Natos generalsekretær i Europaparlamentet: Ikkje krig, men heller ikkje fred
Mark Rutte, Natos generalsekretær, møtte 13. januar medlemmer av Europaparlamentets utanrikskomité, sikkerheits- og forsvarskomité og Nato-delegasjon. Konsekvensane av ein ny administrasjon i USA, krigen i Ukraina og innsats mot hybrid krigføring i Austersjøen var sentrale tema i dialogen.
I sitt fyrste dialogmøte med Europaparlamentet etter at han tok over som Natos generalsekretær teikna Mark Rutte eit alvorleg bilete av situasjonen i si innleiing, jf. også denne pressemeldinga frå Europaparlamentet. Eg er svært uroleg for sikkerheitssituasjonen og sjølv om det ikkje er krig, er det heller ikkje fred, sa han. Nato-landa må bruke vesentleg meir enn 2 prosent av BNP på forsvar framover, og Rutte viste til at dette uansett berre vil vere ein liten del av totalbudsjettet til landa. Han viste til ei rekke utfordringar, inkludert krigen i Ukraina, destabiliseringsforsøk frå Russland og andre statar, atomtrugsmål, terror, desinformasjon, og klimaendringar. Samla sett betyr dette at det er heilt nødvendig å investere meir i forsvar, styrka motstandskrafta og støtte til Ukraina. EU og Nato må samarbeide tett på alle desse områda. Samstundes understreka han at det sterke samhaldet både i EU og Nato dei siste åra gav grunn til optimisme.
EU og Nato har ulike roller og må komplimentere kvarandre. EUs indre marknad er døme på dette. Det er positivt at EU arbeider for å styrke produksjon av forsvarsmateriell. Han understreka samstundes at EU ikkje må byggje barrierar til dei Nato-landa som ikkje er med i EU – alle allierte må kunne delta i samarbeidet på dette området. Rutte sa kabelbrota i Austersjøen ville få konsekvensar. Han skulle reise til Helsingfors etter møtet i Europaparlamentet for å delta på toppmøtet som den estiske og finske statsministeren hadde teke initiativ til for å drøfte vidare tiltak mot hybridaktivitet i Austersjøen. Han avslutta si innleiing med at det er viktig å støtte Ukraina slik at dei kan kome til forhandlingsbordet i ein så sterk posisjon som mogleg. Ein eventuelle avtale som blir møtt med «high five» av Russland, Kina, Iran og Nord-Korea vil ikkje vere ein god avtale for Ukraina og ikkje sikre ei stabil løysing sa han.
Etter innleiinga kom det ei rekkje spørsmål og kommentarar til Rutte frå alle dei åtte politiske gruppene i Europaparlamentet. Det var brei støtte til hovudpunkta i innleiinga hans frå dei fleste gruppene. Unnataket var innlegg frå dei to ytre høgre gruppene Patriotar for Europa (PfE) og Europa av Suverene Nasjonar (ESN).
Mange av parlamentarikarane understreka behovet for styrka samarbeid og koordinering mellom EU og Nato og spurte korleis Rutte konkret ville sikre dette. Det vart vist til at EU har felles lovgjeving og eit felles budsjett i motsetnad til Nato. Mange var samde i behovet for auka forsvarsbudsjett og bad han konkretisere kva det nye BNP-målet bør vere for Nato-landa. Enkelte viste til at opinionen forstår at det er nødvendig å auke investeringane i forsvar, men at det er vanskeleg å forklare kvifor ikkje Nato-landa er betre koordinerte. PfE viste til at auka forsvarsutgifter vil krev uakseptable kutt i pensjonar og andre viktige formål. Andre spurte om auken kan finansierast gjennom felles låneopptak slik enkelte har teke til orde for.
Dei fleste var samde i behovet for meir støtte til Ukraina og han fekk spørsmål om kva sikkerheitsgarantiar landet kan få før det blir medlem av Nato og korleis dette kan førebuast alt nå. Ein representant frå ESN sa Trump ville få slutt på krigen før påske og at EU alt nå må ta konsekvensen av dette.
Han fekk også fleire spørsmål om utfordringane på Vest-Balkan og Middelhavet. Fleire tok opp rolla til Tyrkia som ikkje følger EUs sanksjonsregime mot Russland, er ein aktør i Midtausten, kontrollerer ein viktig del av flyktningstraumen til Europa og også okkuperer ein del av Kypros. Landet blokkerte også lenge finsk og svensk Nato-medlemskap.
Det kom mange spørsmål om konsekvensane av den nye administrasjonen i USA og Rutte vart bedt om å kommentere Trumps utspel knytt til mellom anna Canada og Grønland. Mellom anna fekk han spørsmål om korleis artikkel 5 skal tolkast dersom eit Nato-land bruker militærmakt mot eit anna Nato-land slik Trump har truga med.
Mange var positive til styrka innsats mot dei hybride åtaka i Austersjøen, men det kom spørsmål om toppmøtet i Helsingfors var eit steg i retning av ei regionalisering som ein tradisjonelt har forsøkt å unngå i Nato-samarbeidet. Fleire sa det er viktig med tiltak for å kontrollere skuggeflåten som opererer i Austersjøen. Den medfører både ei omgåing av EUs sanksjonsregime og utgjer ein miljøtrussel.
I sine avsluttande kommentarar viste Rutte til at EU og Nato har etablert ei høgnivågruppe for å styrke samarbeidet og koordineringa. I tillegg hadde han avtalt med kommisjonspresident von der Leyen at dei skulle ha direkte dialog for å avklare spørsmål som ikkje blir avklart i høgnivågruppa. Formålet er meir koordinering, men på ein mest mogleg ubyråkratisk måte. EU kan til dømes spele ei viktig rolle i å utvikle felles industristandardar.
Nato skal også ha merksemd mot Middelhavet og Vest-Balkan. Mellom anna følgjer Nato nøye med på utviklinga i tilhøvet mellom Kosovo og Serbia og internt i Bosnia-Herzegovina der EU og Nato samarbeider tett. Mandatet til Eufor må fornyast i november.
Det er for tidleg å seie korleis sikkerheitsgarantiane for Ukraina skal sjå ut, men han gjentok at det sentrale nå er å sikre at Ukraina er i ein sterk posisjon. Det er viktig og positivt at ei rekkje land har inngått bilaterale sikkerheitsavtaler med landet.
Rutte sa eit nytt BNP-mål ville måtte vere høgare enn 3 prosent, men ville ikkje forplikte seg til konkrete tal. Samstundes understreka han at styrka samarbeid og koordinering vil gje meir forsvar for pengane. Han viste samstundes til at USA står for 60 prosent av samla militærutgifter i Nato. Dersom EU og Europa skulle byggje opp eit eige forsvar ville det krevje heilt andre BNP-prosentar og det ville uansett ta minst 10-15 år. Dette er derfor heilt urealistisk og dessutan unødvendig gitt det sterke transatlantiske samarbeidet. Det er opp til EU-landa å avgjere korleis auka utgifter skal finansierast – eg skal ikkje uttale meg om det bør skje ved felles låneopptak, sa Rutte.
Han var samd i Mette Fredriksens vurdering av at Trumps utspel om Grønland handlar om Arktis og eit ynskje å sikre at Arktis er trygt. Han viste elles til at Trump hadde hatt rett i ein del av utspela i førre periode, inkludert behovet for auke europeisk forsvarsinnsats.
Toppmøtet i Helsingfors handlar ikkje om regionalisering, men å få innspel om korleis Nato samla best kan takle trugsmåla mot infrastruktur der. Det er alt stasjonert fleire Nato-skip i Austersjøen og dette er noko Russland ikkje likar.
Rutte viste til at Tyrkia er eit viktig medlem i Nato-alliansen, men at landet som alle andre land også kjempar for sine interesser. Han sa landet hadde vore sentralt i å stanse migrasjonsstraumen til Europa i 2016 og at dette var noko han som nederlandsk statsminister hadde vore svært glad for den gongen.
Kontaktinfo
Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg