Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Tinget.no på nynorsk

Alle faktatekstane på Stortingets nettstad for ungdom finst no på nynorsk.

Ein ny versjon av stortinget.no vart nettopp lansert. Strukturen og utsjånaden er fornya, og for første gong fins alle faktatekstar og menyar på nynorsk.

Stortinget har no òg lansert ein ny versjon av www.tinget.no, nettstaden for ungdom. Også her fins informasjonstekstar og hovudmenyar på nynorsk. Aktuelt-saker og intervju fins berre på bokmål.

Du finn nynorsktekstane ved å klikke på menyvalet «Klikk for nynorsk». Dersom den sida du vil sjå ikkje fins på nynorsk, blir ho vist på bokmål.

Tinget.no vart lansert i 2005. Nettstaden inneheld informasjon om demokrati og makt, og prøver å svare på desse tre spørsmåla:

  1. Kva gjer Stortinget?
  2. Korleis jobbar Stortinget?
  3. Korleis kan du delta?

Tinget.no inneheld òg artiklar om aktuelle tema, intervju med stortingsrepresentantar (som elevane vert oppmoda til å skrive sjølve), informasjon om MiniTinget og 2050, og ei interaktiv ordbok.


Lærarrettleiinga har tips om korleis nettstaden kan nyttas i undervisinga. Ein stortingsquiz gir deg sjansen til å teste kunnskapane dine.

Sist oppdatert: 11.12.2008 12:37
: