OL-ilden besøkte PACEs sommarsesjon
Europarådets parlamentarikarforsamling tok imot den olympiske ilden på dens veg frå Athen til OL i Paris.
OL-bevegelsens grunnleggande verdiar om å blant anna bidra til styrka forståing mellom menneske og med det ei betre og meir fredeleg verd, samsvarer godt med Europarådets verdiar og sommarsesjonens agenda.
Les også: PACES sommarsesjon 2024
Demokratiske utfordringar i Georgia
Forsamlinga var sterkt uroa for demokratisk tilbakegang i Georgia. Dette kom tydeleg fram i ein hastedebatt om den siste tidas utvikling i landet. Den nyleg vedtatte lova om innsikt i utanlandsk påverknad (Law on transparency of foreign influence), sterkt inspirert av den russiske «fremmed agent-lova», fekk særleg mykje merksemd i debatten.
Forsamlinga slo fast at lova ikkje var i samsvar med Europarådets standard for demokrati og menneskerettar, og at den dermed burde bli trekt tilbake så rask som mogleg.
– Det er av stor betyding at vi er tydeleg på vår støtte til dei demokratiske opposisjonskreftene i Georgia og at opprettheld stor merksemd om utviklinga i Georgia, særleg gjennom valkampen og fram mot parlamentsvalet i oktober, seier delegasjonsleiar Ingjerd Schie Schou (H).
Konsekvensar av krigen i Ukraina
Heile fire debattar var dedikert konsekvensane av Russlands angrepskrig i Ukraina. Deriblant Lise Selnes (A) sin rapport om betre vern for dei mange millionar menneska som har flykta frå krigen; An urgent call to Europe and its partners: envisioning immediate and long-term policy solutions in support of the displaced people of Ukraine. Rapporten, som viser at 5,9 millioner ukrainarar lever som flyktningar i Europa og 5 millioner er internt fordrivne i Ukraina, blei enstemmig vedtatt.
– Ein meir langsiktig og omforent politik er viktig. Dette gjeld meir enn 10 millionar menneske og vi veit ikkje korleis krigen utviklar seg. Eg er derfor glad for at rapporten blei einstemmig vedtatt, sier Lise Selnes (A).
Ny generalsekretær
Etter to rundar med avstemming blei det klart at sveitsiske Alain Berset blir Europarådet neste generalsekretær etter Marija Pejčinović Burić. Han tilrer i stillinga den 18. september.
Det var to andre kandidatar som kjempa om posisjonen som generalsekretær; Didier Reynders frå Belgia og Indrek Saar frå Estland.
Andre saker
Den omfattande sesjonen inkluderte også blant anna debatt om krigen på Gaza, korleis styrke demokratiet, betre vern om kvinnelege menneskerettsforsvarar, korleis sikre at prosedyrar for søknad om asyl er i samsvar med grunnleggande menneskerettar m.m.
I debatten om krigen på Gaza var forsamlingas bodskap klar; sette alle gissel fri, umiddelbar våpenkvile og tillate humanitær hjelp inn på Gaza.
For full oversikt over dei mange debattane, sjå PACEs nettside: Parliamentary Assembly of the Council of Europe (coe.int).
Les meir
Stortingets delegasjon til Europrådets parlamentarikerforsamling