PACE vedtar forsterka overvaking av menneskerettar og demokrati i Tyrkia
Europarådets parlamentarikerforsamling (PACE) vedtok i dag å gjenopne såkalla «monitoring procedure» for Tyrkia.
Dette betyr at PACE vil trappe opp si overvaking av den demokratiske utviklinga i Tyrkia og landets etterleving av forpliktingar som dei har som medlem av Europarådet – inkludert respekt for menneskerettar og rettsstattsprinsipp.
Spørsmålet om å trappe opp overvakinga av Tyrkia var det vanskelegaste spørsmålet i debatten om rapporten «The functioning of democratic institutions in Turkey» lagt fram av dei to rapportørane, Ingebjørg Godskesen (FrP) og Marianne Mikko (Estland) tysdag 25. april. Rapporten, som fekk svært god omtale i parlamentarikarforsamlinga, blei likevel vedtatt med stort fleirtal, med 113 mot 45 stemmer.
– Eg håpar at denne rapporten og vedtaket om å styrke PACEs overvaking kan bidra til tettare dialog mellom PACE og Tyrkia om den urovekkande utviklinga for demokratiet i landet. Situasjonen for det tyrkiske folket i dag er ikkje på noko vis demokratisk berekraftig, seier Godskesen (FrP).
Bekymra for at Tyrkia kan trekke seg
Godskesen er bekymra for at tyrkiske styresmakter kan komme til å trekke seg frå arbeidet i parlamentarikarforsamlinga som følgje av den vedtatte rapporten og resolusjonen.
– Sjølv om dette er noko dei har trua med, håpar eg at dette ikkje skjer, men at vi kan fortsette samarbeidet. Det er viktig at den negative utviklinga vi har sett sidan før det mislykka kuppforsøket blir snudd. PACE ønskjer å jobbe tett saman med tyrkiske styresmakter for å styrke demokrati, menneskerettar og rettsstaten i landet, legg ho til.
Parlamentarikarforsamlingas neste rapport om den demokratiske utviklinga i Tyrkia vil komme i løpet av ein av dei fire delsesjonane neste år i 2018.
Andre medlemsland i Europarådet som er under «monitoring procedure» er Albania, Armenia, Aserbajdsjan, Bosnia og Herzegovina, Georgia, Moldova, Russland, Serbia og Ukraina.