Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Innleiing

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Dag Terje Andersen, Berit Brørby, Erik Dalheim, Ranveig Frøiland, Trond Giske, Tore Nordtun og Hill-Marta Solberg, frå Framstegspartiet, Siv Jensen, Per Erik Monsen og Kenneth Svendsen, frå Høgre, Børge Brende, Per-Kristian Foss og Kjellaug Nakkim, frå Kristeleg Folkeparti, Randi Karlstrøm, leiaren Lars Gunnar Lie og Ingebrigt S. Sørfonn, frå Senterpartiet, Jørgen Holte, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, frå Venstre, Terje Johansen, og frå Tverrpolitisk Folkevalde, Steinar Bastesen, viser til at det i forretningsordenen for Stortinget §19 m.a. står dette når det gjeld oppgåvene til finanskomiteen:

«Senest den 20.november skal finanskomiteen avgi innstilling (Budsjett-innst. S. I) om nasjonalbudsjettet og statsbudsjettet, med forslag til rammevedtak for bevilgninger i samsvar med inndeling i rammeområder fastsatt av Stortinget i henhold til §22 tredje ledd.»

Komiteen viser når det gjeld inndelinga av statsbudsjettet i rammeområde til trykt vedlegg 1 til denne innstillinga.

Komiteen viser til brev frå finansministeren til Stortingets Presidentskap 5.oktober 1998 som gjeld korreksjonar til St.prp. nr. 1 (1998-99). Brevet følgjer som trykt vedlegg 2 til denne innstillinga. Komiteen viser også til brev frå finansministeren 15. oktober 1998 som gjeld trykkfeil i St.meld. nr. 1 (1998-99) Nasjonalbudsjettet 1999. Brevet følgjer som trykt vedlegg 3 til denne innstillinga. Brev frå finansministeren til Stortinget 21. oktober 1998 gjeld også korreksjonar til St.prp. nr. 1 (1998-99) Statsbudsjettet 1999. Komiteen viser til at brevet følgjer som trykt vedlegg 4 til denne innstillinga.

Komiteen viser til brev frå justisministeren til Stortingets presidentskap 3.november 1998 som gjeld kap. 5630 Aksjer i Norsk Eiendomsinformasjon AS post 80 Utbytte. Komiteen viser til at brevet følgjer som trykt vedlegg 5 til denne innstillinga.

Komiteen viser til at det 30.oktober og 5.november 1998 er lagt fram i alt 13 tilleggsproposisjonar til St.prp. nr. 1 (1998-99). I brev 6.november frå finansministeren, som svar på spørsmål frå Arbeidarpartiet si stortingsgruppe, er det gitt eit samla oversyn over desse tilleggsproposisjonane. Brevet følgjer som trykt vedlegg 6 til denne innstillinga. Komiteen viser også til referat frå møtet i Stortinget 13. november 1998 som syner korleis forslaga under dei aktuelle kapitla er fordelt til dei ulike rammeområda og komitear. Kopi av referatet følgjer som trykt vedlegg 7 til denne innstillinga.