Søk

Bakgrunn

Forslagsstillarane viser til Stortinget si handsaming av Innst. 306 S (2023–2024), jf. Dokument 12:21 (2019–2020). Ved Stortinget si handsaming fekk ikkje framlegget om å grunnlovfesta vern av matjordressursane det naudsynte talet på røyster for å verta vedteke.

Forslagsstillarane meiner at god forvalting av dyrka og dyrkande mark er grunnleggjande for matproduksjon og dermed for menneska sin eksistens. Desse areala utgjer ein knapp ressurs som treng sterkt vern. Jordbruksarealet utgjer berre 3,5 pst. av landarealet i Noreg. Den langsiktige og eksistensielle karakteren gjer at dyrka og dyrkande mark må verta nemnde uttrykkeleg i Grunnlova. Å fø befolkninga er nasjonal beredskap og ei av dei mest grunnleggjande oppgåvene til ein nasjonalstat.

Forslagsstillarane gjer difor framlegg om eit tillegg i Grunnlova § 112 første ledd andre punktum. Matjorda her til lands er ein sårbar, men særs naudsynt ressurs. Store areal med matjord som det tek nokre timar å skubba vekk med maskinar, tek fleire tusen år å opparbeida. Matjorda i Noreg legg til rette for matproduksjon, busetjing og sysselsetjing over heile landet. Med andre ord: matjorda har ei særstilling fordi ho i tillegg til å styrkja mattryggleiken òg er avgjerande for anna samfunnsutvikling. Samanliknar ein Noreg med grannelanda, har Noreg klart mindre areal med dyrka jord.

Etter den andre verdskrigen har omdisponeringa av dyrka og dyrkande jord vore på om lag 1,2 millionar dekar totalt. Det meste av dette er areal som har vore eigna til matkornproduksjon.

Omdisponeringa av matjord til utbyggingsformål og anna har minka dei seinare åra i tråd med auka bevisstgjering rundt vern av denne ressursen. Endelege tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det i 2023 vart omdisponert 2 740 dekar dyrka jord, og at omdisponeringa av dyrkande jord var på 3 955 dekar.

Dei fleste byar og tettstadar i Noreg med befolkningsvekst er omkransa av dyrka jord. Mykje av den beste jorda ligg difor der utbyggingspresset er størst. Over halvparten av nedbygginga skjer i og omkring tettstadar. Kombinert med ynske om ei mest mogeleg samla utbygging rundt eksisterande byar og tettstadar skaper dette utfordringar i arbeidet med å ta vare på jordressursane for framtida. Det er om lag 10 millionar dekar jordbruksareal (fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite) i drift i Noreg i dag. I tillegg har Noreg om lag 12,5 millionar dekar dyrkande jord eigna for nydyrking. Produksjonspotensialet til den dyrkande jorda er i sum monaleg mindre enn for dagens jordbruksareal. Det er difor viktig at formuleringa i grunnlovsteksten har med seg både dyrka og dyrkande mark.

Stortinget vedtok den 8. desember 2015 at det årlege målet for omdisponering av dyrka mark skulle settast til 4 000 dekar, jf. Innst. 56 S (2015–2016). Dette vart på nytt stadfesta ved handsaminga av eit representantframlegg om strengare jordvernmål i Stortinget 4. juni 2020, jf. Innst. 331 S (2019–2020). Ved Stortinget si handsaming av jordbruksoppgjeret for 2021 slutta eit fleirtal i næringskomiteen seg til eit nytt mål om at den årlege omdisponeringa av dyrka jord ikkje skulle overstiga 3 000 dekar, og at målet skulle vera nådd innan 2025, jf. Innst. 657 S (2020–2021) og Prop. 200 S (2020–2021) vedlegg 4. Stortinget vedtok den 15. juni 2022 å be regjeringa om å leggja fram ein ny jordvernstrategi våren 2023 med eit nytt og skjerpa mål for omdisponering av matjord og nye konkrete tiltak for å nå målet, jf. Innst. 358 S (2021–2022). Eit fleirtal i næringskomiteen på Stortinget ga ved handsaminga av jordbruksoppgjeret for 2023 tilslutnad til regjeringa sitt skjerpa jordvernmål om at den årlege omdisponeringa av dyrka jord ikkje skal overstiga 2 000 dekar, og at målet skal vera nådd innan 2030, jf. Innst. 487 S (2022–2023) og Prop. 121 S (2022–2023) vedlegg 9.

Riksrevisjonen har i Dokument 3:4 (2023–2024) Matsikkerhet og beredskap på landbruksområdet synt at matjorda som ressurs ikkje vert sikra godt nok gjennom ordinær sektorpolitikk. Undersøkinga syner at arealressursane i jordbruket ikkje vert forvalta på ein fullt ut berekraftig måte. Betydelege jordbruksareal av god kvalitet vert bygde ned og omdisponerte. Det totale jordbruksarealet i Noreg har halde seg relativt stabilt dei siste 20 åra. Men den beste jorda – der ein kan produsera korn, poteter og grønsaker – har vorte redusert. Store jordbruksareal av god kvalitet er ikkje i drift. Over tid er det gjort omfattande omdisponering av dyrka og dyrkande jord gjennom planprosessar og dispensasjonar. 83 000 dekar matjord var foreslått sett av til andre føremål i kommunale arealplanar for 2022. Ifølgje ein rapport frå Norsk institutt for naturforskning (NINA) frå 2023 er det sett av minst 140 000 dekar dyrka mark til utbyggingsføremål i kommunale planar som enno ikkje er realiserte. Dette syner at sjølv om det kommunale sjølvstyret i dei fleste tilfelle er eit gode, gjer mogelegheitene for dispensasjon og mangel på heilskapleg oversikt og kontroll at matjorda vert bygd ned trass i Stortinget sine mål om vern. Kontroll- og konstitusjonskomiteen la i Innst. 173 S (2023–2024) vekt på at utgangspunktet for matproduksjonen er arealressursane og at forvaltinga av dei må ha eit evig perspektiv.

Totalberedskapskommisjonen peiker i NOU 2023:17 Nå er det alvor – Rustet for en usikker fremtid på at jordvernet si betyding for norsk mattryggleik er forsterka i ljos av den geopolitiske situasjonen, betre kunnskap om konsekvensane av klimaendringane og andre tilhøve som kan svekka global matproduksjon. Kommisjonen tilrår å sjå nærare på verkemiddelbruken for å redusera tap av dyrkingsjord, inkludert om det er trong til å styrka heimelsgrunnlaget. Matjorda er ein nasjonal, livsviktig naturressurs som treng samfunnet sitt sterkaste juridiske vern mot omdisponering.

Difor meiner forslagsstillarane at matjorda er ein så viktig ressurs at den bør verta omtala særskilt i Grunnlova si føresegn i § 112 første ledd andre punktum om naturressursane.