Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Seminar om grunnlovsspråket

Måndag 21. januar vart det halde seminar i lagtingssalen om grunnlovsframlegg om språkleg revisjon av Grunnlova.

Gudleiv Forr og Marit Nybakk heldt innlegg på seminaret.

Stortingspresident Dag Terje Andersen opna seminaret med å seia at dette er fyrste seminaret som er halde om eit grunnlovsframlegg som er til handsaming. Grunnlovsendringar møter altfor lite debatt i ålmenta, noko som er synd sidan dei ikkje bør kunna førast gjennom utan folks kjennskap og vilje. Dette seminaret var del av seminarserien «Grunnloven og deg» som set søkjeljoset på tema kring nasjon og folkestyre fram mot grunnlovsjubileet i 2014.

Ein språkleg revisjon no vil verta andre gongen noko slikt vert gjort. Førre fulle språkrevisjon var i 1903, utførd av Stortingets kontor og vedteke i Stortinget i plenum heilt utanfor retningslinene for grunnlovsendringar. Med ei språkleg tidsmessig grunnlov, er vona å ha henne som eit verktøy tilgjengeleg for vår tid og ikkje berre eit dokument frå si tid, og auka interessa for Grunnlova til grunnlovsjubileet i 2014.

To nye bokmålsversjonar og éin nynorskversjon av Grunnlova

Utgangspunktet for diskusjonen om språkleg revisjon av Grunnlova, er framlegg frå Finn-Erik Vinje og Carl I. Hagen, formelt framsett av Hagen, med ei fullstendig omsetjing av Grunnlova til det dei kallar ein moderat-konservativ variant av bokmål. Marit Nybakk (A) sa ho hadde vore trygg på at dette framlegget kom til å verta forkasta og at A var klåre på at dei kom til å gå imot, men i høyringa i kontroll- og konstitusjonskomiteen kom det eit unisont svar frå juridisk og filologisk hald om at endringar kunne gjerast utan å endra noko av substansen i Grunnlova.

Komiteen greidde ikkje å få nokon til å koma med motlegg mot ein språkleg revisjon utanom frå Stortinget sjølv. Språkrådet ynskte seg eit større arbeid med offentleg utgreiing om spørsmålet, men var samde i at Vinje-framlegget kor som er var betre enn den grunnlovsteksten som gjeld no. Regjeringspartia (A, SV og Sp) gjekk difor inn for at ein kunne få ei ny grunnlov under føresetnaden av at ho kom både på bokmål og nynorsk med same innhald utan at realitetane i lova vart endra. Stortinget vedtok å be presidentskapet om å få utarbeidd versjonar med same status på tidsmessig bokmål og nynorsk etter gjeldande rettskriving 21. mai 2012 og Grunnlovsspråkutvalet under leiing av Hans Petter Graver vart nedsett. Arbeidet frå utvalet vart framsett 28. september 2012 som eitt samla framlegg (Grunnlovsforslag 25 (2011–2012)).

Anders Anundsen (FrP) meinte det burde halda å be Graver-utvalet skaffa ein nynorskversjon og vedta bokmålsversjonen frå Vinje og Hagen (Grunnlovsforslag 21 (2011–2012)) alt då, men dette var det berre H og FrP som støtta. For å kunna røysta for omsetjinga frå Vinje og framleis få ein nynorskversjon, er nynorskversjonen frå Graver-utvalet fremja både for seg (Grunnlovsforslag 22 (2011–2012)) og samla med bokmålsversjonen. Av di det ligg føre to bokmålsversjonar, vert det komande stortinget nøydt til å einast om kva for ein bokmålsversjon som skal vedtakast for å få det naudsynte 2/3-fleirtalet for ei grunnlovsendring. Det er berre V og KrF som ikkje sluttar seg til intensjonen om å få ei språkleg revidert grunnlov vedteken.

KrF går mot endring

Geir Jørgen Bekkevold (KrF) var den på seminaret som forsvarte det gjeldande grunnlovsspråket. Grunnlova er vårt høgste rettsdokument og eit nasjonalt klenodium som er nære knytt til 1814. Eit nytt språk kan gjeva eit tap av vår sams arv. Språket er gamaldags, men det er eit særeige og høgtideleg språk som gjer at ein møter Grunnlova med pietet. Han heldt òg fram at feilendringar som vert gjorde i Grunnlova er svært vanskelege å retta oppatt, grunna den lange prosedyren som krevst for grunnlovsendringar. I ein full revisjon kan feil koma inn og nyansar i teksten kan verta borte. Det er elles fullt mogeleg å gjera språklege endringar her og der, som til dømes at «Borger» er vorte presisert til at det gjeld både kvinner og menn.

KrF er komne til at dei vil halda på språket. Det høgtidelege preget må takast vare på og meining må ikkje endrast. Bekkevold la til at han forstod symbolverdien i å få ei ny grunnlov til jubileet i 2014, men tykte ikkje dette måtte føra til at tidspress fekk avgjera. Elles vona han at intensjonen om å skapa ny interesse for Grunnlova i breie lag vert oppfylt.

