Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

PACE støttar gjennomføring av eit fjerde Europarådstoppmøte

Ingjerd Schou (H), leiar for Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikerforsamling (PACE), deltok 30. og 31. mai på møte for PACEs delegasjonsleiarar i Dublin (Standing Committee møte).

Møtet fann sted i Dublin i samband med at Irland denne månaden tok over formannskapet i Europarådets ministerkomité.

Irlands utanriksministar Simon Coveney orienterte om  prioriteringane for det irske formannskapet. I si tale til forsamlinga sa Coveney at ei sentral prioritering for det irske formannskapet er blant anna å legge til rette for eit fjerde toppmøte for statsleiarar og regjeringssjefar. Dei tre øvrige hovudprioriteringane for Irland er å styrke menneskerettar i konfliktområder i Europa, fremme demokratisk engasjement blant unge og erfaringar med deltakande demokrati og fremme eit inkluderande og mangfaldig Europa.  

Både Ingjerd Schou og alle andre som deltok i debatten om toppmøtet var tydeleg på at tida var inne for eit nytt toppmøte. Siste gang Europarådet gjennomførte eit slikt toppmøte var i 2005 i Warszawa. 

– Krenking av multilateralt samarbeid i Europa

– Russlands angrep på Ukraina utgjorde ei krenking av multilateralt samarbeid i Europa og dei verdiane dette samarbeidet er bygd på. Det er derfor viktig å samle Europarådets medlemsland for å oppnå fornya og forpliktande oppslutnad om desse verdiane, i tillegg til å tenke nytt omkring korleis best fremme og forsvare dei, seier delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H).

– Krigen i Ukraina har vist at felleseuropeiske verdiar som menneskerettar, og demokratisk fridom, ikkje er noko vi har oppnådd og sikra ein gang for alle, men noko vi må aktivt stå opp for og forsvare kvar dag. Tida er derfor inne for å fornye medlemslandas forplikting om Europarådet og det organisasjonen står for, avsluttar Schou.

Andre saker som blei diskutert på møtet var hets og trakassering av forsvarar av fri abort og helsepersonell som bistår ved abort, samt ein debatt om avhengigheit av reseptbelagte medisinar. Vidare diskuterte forsamlinga korleis oppnå meir kjønnssensitiv tilnærming og tilrettelegging i mottak og tilrettelegging for flyktningar og migrantar. Dette er særleg viktig for kvinner, som er ei sårbar gruppe, men og så for menn og LHBTI-personar. Til slutt blei det også gjennomført ein debatt om ekstrem barnefattigdom i Europa og viktigheten av å få ned talet på barn som lever i ekstrem fattigdom.

For meir informasjon, sjå møtets nettsider

Europarådet og parlamentarikerforsamlingen

Europarådet blei oppretta i 1949 og har i dag 46 medlemsland. Europarådet har til formål å arbeide for styrking av menneskerettane, demokrati og rettsstaten i medlemslanda.

Europarådets parlamentarikerforsamling (PACE) består av representantar for medlemslandas nasjonalforsamlingar, totalt 306 medlemmar (og 306 varamedlemmar).

Forsamlinga har ein rådgivande funksjon og spela ei vesentleg rolle i Europarådet. Den vedtar resolusjonar og anbefalingar til medlemslandas parlament og regjeringar på ei rekke område, og overvaker i kva grad medlemslanda respektere sine forpliktingar som medlem.

Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikerforsamling

Sist oppdatert: 02.06.2022 13:02
: