Folks rettar må sikrast ved brexit
Svein Roald Hansen (A) og Sylvi Graham (H) deltok i veke 22 på møte for medlemmar av europakomiteane i nasjonale parlament i EU på Malta.
Malta har formannskapet i EU våren 2017. På det såkalla COSAC-møtet vart mellom anna rolla til brexit, migrasjon, EUs framtid og EUs maritime politikk drøfta.
Maltas utanriksminister George Vella, visepresident i Europakommisjonen Frans Timmermans og EUs forhandlingsleiar for Storbritannias utmelding av EU, Michel Barnier, var blant innleiarane på COSAC-møtet denne veka.
Eit stort fleirtall av dei som tok ordet i brexit-debatten ar opptatt av at rettane til som direkte blir påverka av brexit. Dette gjeld 3 millionar innbyggjarar frå andre EU-land som bur i Storbritannia og 1,5 million britar som bur i andre EU-land, Mange understreka også at Storbritannia må oppfylle dei økonomiske pliktene dei alt har inngått mellom anna gjennom EUs langtidsbudsjett. Eit tredje moment som vart framheva, var behovet for å finne gode løysingar for Nord-Irland, som blir yttergrensa mot republikken Irland. Dette vart ikkje minst understreka av dei irske parlamentarikarane.
– EØS EFTA-landa har dei same utfordringane som EU når Storbritannia går ut av EU. Det er viktig å finne løysingar også for EØS/EFTA-borgarane sa Svein Roald Hansen i sitt innlegg. Han bad Europaparlamentet, Storbritannia og nasjonale parlament i EU om å halde Noreg informert undervegs i forhandlingane.
Michel Barnier sa det er opp til Storbritannia å avklare kva slags relasjon landet vil ha til EU framover. Så lengje den britiske regjeringa står fast ved at landet ikkje skal vere med i den indre marknaden, vil landet vere mindre knytt til EU enn det EØS/EFTA-landa er. Han lova å gjere sitt for å sikre ei god løysing for Irland og å halde nær kontakt med nasjonale parlament under forhandlingane.
Øylandet Malta har maritim politikk som ein av hovudprioriteringane for sitt EU-formannskap. Europakommisjonen har også tatt til orde for ein meir heilskapleg maritim politikk. Representantar både frå ulike kyststatar i Europa understreka at den blå økonomien er viktig for verdiskaping og vekst. Samtidig er det også viktig å sikre berekraftig utnytting av mellom anna fiskeriressursar og også ta tak i andre miljøutfordringar som t.d. mikroplast.
– Det er positivt at EU ynskjer ein samla maritim politikk. Den norske regjeringa har mange av dei same prioriteringane som EU i si nye havmelding, sa Sylvi Graham i sitt innlegg. Europeisk samarbeid er viktig for norsk maritim sektor sa ho og viste samstundes til at representantar frå 50 land møttes i Oslo denne veka for å drøfte tiltak mot ulovleg fiske.
COSAC samlar medlemmar av europakomiteane i nasjonale parlament i EU-landa med deltaking også frå Europaparlamentet og land som er kandidatar for EU-medlemskap. På møtet deltok Noreg saman Andorra, Monaco, Sveits og Ukraina som observatørar. Neste COSAC-møte er i juli i Estland. Sjå også informasjon om møtet på heimesida til det maltestiske EU-formannskapet.