Språkhistoria til Grunnlova

Professor emeritus Finn-Erik Vinje gjekk gjennom språkhistoria til Grunnlova. Grunnlovsfedrene kalla det danske språket dei førde anten for norsk eller «Modersmaalet». Dei var kunnige språkbrukarar som gjorde seg flid med språkarbeidet. I motsetnad til kritiske røyster som har kalla språket noko keiveleg knot, sa Vinje seg samd med historikaren Halvdan Koht som kalla språket greitt og fyndig. Vinjes eigne studiar viser at grunnlovsspråket ikkje er påfallande innfløkt samanlikna med seinare lovspråk på andre måtar enn framandvorne stavemåtar og grammatikk.

Språkrevisjonen i 1903 sytte for at språket vart meir einskapleg enn det hadde vore etter ymse endringar, og det fekk ei lett gamalmodig drakt der ein tok vare på «Minnelser» frå det opphavlege språket. Grunnlovsendringar har etter dette hatt justeringa frå 1903 som språknorm. I 2008 gav stortingspresident Thorbjørn Jagland tilgang til å få vedteke grunnlovsframlegg i moderne språkform jamsides gamle paragrafar. Vinje meinte ein slik tilgang må leia til stilforvirring, uestetisk miksmaks og eit ortografisk og typografisk virvar med nye og gamle språktrekk i uharmonisk granneskap. Han stiller strengare krav til eit nasjonalt klenodium av slik rang.

Den einaste grunnen til at omsetjinga til Vinje ikkje vart vedteken med det same, var kravet om ein nynorskversjon samstundes. Hans omsetjing rekna han sjølv som ei andletslyfting av teksten på same måte som det hadde vore gjort i 1903, og ikkje noko brot med tradisjonen. Dersom kravet om tidsmessig bokmål skal tolkast som i tråd med gjeldande rettskriving, er Vinje-framlegget innanfor. Skal det tyda å fjerna syntakstrekk og nærma seg daglegspråkleg tone, er det ikkje det. Men ein historisk tekst burde kunna halda på slike trekk som til dømes enkel bestemming eller føresett eigedomspronomen som i «kongen og hans råd» heller enn «kongen og rådet hans». Det finst ulike stilistiske sjikt i notidsspråket som -a- eller -en-endingar og s-genitiv eller garpegenitiv som ein slik tekst må kunna utnytta. Teksten ber òg på leksikalske minne som kan haldast på for å syna at det er ein historisk tekst.

Framlegget frå Graver-utvalet

Kyrre Grimstad som hadde ordet for Graver-utvalet, slo fast at deira bokmålsversjon ikkje var noka radikal omskriving. Også her er det til dømes gjennomført enkel bestemming og føresett eigedomspronomen. Ei regulær omsetjing til nynorsk av meiningsinnhaldet gjort frå botnen, gav stor skilnad mellom versjonane, med langt meir korthogge og direkte språk, aktive former og daglegdagse formuleringar på nynorsk. Det skulle ikkje vera ugrunna skilnader mellom versjonane, men heller ikkje for likt i val av valfrie former; dei ville halda på to særmerkte språk.

Ein del hevdvunne taleformer frå Grunnlova måtte respekterast, noko som mest avgrensa ein fri nynorskversjon. Graver-utvalet tok eit meir «moderne» utgangspunkt enn Vinje, men tek vare på nokre kjende formuleringar som til dømes «Ytringsfrihet skal finne sted», vanskelege ord som «sportler» og «fideikomisser» som det knapt finst motstykke til i dagsens språk og samfunn, og andre formuleringar i respekt for at det er eit historisk dokument.

Der ei tolking er usikker og ei forklåring av uklåre ord vert langdryg, er det òg halde på gamle formuleringar. Like fullt er det fleire omskrivingar enn hjå Vinje. I moderne tekst må formuleringar endrast som vil gjeva misvisande tydingar i dag, så som at «pinlig Forhør» heller vert «pinefullt». Det er òg kome til alternative formuleringar som er gjorde kjønnsnøytrale med «ho/han» og liknande.

Ta opp eller opna lån

I det heile er det stor semje om at dei ulike framlegga vil syta for nye grunnlovstekstar på tidsmessig nynorsk og bokmål som ikkje rokkar noko ved substansen i den gjeldande Grunnlova. Av få motlegg på seminaret, var det ei påpeiking frå Finn-Erik Vinje om formuleringa i § 75b frå Graver-utvalet der Stortingets høve til å «aabne Laan» er endra til å «ta opp lån». Vinje meinte dette kan tolkast som ei realitetsendring. I språkbruken kring dette emnet, finn han skilnader mellom uttrykka «å opna» og «å ta opp lån» der «ta opp» får ei meir iverksetjande tyding. Slik maktfordelinga er i det norske politiske systemet, er det kongen som set i verk vedtak, og det ligg til kongen og regjeringa å ta opp dei lån som Stortinget opnar.

Sist oppdatert: 22.01.2013 14:57
: