Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Forsvarssjef Michael Wiggers Hyldegaard, Danmark, forsvarssjef Eirik Kristoffersen, Norge og forsvarssjef Janne Jaakkola, Finland. Foto: Peter Mydske/Stortinget.
Tysdag 22. september samla nordiske parlamentarikarar og forsvarsleiarar seg på Stortinget til eit rundebord om tryggleik og beredskap i Norden.
Korleis kan dei nordiske landa styrke samarbeidet om forsvar, beredskap og samfunnstryggleik i ei meir utrygg tid? Det var tema då Nordisk råds presidium og leiarar for parlamentariske forsvars- og utanrikskomitear møtte nordiske forsvarsleiarar og beredskapsstyresmakter i eit felles rundebord om nordisk forsvars- og beredskapssamarbeid.

Rundebord om nordisk forsvars- og beredskapssamarbeid, 22. september 2026. Foto: Peter Mydske/Stortinget.
Stortingets delegasjon til Nordisk råd var vertskap for møtet, som fann stad i samband med at Noreg har formannskapet i det nordiske forsvarssamarbeidet NORDEFCO i 2026.
I tillegg til Nordisk råds presidium deltok Forsvarsminister Tore O. Sandvik, forsvarssjefane frå Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island, leiarar for sivile beredskapsstyresmakter i Finland, Noreg og Sverige, og medlemmer av forsvars- og utanrikskomiteane i dei nordiske parlamenta.
Direktør ved Fridtjof Nansens Institutt, Iver B. Neumann, deltok og med foredrag om perspektiv på nordisk forsvarssamarbeid i den nye geopolitiske situasjonen.
Den sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa har ført til nye utfordringar for dei nordiske landa. Fleire av innleiarane peikte på at samarbeidet om forsvar og beredskap no er meir omfattande enn tidlegare, og at dei nordiske landa i aukande grad samarbeider om planlegging, øvingar og praktisk beredskap innanfor NATO-ramma.
Samtidig vart det understreka at sterkare nordisk samarbeid om beredskap ikkje berre handlar om militære kapasitetar. Like viktig er evna til å sikre kritisk infrastruktur, transportårer, forsyningar og andre samfunnsfunksjonar som må fungere når kriser oppstår. Deltakarane drøfta mellom anna korleis grensene mellom landa kan bli mindre til hinder når det er behov for raske og koordinerte tiltak.

Fungerande leiar i Stortingets utanriks- og forsvarskomité, Nils-Ole Foshaug, leiar for Stortingets delegasjon til Nordisk råd, Helge André Njåstad, nestleiar i Stortingets delegasjon til Nordisk råd, Truls Vasvik, og medlem av Nordisk råds presidium, Tage Pettersen. Foto: Peter Mydske/Stortinget.
Nordisk råds presidium har årlege rundebordssamtalar med NORDEFCO. Rundebordsamtalane skapar ein arena der felles utfordringar kan drøftast på tvers av landegrensene.
– Forsvars- og tryggingspolitikk handlar om militære kapasitetar, beredskap og avskrekking. Men det handlar også om demokrati, politisk forankring og tillit mellom land og mellom menneske. Derfor har parlamenta ei sentral rolle i å legge grunnlaget for eit sterkt og langsiktig samarbeid, sa delegasjonsleiar Helge André Njåstad (FrP), då han ønska velkommen til møtet.
For parlamentarikarane gav møtet eit innblikk i korleis samarbeidet fungerer i praksis, og i korleis enkelte regelverk eller andre grensehinder kan gjere det vanskeleg å handle raskt og samordna i ein krisesituasjon.
NORDEFCO, som vart etablert i 2009, skal styrkje dei nordiske landas forsvarsevne gjennom samarbeid, koordinering og utvikling av felles løysingar. Under det norske formannskapet i 2026 er ambisjonen å bidra til at Norden blir den mest integrerte forsvarsregionen i Europa.
Nordisk råd er eit omfattande regionalt samarbeid mellom parlamenta Danmark, Finland, Island, Norge, Sverige, Færøyene, Grønland og Åland. Sidan etableringa i 1952 har målet vore å einast om felles nordiske løysningar som har tydeleg positiv effekt for innbyggarane i Norden.