Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden
Medlemmer av delegasjonen på Norway House framfor EU-kommisjonens bygning. Frå venstre: Frank J. Jenssen (H), Tore Hagebakken (A), Ingjerds Schou (H), Morten Wold (FrP), Lise Christioffersen (A). Foto: Stortinget.

Medlemmer av delegasjonen på Norway House framfor EU-kommisjonens bygning. Frå venstre: Frank J. Jenssen (H), Tore Hagebakken (A), Ingjerd Schou (H), Morten Wold (FrP) og Lise Christoffersen (A). Foto: Stortinget.

Studietur til Brussel og Wien

Medlemmer av Stortingets delegasjon til Europarådets Parlamentarikarforsamling deltok på studiereise til Brussel og Wien 24.–25. oktober.

Målet med besøket var å få meir kunnskap om EUs migrasjonspolitikk og betre innblikk i dei mange utfordringane knytt  til gjennomføring av denne politikken.

Migrasjons- og flyktningsituasjonen i Europa er så godt som fast punkt på agendaen til Europarådets Parlamentarikarforsamling (PACE). Dei mange debattane reflekterer både utfordringane og dei ulike strømmingane i Europa når det gjeld handtering av situasjonen.

Som medlem av Schengen er Norge berørt av EUs ulike vedtak på dette området og likeins EUs utfordringar med å få gjennomført vedtatt politikk.

Nyttig og relevant 

Besøket til Brussel og Wien er derfor nyttig og relevant for å oppnå betre forståing for dei mange problemstillingane – også med tanke på den heimlege debatten.

– EU har vedtatt mange naudsynte politiske tiltak, men med tydeleg EU-skepsis i fleire medlemsland er det klart at gjennomføring av deler av politikken blir krevjande, seier delegasjonsleiar Ingjerd Schou (H).

– Austerrike tok imot 90 000 migrantar i 2015 og er sterkt polarisert i spørsmålet om migrasjon. Landet er blant dei medlemslanda i EU som er kritisk til ein del av EUs forsøk på felles politikk på migrasjonsfeltet, og ønskjer meir rom for fleksibilitet i samarbeidet innan EU når det gjeld migrasjon, seier ho vidare.

Europarådet og parlamentarikarforsamlinga

Europarådet blei oppretta i 1949 og har 47 medlemsland. Europarådet har som hovudmål å arbeide for styrking av menneskerettane, demokrati og rettsstaten i medlemslanda.

Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE) består av representantar for medlemslandas nasjonalforsamlingar, totalt 324 medlemmer (og 324 varamedlemmer). Forsamlinga har ein rådgivande funksjon og spelar ei sentral rolle i Europarådet. Den vedtar resolusjonar og anbefalingar til medlemslandas parlament og regjeringar på ei rekke område, og den overvaker nye medlemslands gjennomføring av sine medlemskapsforpliktingar.

Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikerforsamling

Sist oppdatert: 26.10.2016 13:37
: