Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Konferanse om Stortinget og det parlamentariske systemet

I samband med forskings- og bokprosjektet om Stortingets historie 1964–2014 til grunnlovsjubileet i 2014, vart det halde ein konferanse om Stortinget og det parlamentariske systemet i lagtingssalen måndag 6. mai.

Professorane Kaare Strøm, José Antonio Cheibub og Stefanie Bailer saman med stortingspresident Dag Terje Andersen i lagtingssalen.

Komparative perspektiv

Konferansen byrja med nokre innlegg om parlament frå ein samanliknande ståstad. Professor ved University of Illinois, José Antonio Cheibub, meinte at skilnaden mellom parlamentarisme og presidentstyre ikkje er så stor som ein har tenkt. Regjeringar i parlamentarismen treng tillit frå parlament for å sitja, medan presidentar sit for faste periodar, men båe styreformene møter like utfordringar. I demokratiske presidentstyrte system kan presidenten ta til seg lovgjevande makt ved å koma med dekret. Dette er likevel ikkje ein ukontrollert måte å koma utanom vrangviljuge lovgjevande kongressar; det må aksepterast av kongressen, skal det verta varande politikk.

Regjeringar i parlamentarismen har òg verktøy mot uviljuge parlament; dei kan koma med kabinettsspørsmål som tvingar eit parlamentsfleirtal som ikkje ynskjer at regjeringa skal gå av, med på visse saker. Inntrykket av at regjeringar tek til seg makt på lovgjevande forsamlingars kostnad, er misvisande, meiner Cheibub, av di både parlamentariske og presidentstyrte system gjev lovgjevar kontrollerande motmakt som samstundes styrkjer parlamenta.

Elles peika Cheibub på at når ein samanliknar konstitusjonar, viser det seg at fordelinga av fullmakter mellom statsmaktene i parlamentariske og presidentstyrte land ikkje er særleg ulik, og at tidspunktet for når ein konstitusjon er skriven gjev betre samvariasjon enn kategoriane parlamentarisme og presidentstyre.

Styrkt parlamentskontroll

Professor Kaare Strøm greidde ut om parlamentskontroll. Dei nordiske landa har vore pionerar i utviklinga av parlamentskontroll som til å byrja med galdt kontroll av monarken. Etter at det parlamentariske demokratiet slo fullt igjennom, tapte denne kontrollen noko kraft, og særleg etter at ein fekk ein vedvarande sosialdemokratisk dominans. Med same person som statsminister og partileiar i lange tidbolkar, vart oversynet med den iverksetjande makta flytta frå parlament til fora i partiet.

Etter dette er den parlamentariske kontrollen styrkt, særleg dei siste 20 åra. Talet på spørsmål til regjeringa veks frå 1990, det kjem meir kritiske spørsmål, meir parlamentsverksemd initiert av opposisjonen, meir aktiv og kritisk kontrollkomité og meir verksame kontrollorgan som Riksrevisjonen. For å forklåra dette, nytta Strøm ei inndeling kjend frå kriminaletterforsking: Middel, høve og motiv.

Middelet for kontrollverksemd er informasjon og tid til å setja seg inn i saker. Partigrupper har skaffa seg rådgjevarar som hentar informasjon og førebur representantane. Nordiske parlament har større budsjett til eiga drift samanlikna med andre land, og dei parlamentstilsette avlastar noko av representantarbeidet. Og med framveksande informasjonsteknologi og ei ubunden, granskande og variert presse, kjem det heile døgeret fram offentleg informasjon om det regjeringa og regjeringsmedlemene driv med.

Mindretalsregjeringar har vore det vanlege i Norden, særleg frå 1970- og 80-talet. Den auka kontrollverksemda på 90-talet kan vera ein etterverknad av dette som fyrst slo inn når politikarane rekna mindretalsregjeringar som ei forventa ordning. Når regjeringa har fast støtte av eit mindretal i parlamentet, er høvet til å føra kontroll langt betre enn elles.

