– Aldri har Europa vært så samla som i dag
Sa Ukrainas president Zelenskyj da han talte til Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE), som møttes til haustsesjon 10.–14. oktober.
Det var ein tydeleg prega President Zelenskyj som talte (videolink) til forsamlinga på sesjonens 4. dag.
– Å høyre president Zelenskyj tale til forsamlinga bare få dagar etter den brutale bombinga av sivil infrastruktur og bustadområder, gjorde eit sterkt inntrykk seier Ingjerd Schou (H), leiar av Stortingets delegasjon til PACE.
– Hans bodskap var klart: Ukraina treng hjelp til luftvern, gjenoppbygging, og handtering av massegraver og anna brutalitet. Russland må bli diplomatisk isolert og Europarådet og medlemslanda må sikre at det kjem på plass ein internasjonal tribunal, avsluttar Schou.
Zelenskyjs tale blei etterfølgt av ein hastedebatt om utviklinga i krigen, som var klart prega av dei mange talarnes sterke fordømming av den brutale utviklinga, og Russlands bombing av Kyiv tidlegare i veka. Lise Christoffersen (A) og Ingjerd Schou (H) deltok i debatten og hadde klare bodskap om betydinga av europeisk samhald og solidaritet, og fortsatt militær støtte.
Andre debattar som bragte stort engasjement blant parlamentarikarane var debatten om islamofobi, og debatten om den aukande bruken av «pushbacks» på grensene til Europa, som sentralt verktøy i migrasjonspolitikken til stadig fleire europarådsland.
Frå norsk side deltok Lise Selnes (A), Andreas Sjalg Unneland (SV), og Ingvild Wetrhus Thorsvik (V) i desse debattane. Alle uttalte seg svært kritisk til bruk av «pushbacks» som eit verkemiddel i migrasjonspolitikken. Selnes (A) og Unneland (SV) som også deltok i islamofobidebatten tok sterkt til motmæle mot den voksande islamofobien i Europa.
Vaclav Havel menneskerettspris
For tiande år på rad delte parlamentarikarforsamlinga ut sin Vaclav Havel menneskerettspris som går til aktørar frå sivilt samfunn som kjemper for menneskerettar. Årets pris gjekk til den russiske opposisjonsleiaren Vladimir Kara-Murza som har vært fengsla sidan april i år. Han har vært ein sterk kritikar av den russiske regjeringa over lang tid, og medvirkande til etableringa av «the Russian Anti-War Committee» oppretta i protest mot krigen i Ukraina.
Høyring om godt styresett i fotball og arbeidarars rettigheiter i Qatar
Fotballpresident Lise Klaveness deltok i løpet av sesjonen på ei open høyring om «Sports governance and social rights: the protection of workers’ rights in Qatar» i regi av PACEs Likestillings- og ikkje-diskrimineringskomite i samarbeid med kulturkomiten.
Klaveness var tydeleg på at det har skjedd ei positiv utvikling i Qatar i form av utvikling av eit viktig og godt formelt regelverk, man at det likevel står igjen mange alvorlege utfordringar i landet, særleg når det gjeld grunnleggande rettigheiter for arbeidarar, kvinner og LHBTIQ personar.
– Eg er veldig glad for at Klaveness deltok i debatten. Komiteen med ansvar for idrett er som Klaveness utolmodig på at FIFA skal foreta endringar. Bodskapen om å sikre dei grunnleggande menneskerettane i Qatar-VM, var tydeleg både frå Klaveness og den norske delegasjonen, seier Linda Hofstad Helleland (H), varamedlem i PACE, som også stilte spørsmål om FIFAs gjennomføring av MR-kriteria for tildeling av store fotballarrangement.
Rapportør på Aserbajdsjan
Lise Christoffersen (A), nestleiar delegasjonen, blei under sesjonen vald til ny rapportør i PACE på Aserbajdsjan.
– Dette er eit viktig oppdrag som eg ser fram til å ta fatt på. Min jobb vil bli å rapportere på Aserbajdsjans respekt for menneskerettar, demokrati og rettsstat, uttaler Christoffersen.
Frå den norske delegasjonen deltok Ingjerd Schou (H), Lise Christoffersen (A), Morten Wold (FrP), Lisa Marie Ness Klungland (Sp), Ingvild Wetrhus (V), Lise Selnes (A), Andreas Sjalg Unneland (SV).
Les meir om Europarådets parlamentarikerforening (PACE)
Sjå også
Ukrainas president taler til Europarådets parlamentarikerforsamling