Diskuterte Europol og anna justissamarbeid i Brussel
Framtida til Europol, samarbeid mellom nasjonale justisstyresmakter og utfordringar i det sivilrettslege samarbeidet på tvers av nasjonale grenser stod på dagsordenen i Europaparlamentet 20. juni.
Tre norske stortingsrepresentantar deltok på møtet som vart arrangert av borgarretts-, justis- og innanrikskomiteen og av rettskomiteen i Europaparlamentet, der representantar frå nasjonale parlament også deltok. Frå Noreg deltok Hans Frode K. Asmyhr, Ulf Leirstein og Åse Michaelsen som alle representerer FrP i justiskomiteen på Stortinget.
– Noreg deltek i mange delar av EUs justissamarbeid, mellom anna gjennom samarbeidsavtaler med Europol og Eurojust og vi er med i Schengen og den indre marknaden. Det er viktig å delta i diskusjonen om det justispolitiske samarbeidet, seier Hans Frode K. Asmyhr.
Framtida til Europol var ei sentral sak på møtet. Europakommisjonen har lagt fram eit framlegg til ei forordning om organiseringa av Europol. Framlegget om å slå saman Europol med det europeiske politiakademiet (Cepol) vart kritisert i møtet. Samstundes var mange opptatt av eit godt personvernregelverk i Europol-samarbeidet og av parlamentarisk kontroll av Europol.
I tillegg til Europol drøfta parlamentarikarane samarbeidet mellom nasjonale justisstyresmakter i kampen mot kriminalitet, mellom anna i lys av planane om ei europeisk påtalemakt. Åse Michaelsen tok i sitt innlegg opp behovet for europeisk samarbeid overfor tredjeland som ikkje har utleveringsavtaler.
– Martine-saka der den mistenkte for drapet unndreg seg straff i heimlandet Jemen, viser at det er behov for å betre det internasjonale samarbeidet om utleveringsavtaler. Eg meiner det bør vurderast å opprette ein transnasjonal straffedomstol for saker som involverer fleire land og håper EU vil ta med seg dette vidare i sitt arbeid for å styrke justissamarbeidet, seier Åse Michaelsen.
Parlamentarikarane drøfta også behovet for koordinering på det sivilrettslege området i EU. Dette gjeld ikkje minst spørsmål knytte til familieretten når det gjeld ekteskap, partnarskap og skilsmisse der ulike nasjonale reglar gjev ein uklar rettstilstand.