Svakare parti og partiidentifikasjon, nedgang i partimedlemskap, større veljarrørsle og partiskifte frå val til val, gjev politikarar motiv til å vera synlege, sjølvstendige og kritiske. Det løner seg for opposisjonen å vera kritisk og aktiv mot regjeringa; parti i regjering taper som regel neste val. Og når pressa og organisasjonslivet er vortne partiuavhengige, er det òg grunn for parlamentsmedlemer i regjeringsparti å synast og vera sjølvstendige, ettersom karrierevegen må vera utanfor partiet i eit langt mindre partidominert samfunn.

Frå politikkordskifte til kontrollordskifte

Tidlegare stortingspresident Kirsti Kolle Grøndahl heldt sameleis fram at det har vore ei forskuving av oppgåvene i Stortinget frå lov- og budsjettarbeid til meir kontrollarbeid. På 70-talet var det store politiske ordskifte om lovsaker om jamstillingspolitikk, vern av natur og utbygging av fossekraft, oljelovgjeving og mykje tid vart nytta til budsjettingingar der kvar representant til slutt fekk med seg nokre kroner til sin heimstad.

Med oljerikdomen vart det etter kvart altfor mykje pengar å fordela, og ein innførde ny ordning der ramma for budsjettet vart fastsett fyrst og dei lange tingingane fekk difor mindre rom. Seinare er lovarbeidet møtt med mindre politisk engasjement og kontrollverksemda har fått auka prestisje. På 90-talet var ho med og innførde kontrollverktøy som opne høyringar, spontanspørjetimen, skriftlege spørsmål, granskingar og EOS-utvalet. Etter hennar meining har kontrollregimet no gått altfor langt. Det er vorte ei «finn fem feil»-oppgåve for Stortinget, og politikkutøvinga er merkt av ei risikovurdering som tvingar ein inn i eit A4-format der ein ikkje torer ta nokon sjansar.

Når samstundes tilslutning til internasjonale avtalar som EØS og den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), og meir og meir lovfesting av einskildrettar, bind opp politikken, vert det meir kontrollordskifte enn politikkordskifte. I møte med ei fleirtalsregjering dreier det seg mest om detaljpolitikk og populisme og Stortinget som debattarena er svekt. Debatten er flytta til andre stader, meir uformelt og fritt i pressa, meir omkring einskildsaker og i raskare ordskifte i sosiale medium.

Makta til Stortinget

Øyvind Østerud synte til at det har gått føre seg ein saksretta abdikasjon der Noregs Bank, NRK, helseføretak, børsnoterte og delprivatiserte statsselskap og ulike tilsyn utan direkte stortingskontroll, styrer seg sjølve. Tap av makt er klårast med internasjonale avtalar der politikk kjem frå EMK og EØS. Rettsleggjering og lovfesting av rettar gjer politiske saker til juridiske spørsmål, og ei auka mengd kompliserte lover med stor førebuing frå departementet, er meir enn Stortinget kan ha oversyn over, og endar som summariske ordskifte der Stortinget strøyer sand på det som kjem.

Professor Johan P. Olsen sa at det jamt er eit spørsmål om parlamenta er i nedgang eller berre i endring. Parlament er i seg sjølve av dei mest stabile institusjonane me kjenner. Har Stortinget den makta som folk ynskjer? Ja, det er ikkje noko folkeleg krav om strukturskifte. Har Stortinget makta dei folkevalde ynskjer? Ja, dei ynskjer seg makt med måte. Overføring av makt til EØS og internasjonale domstolar er gjort med vitende og har tilslutnad.

Frå salen stilte Hilmar Rommetveit seg spørsmålet om når Stortinget eigenleg hadde all denne makta. Og kor mange er det eigenleg som går til søksmål for å få lovfesta rettar? Mykje av politikken held fram som før og nyt stor tillit. Han tykte noko av framstillinga av nedgang for Stortinget var litt av slaget «alt var betre under krigen».

Bokprosjektet

Til slutt under konferansen var det ein gjennomgang av delar av arbeidet med bokprosjektet om Stortinget 1964–2014 som gav innblikk i førebelse funn i denne forskinga. Prosjektet er ikkje lagt opp som ein rein historisk kronologi, men med tematiske bolkar som Stortingets sosiale samansetnad, Stortinget og pressa og den folkelege forankringa og legitimiteten til Stortinget. Boka skal lanserast 14. oktober 2014.

Sist oppdatert: 26.02.2020 15:50
: