Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Europarådets parlamentarikarforsamling – vintersesjonen

Stortingets delegasjon til Europarådets parlamentarikarforsamling (PACE), leidd av Ingjerd Schou, deltok i veke 4 på forsamlingas vintersesjon. Fortsatt sanksjonar mot Russland og sterk uro for den humanitære situasjonen i Ukraina var blant temaa på dagsordenen.

Snorre Valen (SV).

For fyrste gong sidan april 2014 deltok Russlands delegasjon i parlamentarikarforsamlinga. Landet har boikotta forsamlinga sidan dei blei fråtekne stemmeretten i april 2014, som fylgje av anneksjon av Krim og støtte til opprørsstyrkane i Aust-Ukraina.

Sanksjonane gjaldt berre ut 2014, og det var knytt stor spenning til om forsamlinga ville vedta å forlengje sanksjonane, eller gje den russiske delegasjonen stemmeretten tilbake. Hovuddebatten var beherska og sivilisert, men meir kjensleladd i fagkomiteer og partigrupper. Dette var eit klart vanskeleg spørsmål for mange av parlamentarikarane.

Hovudskiljet gjekk mellom dei som var positive til å gje den russiske delegasjonen stemmeretten tilbake for å leggje til rette for mogleg dialog etter ni månader utan kontakt. På den andre sida stod dei som meinte at Russland har hatt alle moglegheiter til dialog, men ikkje vist vilje til dette. I lys av eskaleringa av konflikten den siste tida, framstod det for denne gruppa som feil tidspunkt for oppheving av sanksjonane.

– Dette var ein konflikt mellom hjerne og hjarte. Men når alt har gått i feil retning og vi kjenner til Russlands rolle i konflikten på bakken, er det vanskeleg å honorere Russland med å gje dei stemmeretten tilbake, seier delegasjonsleiar Ingjerd Schou.

Då stemmeresultatet viste at sanksjonane blir oppretthaldne, gjorde den russiske delegasjonsleiaren Aleksej Pusjkov det klart at Russland vil boikotte parlamentarikarforsamlinga ut 2015. Spørsmålet skal opp til ny vurdering i parlamentarikerforsamlinga april.

Stort engasjement for den humanitære situasjonen i Ukraina

Nær 60 delegatar deltok i engasjert debatt om den humanitære situasjonen i Ukraina. Parlamentarikarforsamlingas rapportør fortalde om desperate forhold med opp mot 5000 daude, nær 1 million internt fordrivne og over 600 000 flyktningar til Russland og andre land i regionen. Behovet for våpenkvile, politisk løysing og respekt for Minsk-protokollen, og klart krav til Russland om å stoppe økonomisk, politisk og militær støtte til opprørsstyrkane i Aust-Ukraina blei understreka. Ingjerd Schou og Frank Jenssen deltok i debatten og var tydelege i sine forventningar til Russland og Russlands ansvar i konflikten. 

Demokratisk svar på terroråtaka i Paris

Ingjerd Schou og Snorre Valen deltok i debatten om terroråtaka i Paris og Europas respons på åtaka. Begge la vekt på at det i ei stund med sjokk og sterke kjensler er viktig å ikkje gje slepp på grunnleggjande demokratiske verdiar, toleranse og respekten for andres meiningar og religion.

– Det er i tider som dette, med sjokk, frykt og sinne at vi treng å halde fast på grunnleggande demokratiske verdiar og rettsstatprinsippet. Å reagere med frykt og sinne er både menneskeleg og naturleg, men fungerer dårleg som politisk kompass, sa Snorre Seirigstad Valen i sitt innlegg.

Terroråtaka i Paris var også sentral i debatten om presse- og mediafridom i Europa. I stadig fleire av Europarådets medlemsland opplever journalistar ein meir usikker arbeidskvardag med trugslar, åtak og til og med drap. Frank Jenssen deltok i debatten og la vekt på ansvaret til medlemslanda for å slå ned på overgrep mot journalistar. Han framheva også at det er grunnleggjande viktig for frie demokratiske samfunn at journalistar og media kan utføre arbeidet sitt fritt, utan redsel for sanksjonar og overgrep.

Sist oppdatert: 30.01.2015 11:21
: