologisk innan 2010, dersom det finst ein marknad for slike produkt.
Det har i lengre tid vært ubalanse mellom talet på rein og ressursgrunnlaget. Det er difor viktig at arbeidet med å betra denne balansen vert vidareført.
Det er etter komiteen sitt syn viktig å benytte virkemidler som gir jordbruket gode muligheter til sysselsetting og inntekt, og tiltak som bidreg til tydelege kostnadsreduksjonar, omstillingar i heile matvarekjeda og forenkling av virkemiddelbruken.
Forhandlingar i WTO, avtalar med EU og andre internasjonale prosessar påverkar rammevilkåra for den nasjonale mat- og landbrukspolitikken. Komiteen meinar at Regjeringa må arbeida aktivt for å påverka desse prosessane, slik at ein vert sikra eit handlingsrom for å føra ein aktiv norsk landbrukspolitikk også i framtida.
Komiteen meinar at nyskaping, vekst og konkurranseevne basert på marine ressursar krev stor FoU- innsats. Det er difor positivt at det no vert bygging av nytt forskingsfartøy.
Arbeidet med å styrkja trygg norsk sjømat er også viktig.
Komiteen viser til at det har vært stor fokus på spørsmål knytta til ulovlege forhold i fiskerinæringa. Det er viktig for næringa sitt omdøme at det vert rydda opp i slike forhold, og komiteen støttar difor dei tiltak som er sett i verk. Komiteen støttar også Regjeringa sitt vedtak om å opprette ein tipstelefon underlagt Økokrim som skal omfatte alle former for økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet, herunder fiskefusk.
Etter fleire alvorlege ulykker langs kysten har det vært fokusert på behovet for auka tryggleik til sjøs. Betre merking, kartlegging og overvaking har vært tiltak som det er peika på. Komiteen vil streka under at det hastar med å få fortgang i dette arbeidet.