Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Diskuterte ambisjonar for Europarådets fjerde toppmøte for stats- og regjeringssjefar

Tredje visepresident Morten Wold (FrP) representerte Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) på møte i Haag, Nederland 2.–3. mars.

Morten Wold. Foto: Stortinget.

Morten Wold. Foto: Stortinget.

Datoen for Europarådets fjerde toppmøte (16.–17. mai) nærmar seg, og ambisjon og målsetting for møtet set sitt klare preg på parlamentarikarforsamlingas møter og aktivitet. 
 
Toppmøtet, som skal finne stad i Reykjavik, blir sett på som avgjerande for Europarådets framtidige rolle i Europa, og det er derfor knytt store forventingar til møtet. 
 
Martin Eyjólfsson, utanrikspolitisk statssekretær, Island, deltok på møtet i Haag og orienterte parlamentarikarforsamlinga om status for førebuingane. Han framheva særleg omfanget av innspel som har kome til møtets agenda både frå PACE, frå sivilsamfunnsorganisasjonar og frå Kongressen for lokale og regionale styresmakter. 
 

Ukraina sentral plass

Representantane for PACE gjentok sin bodskap frå tidlegare om at situasjonen i Ukraina og konsekvensane av krigen naturleg vil måtte få ein sentral plass i diskusjonane på Reykjavik. Særleg viktig er det å få på plass ein internasjonal spesialdomstol for rettsforfølging av det brote på folkeretten som Russlands angrep på Ukraina utgjer. 
 

Fornye oppslutnad om MR, demokrati og rettsstat

Det blei også understreka kor viktig det er at Europarådets medlemsland på ny forpliktar seg til å fremme og respektere MR, demokrati og rettsstatsprinsipp, både nasjonalt og i Europa. Dette blir halde som avgjerande for Reykjaviktoppmøtets suksess. 
 
– Fornya oppslutnad om Europarådets grunnleggande verdiar og prinsipp er særleg avgjerande i dagens Europa, der vi ser at respekten og arbeidet for demokrati, MR og rettsstat står stadig svakare, seier Morten Wold. 
 
– Dersom vi ikkje har eit solid demokratisk fundament, der grunnleggande menneskerettar står sterkt, vil vi ikkje være i stand til å forhindre eventuelle framtidige brot på folkeretten, og vi vil heller ikkje kunne adressere framtidige menneskerettsutfordringar som følgjer av teknologisk utvikling som til dømes kunstig intelligens, avsluttar han.   
 

Ukraina eit år etter – Europarådets rolle

Ein debatt om Europarådets rolle i krigen i Ukraina, eit år etter, oppsummerte Europarådets innsats for Ukrainas kamp. Det blei lagt vekt på at organisasjonen hadde tatt store steg frå å være ein organisasjon som ikkje var rusta for å handtere denne typen angrep på eit medlemsland av eit anna medlemsland, til ein organisasjon som har tatt eit klart standpunkt ved ekskludering av Russland, og som har inntatt ei leiande rolle for å få på plass rettsforfølging av brot på folkeretten.
 
Europarådet har også stått fram og vist ei omfattande og sterk støtte til Ukraina og deira kamp for sin sjølvråderett, og for demokrati og menneskerettar.
 
Morten Wold deltok i debatten og understreka den viktige samlande rolla Europarådet har hatt, og fortsatt kan ha, når det gjeld å bidra til at Europa står samla i si sterke støtte til Ukraina.
 
 
Sist oppdatert: 13.03.2023 08:54
: