Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Andre nestleiar i utanriks- og forsvarskomiteen, Christian Tybring-Gjedde (FrP), deltok på COSAC-møte i Luxembourg. Foto: Stortinget / Per Nestande.

Luxembourgs EU-prioriteringar og rolla til nasjonale parlament

Andre nestleiar i utanriks- og forsvarskomiteen, Christian Tybring-Gjedde (FrP), deltok måndag 13. juli på møte for leiarane av Europakomiteane i nasjonale parlament i Europa i Luxembourg.

Dagsorden for det såkalla COSAC-møtet inkluderte prioriteringane Luxembourg har for sitt EU-formannskap det kommande halvåret og rolla til nasjonale parlament i europeisk lovgjeving.

Sidan statsminister Bettel var opptatt med forhandlingane om ei løysing for Hellas, var det den luxembourgske arbeids- og sosialministeren, Nicolas Schmit, som orienterte om prioriteringane det neste halvåret. Luxembourg legg vekt på mellom anna tiltak for vekst og sysselsetting, ein effektiv indre marknad, den sosiale dimensjonen til EU og handtering av migrasjons- og sikkerheitssituasjonen i EU.

Mange var opptatt nettopp av situasjonen i Middelhavet og at det er nødvendig å finne ei løysing på migrasjons- og flyktningsituasjonen i ein situasjon der det er konflikt og mangel på stabilitet i fleire land i aust og sør. Fleire kommenterte framlegget om å innføre kvotar for fordeling flyktningar og system for byrdefordeling. Land frå Vest-Balkan som deltok på møtet, understreka eit klart ynskje om framgang i medlemsskapsforhandlingane og samarbeid med EU for å utvikle demokratia i dette området.

Christian Tybring-Gjedde la i sitt innlegg vekt på behovet for vekst og sysselsetting i Europa. Han sa ny vekst er nødvendig for å oppnå dei andre måla Luxembourg har. Ikkje minst er ein effektiv indre marknad, spesielt digital indre marknad viktig. Noreg vil vidareføre eit tett samarbeid med EU om energi. Vi skuldar også veljarane som har sikra oss våre posisjonar, å få på plass returordningar for flyktningar som ikkje har rett til opphald, sa Tybring-Gjedde som også understreka at NATO og EU bør ha god dialog, inkludert ein god transatlantisk dialog.

Nasjonale parlament i EU-landa har i fleire år drøfta korleis dei kan bli meir aktivt involvert i ulike steg av lovgjevingsprosessen i EU. I dag skal parlamenta vurdere om framlegg frå Kommisjonen er i samsvar med det såkalla nærleiksprinsippet. Det medfører at parlamenta kan forsøke å stanse nye lovframlegg dersom dei meiner EU ikkje har traktatgrunnlag for å regulere det aktuelle området. Mange nasjonale parlament ynskjer i tillegg eit system der dei saman kan be Kommisjonen kome med ny, europeisk lovgjeving dersom dei ser behov for det. Det overordna målet er å sikre eit meir demokratisk EU gjennom meir direkte involvering av nasjonale parlament. Mange var positive til eit testprosjekt om europeisk lovgjeving for å redusere omfanget av matavfall.

COSAC er ein møteplass for medlemmar av Europakomiteane i nasjonale parlament i EU-landa med deltaking også frå Europaparlamentet og land som er kandidatar for EU-medlemskap. På møtet var Noreg, Sveits, og Georgia inviterte som observatørar. Neste COSAC-møte er november i Luxembourg.

Sist oppdatert: 13.07.2015 16:34
: