Actis - høringssvar Prop 122 L (2024-2025)

Actis er ein paraplyorganisasjon på rusfeltet med 39 medlemsorganisasjonar. Me jobbar med å førebygge og redusere skadane nytt til alkohol, narkotika og pengespel.

 

Personar i aktiv rus treng eit krisesentertilbod

Personar med rusavhengigheit er ei av dei mest valdsutsette gruppene i Noreg. Det som særpregar valdsutsette rusavhengige er at dei ofte har ei dobbelt avhengigheit, både avhengigheit til rusmiddel, men òg til at valdsutøver forsyner dei med desse rusmidla.

Det finst lite heilskapleg statistikk om gruppa, men undersøkingar frå både Sverige, Bergen og Oslo viser at prosentdelen i rusmiljøet som er valdsutsette er høg. I den svenske undersøkinga kom det fram at fire av ti hadde vore på legevakta på grunn av skadar som resultat av vald, og ein av tre hamna på sjukehus. Ei undersøking frå Bergen viser at 77 prosent av kvinnene og 71 prosent av mennene i rusmiljøet i byen hadde blitt utsette for vald. Undersøkingar frå Thereses hus i Oslo viser at så mange som 90 prosent hadde blitt utsette for vald i løpet av livet og 50 prosent den siste veka. Vald er dessverre ein normalisert del av rusmiljøet, og derfor er det òg ei utfordring å få den valdsutsette til å sjå på seg sjølv om som eit valdsoffer som har behov for vern.

Trass i det store omfanget av vald, er personar med kjent rusproblematikk den gruppa som oftast blir avvist ved norske krisesenter, og talet på krisesenter som seier nei til å ta imot personar med kjent rusproblematikk går opp. I 2022 var det tre krisesenter for kvinner og sju for menn som sa nei. For kvinner gjekk talet opp til fem i 2023 medan talet for menn var stabilt på sju. Samstundes har talet på krisesenter som tar imot utan atterhald gått ned frå 12 i 2021 til 9 i 2023 for kvinner og frå 9 i 2022 til 7 i 2023 for menn. Resten vurderer i kvart enkelt tilfelle.

At talet på krisesenter som tar i mot går ned, viser at det ikkje har lukkast å gi utsette grupper, og særleg ikkje personar med rusproblematikk, betre tilgang til krisesenter. Dette er eit problem Krisesenterlova må løyse.  

Samfunnet kan ikkje akseptere at personar i aktiv rus har eit svakare vern mot vald i nære relasjonar enn andre grupper i samfunnet. Gjennom å ikkje sikre dei tilgang til eit krisesentertilbod, er ein indirekte med på å akseptere normaliseringa av vald i rusmiljøet. Det er eit brot på menneskerettane til denne gruppa.

Klare forbetringar i proposisjonen

Då Regjeringa la fram sitt forslag til ny lov sommaren 2024, meinte Actis at lovforslaget ikkje ville løyse utfordringa med at utsette grupper ikkje får eit godt nok krisesentertilbod. I proposisjonen som er lagt fram nå, er nokre av desse problema løyst, men det er rom for forbetringar.

Actis støttar at regjeringa i forslag til ny §3 første ledd byttar ut ordet «butilbod» med «krisesentertilbod». Då det første forslaget til lovendringar kom i 2024, var Actis bekymra for at lovforslaget la opp til at kommunane kunne rutinemessig bruke rusomsorga i kommunane til å huse valdsutsette personar med rusproblem. Dette hadde vore svært problematisk og hadde ført til at ein plasserte valdsoffer i ein rusomsorg, som ifølgje Riksrevisjonen, allereie tar seg av svært sjuke pasientar, deriblant pasientar med høg valdsrisiko. I tillegg er det mangel på kapasitet og bustadar, og berre 12 prosent av kommunane har heildøgns helse- og omsorgsplassar retta spesifikt mot kvinner med rusavhengigheit.  

Derfor er det svært bra at Regjeringa nå gjer det tydeleg at kommunane ikkje rutinemessig kan nytte seg av alternative tilbod og at det alternative tilbodet må vere eit krisesentertilbod med det som det inneber av kompetanse, tryggleik og tilgjengelegheit.

 

«Så langt råd er» må fjernast frå §3

Likevel er Actis skuffa over at formuleringa «så langt råd er» blir verande. Som både NIM og Varde og Hartmark har påpeikt, bidreg denne formuleringa til at kommunane får rom til å nedprioritere utsette grupper. Actis meiner derfor desse orda burde strykast i ny lov slik at det i §3 første ledd står «Kommunen skal sørgje for at tilbodet blir lagt til rette slik at det kjem dei individuelle behova til brukarane i møte».

 

Definisjon av nære relasjonar

Actis merkar seg òg at proposisjonen ikkje tek opp korleis «nære relasjonar» skal definerast. Me har fleire gonger fått tilbakemelding på at «nære relasjonar» blir tolka for snevert og kan gjere det vanskeleg for personar i rusavhengigheit å oppsøke krisesenter.

Som Maria Therese Haug er inne på i si masteroppgåve om valdsutsette menn i rusmiljøet, blir «nære relasjonar» i dag tolka ut frå kva som er nære relasjonar i ein tradisjonell familie. Dermed passar ikkje gatefamiliediskursen inn i Krisesenterlova sin definisjon, og vald utført av vener, kjente eller andre i rusmiljøet gir dermed ikkje automatisk rett til vern, dette trass i at «Gatefamilie og nære relasjoner i rusmiljøet kan ha mange av de samme verdiene som man forbinder med familie og nære relasjoner ellers i samfunnet. Tillit, gjengjeldelse av tjenester, tilhørighet, å «backe» hverandre, arbeide og bo sammen som er alle verdier som kan være til stede i disse familiediskursene.»[1]

Actis meiner at ny rettleiar til krisesenterlova må utvide definisjonen av nære relasjonar slik at han òg er tilpassa personar med rusavhengigheit og ber komiteen vere tydelege på behovet for dette.

 

Krisesentertilbod eller behandlingstilbod?

Til slutt vil me påpeike at Regjeringa har skapt usikkerheit rundt skiljet mellom krisesentertilbod og behandlingstilbod. Det er bra at proposisjonen slår fast at «Departementet legg til at krisesentera er, og skal vere eit lågterskeltilbod for dei som er utsette for vald i nære relasjonar, og ikkje behandlingsinstitusjonar.» Då statsråden i mars svarte Raudt på kva regjeringa vil gjere for å auka talet på krisesenter som seier ja til å ta i mot personar i aktiv rus og sikre denne gruppa eit krisesentertilbod, viste ho til at dei regionale helseføretaka har fått i oppdrag å bygge opp kapasitet i helseføretaka til valdsutsette kvinner. Dette oppdraget kom i etterkant av at Dok 8:82 S (2023-2024) som omhandla tverrfagleg spesialisert rusbehandling blei behandla.

Det er eit viktig signal at krisesentertilbodet er noko anna enn eit behandlingstilbod, og me håpar at Departementet framover ikkje vil vise til behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta når krisesentertilbodet til personar i aktiv rus blir diskutert.

Actis vil likevel påpeikte at eit godt krisesentertilbod kan vere eit viktig steg på vegen for fleire til å bygge tillit til systemet og gi dei som treng det hjelp til å kome i behandling for rusavhengigheit.

 

Med venleg helsing,

Actis - Rusfeltets samarbeidsorgan

[1] Haug, 2023, s. 48