5. Andre avgifter til folketrygden (kap.5700, post 71)
- 5.1 Trygdeavgift
- 5.2 Folketrygdavgift for visse grupper
- 5.3 Tilskudd fra kommuner og fylkeskommuner
- 5.4 Produktavgift i fiskerinæringen
Sammendrag
Trygdeavgift fastsettes med hjemmel i lov om folketrygd av 28. februar 1997 nr. 19 § 23-3. Den skal svares etter tre ulike satser, som avhenger av hva slags inntekt det gjelder. Særfradrag og personfradrag blir ikke gitt i grunnlaget for trygdeavgiften. Regjeringen foreslår for 2000 en lav sats på 3,0 pst., en mellomsats på 7,8 pst. og en høy sats på 10,7 pst. Etter forslaget er satsene for trygdeavgift ikke endret fra 1999 til 2000.
Komiteens merknader
Komiteen viser til Regjeringa si omtale og sluttar seg til denne.
Sammendrag
Som tidligere legger Regjeringen fram forslag om at Kongen skal ha fullmakt til å gi egne regler om grunnlaget og satsene for folketrygdavgiftene for visse grupper av de trygdede, jf. folketrygdloven § 23-4. Det vises til § 4 i forslaget til avgiftsvedtak.
Komiteens merknader
Komiteen sluttar seg til forslaget frå Regjeringa.
Sammendrag
Tilskudd fra kommuner og fylkeskommuner fastsettes med hjemmel i lov om folketrygd av 28. februar 1997 nr. 19 § 23-9. Som for de åtte foregående årene legger Regjeringen for 2000 fram forslag om at kommuner og fylkeskommuner ikke skal svare avgift til folketrygden. Satsene foreslås således satt til 0 pst.
Komiteens merknader
Komiteen sluttar seg til forslaget frå Regjeringa.
Sammendrag
Finansdepartementet legger fram forslag om at avgiftssatsen for produktavgift blir fastsatt til 3,4 pst. i 2000. Det vises til forslag til vedtak.
Departementet foreslår for øvrig at det foretas en presisering av ordlyden i vedtaket, slik at det klart framgår at rene produksjonsfartøy, dvs. fartøy som ikke har drevet egen fangstvirksomhet i løpet av det aktuelle kalenderår, ikke skal betale produktavgift.
Komiteens merknader
Komiteen sluttar seg til forslaget frå Regjeringa.
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet, Høgre og Tverrpolitisk Folkevalde syner til spørsmål frå medlemet i komiteen frå Tverrpolitisk Folkevalgte dagsett 22. oktober 1999, og til finansdepartementets svar frå 01. november 1999, der det vert synt til at produktavgiftsordninga har gått med om lag 32 mill. kroner i overskot i perioden 1994-98. Det vart føresett at ordninga med produktavgifta skulle vera provenynøytral då ho vart innførd.
Desse medlemene ser at Regjeringa i sitt framlegg til statsbudsjett for 2000 har auka avgifta frå 3,2 til 3,4 pst.. Desse medlemene ser at det kan vera vanskeleg å spå om fangstmengda og eventuelle ytingar som ordninga skal dekka.
Desse medlemene meiner at eit overskot i produktavgiftsordninga må førast attende til fiskerinæringa. Desse medlemene ber på denne bakgrunnen Regjeringa koma attende med ei vurdering av avgiftsnivået i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2000.
Desse medlemene fremmer følgjande framlegg:
"a.
Stortinget bed Regjeringa koma attende med ei vurdering av nivået på produktavgifta i samband med Revidert nasjonalbudsjett for år 2000.
b.
Stortinget bed vidare Regjeringa leggja fram årlege rekneskap for produktavgiftsordninga for Stortinget."