Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Himanshu Gulati i Dublin. Foto: Stortinget
Himanshu Gulati (FrP), andre nestleder i Stortingets utenriks- og forsvarskomité, deltok denne veka på ein konferanse i Dublin i regi av det irske EU-formannskapet.
På dagsorden sto prioriteringane til formannskapslandet det neste halvåret og parlamentarisk samarbeid og demokratisk motstandskraft i ei usikker verd. Den irske statsministeren Micheál Martin sa Irland mellom anna legg vekt på støtte til Ukraina og å styrke den indre marknaden og EUs konkurranseevne. Irland vonar også på framgang i forhandlingane om EUs neste langtidsbudsjett og om EU-medlemskap for kandidatland.
– Eg støttar dei irske prioriteringane og er spesielt glad for at Irland legg vekt på sikkerheit og konkurranseevne, sa Gulati i sitt innlegg.
EU-kommissær for demokrati, justis og rettsstat, Michael McGrath, sa det er viktig å samarbeide for å styrke og utvikle demokratiet. Nasjonale parlamentarikarar har ei viktig rolle i dette. Europakommisjonen har teke ei rekke initiativ innanfor ramma av det europeiske demokratiskjoldet som skal bidra til å oppretthalde rettsstatsprinipp, mediefridom og frie val og hindre utanlandsk påverknad.
– Det er verdifullt å møte kollegaer frå heile Europa på konferansar som dette, seier Gulati. I tillegg til dei viktige temaa som står på dagsorden, er det også nyttig å drøfte andre aktuelle saker i marginane av sjølve møtet.
Den halvårlege konferansen samlar leiarar av europakomiteane i nasjonale parlament i EU, kandidatland og nokre observatørland inkludert Noreg. På møtet deltok også medlemmer av Europaparlamentet.