Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Nordiske flagg. Foto: Peter Mydske/Stortinget.

Møte om nordisk forsvars- og beredskapssamarbeid

Nordisk forsvars- og beredskapssamarbeid er tema når leiarane for dei nordiske forsvars- og utanrikskomiteane og presidiet i Nordisk råd møtes på Stortinget tysdag 22. september.

NORDEFCO arbeidar for å utvikle det nordiske forsvars- og tryggingssamarbeidet. I 2026 er totalforsvar og kriseberedskap òg ein del av samarbeidet.

Føremålet med møtet er å få faglege innspel og utveksle synspunkt på kva den nye og stadig skiftande geopolitiske røyndomen har å seie for det nordiske forsvars- og beredskapssamarbeidet.

Norden som forsvarsregion

Det er i samband med at Noreg leier det nordiske forsvarssamarbeidet NORDEFCO i 2026, at Stortinget og Nordisk råd har invitert til møtet.

Regjeringa sin ambisjon for formannskapen i NORDEFCO er å arbeide for at Norden blir den mest integrerte forsvarsregionen i Europa.

Kva er status for denne ambisjonen, og korleis utviklar og styrkjer vi det nordiske samhaldet i ei uroleg tid? Kva er status for forsvars- og beredskapssamarbeidet fire år etter at Finland og Sverige blei medlem av NATO? Korleis ser det framtidige samarbeidet ut, og korleis påverkar den nye geopolitiske situasjonen den vidare utviklinga av det nordiske samarbeidet?

– Dette er spørsmål vi ser fram til å diskutere med våre kollegaer frå dei nordiske parlamenta og med representantar frå regjeringa og dei nordiske forsvarsmaktene , seier delegasjonsleiar Helge André Njåstad (FrP).

Forsvarsministeren og forsvarssjefane deltek

Forsvarsminister Tore O. Sandvik og forsvarssjefane frå Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island deltek på møtet. Ein annan bidragsytar er Iver B. Neumann frå Fridtjof Nansens Institutt.

Om NORDEFCO

Nordic Defence Cooperation (NORDEFCO-samarbeidet) blei grunnlagt i 2009. Noreg leiar samarbeidet i 2026. Føremålet med NORDEFCO er å styrkje det nasjonale forsvaret i deltakarlanda, utforske synergiar og leggje til rette for effektive, felles løysingar. Det er praksis å halde eit årleg møte mellom forsvarsministeren, som leiar NORDEFCO-samarbeidet, og parlamentarikarar i Nordisk råd.

Om Nordisk råd

Nordisk råd er eit omfattande regionalt samarbeid mellom parlamenta Danmark, Finland, Island, Norge, Sverige, Færøyene, Grønland og Åland. Sidan etableringa i 1952 har målet vært å einast om felles nordiske løysningar som har tydeleg positiv effekt for innbyggarane i Norden.

Meir om Stortingets delegasjon til Nordisk råd

Sist oppdatert: 21.09.2026 11:00
: