Plenumsmøtet til Europaparlamentet 16. – 19. september
Haustens fyrste plenumsmøtet i Strasbourg vart prega av at kommisjonspresidenten presenterte sitt framlegg til nytt kommisjonskollegium på ein pressekonferanse tysdag. Den ungarske statsministeren avlyste sitt besøk på grunn av flaumen i Sentral-Europa. Ein debatt om prioriteringane til det ungarske formannskapet vart derfor erstatta av ein debatt om flaumen og EUs beredskap mot naturkatastrofar. Parlamentet drøfta også europeisk konkurranseevne etter ein presentasjon av Draghi-rapporten, vidareføring av støtta til Ukraina og ein rapport om framtida til europeisk landbruk. I samband med ein resolusjon om valet i Venezuela var sentrum høgre-gruppa (EPP) kritisert for å samarbeide med ytre høgre-parti. Samansetninga av internasjonale delegasjonar vart annonsert torsdag.
Sjølv om kommisjonspresident Ursula von der Leyens presenterte sitt framlegg til nytt kommisjonskollegium på ein pressekonferanse og ikkje i plenumsmøtet, var det dette som fekk mest merksemd i Strasbourg denne veka (sjå eigen sak). Det andre alle snakka om på førehand var korleis debatten med den ungarske statsministeren Victor Orban ville bli. På grunn av flaumen i Sentral-Europa avlyste han sitt besøk til Strasbourg. Det er nå uklart når han vil kunne presentere prioriteringane til det ungarske EU-formannskapet til plenumsmøtet. (Sjå eventuelt omtale av dei ungarske prioriteringane i EU/EØS-nytt, 29. august 2024). Parlamentet vedtok fleire resolusjonar, men få vedtak av rettsakter.
Flaumen i Sentral-Europa og EUs beredskap mot naturkatastrofar
I staden for debatt om ungarske prioriteringar, drøfta parlamentarikarane onsdag flaumen og EUs kriseberedskap med Janez Lenarčič, EUs kommissær for kriseberedskap. Parlamentet vedtok torsdag ein resolusjon som tek til orde for betre beredskap mot og innsats ved kriser, men også klimatilpassing og klimatiltak.
I debatten uttrykte både Lenarčič og parlamentarikarane medkjensle og sympati med dei som er råka av flaumen og pårørande som har mista kjære. Han viste til at situasjonen er alvorleg og enkelte stader opplev høgste flaumnivå på 100 år. Samstundes sa han ekstreme hendingar nå kjem nesten årleg og katastrofar som vi ser nå, vil skje igjen. Det betyr at EU og medlemslanda må auke innsatsen knytt til beredskap, handtering og førebygging av kriser. Han orienterte om korleis EUs innsats nå omfattar koordinering, informasjonsinnhenting, overvaking og prognoser og at både mekanismen for sivil beredskap og EUs solidaritetsfond kan bidra til dei som er råka. Europa er sårbart for ekstremvêr og må førebu seg betre for kommande katastrofar. Det omfattar mellom anna styrking av mekanismen for sivil beredskap og at større ressursar blir sett av til beredskap, førebygging og motstandskraft. Han viste til den kommande rapporten frå Sauli Niinistö om EUs motstandsevne som von der Leyen har bestilt. Det er viktig med ei heilskapleg tilnærming til beredskap og motstandskraft.
Hovudinnlegga frå dei ulike partigruppene understreka at offera for flaumen må få hjelp nå og hjelp til gjenoppbygging. Sentrum-høgre (EPP), sentrum-venstre (S&D), den liberale gruppa (Renew) og den grøne gruppa og ytre venstre-gruppa (The Left) peikte alle på at klimaendringar og menneskeskapte naturinngrep er årsak til situasjonen og forsterkar effektane. Fleire viste også til at jamvel om klima- og miljøtiltak har ein kostnad, er kostnaden ved å ikkje gjere noko høgare. Det vart mellom anna vist at ekstremvarme og luftforureining har forkorta liva til mange i Europa. EU må fortsette innsatsen for å redusere klimautsleppa, men også investere i førebygging, varslingssystem og klimatilpassing. Dei mest utsette områda må prioriterast.
Den konservative gruppa (ECR) bad om at EUs solidaritetsfond nå blir brukt og tok til orde for at plenumsmøta framover blir halde i Brussel framfor Strasbourg. Dette vil spare pengar som kan brukast til å hjelpe flaumoffera. Ytre høgre-gruppa (PfE) sa offera treng utbetalingar nå og ikkje langsiktige klimatiltak. Gruppa nytta høve til å ta til orde for at Ungarn derfor må få utbetalt dei pengane som Kommisjonen har heldt tilbake pga. rettsstatssituasjonen i landet. Den andre ytre høgre gruppa (ESN) sa EU ikkje har gjort noko for å hjelpa dei landa som er råka av flaumen så langt. I staden for å hjelpe migrantar frå Afrika med mat, sosialstøtte og bustadar, bør hjelpa gå til innbyggjarar i EU som treng hjelp. Det er den grøne given som er årsaka til det som nå skjer og meir grøn omstilling er ikkje løysinga. Gruppa sa også at flaumen viste kor meiningslaus promoteringa av elektriske køyretøy som til dømes bulldosarar, traktorar og lastebilar er.
Torsdag morgon deltok landbrukskommissær Janusz Wojciechowski i ein særskilt diskusjon om trusselen flaum og ekstremtørke utgjer for lokalsamfunn og landbruk. Debatten overlappa i stor grad både med debatten onsdag om den pågåande flaumen og om landbruk måndag (sjå nedanfor). Mellom anna gjentok ytre høgre-gruppa (ESN) at flaum og tørke skuldast naturlege klimavariasjonar og ikkje er menneskeskapt.
Framtida til europeisk landbruk
Med bakgrunn i dei omfattande bondeprotestane i vår, bad kommisjonspresidenten før sommaren ei partssamansett gruppe om å leggje fram ein rapport om framtida til europeisk landbruk. Mairead McGuinness, EUs finanskommissær presenterte rapporten måndag. Ho innleia med å viste til at flaumen i Sentral-Europa og skogbrannar i Portugal illustrerer ein del av utfordringane europeisk landbruk har. Samstundes viser ein samrøystes rapport frå gruppa at det er mogleg å finne felles løysingar gjennom dialog og samarbeid. McGuinness sa det er viktig å sikre bøndene rettferdige og tilstrekkelege inntekter og at forhandlingsstyrken til bøndene må aukast. Omfanget av reguleringar må vere minst mogleg, spesielt for dei minste bruka. Europeisk landbruk må vere berekraftig og bidra til klima- og miljømåla. Klimaendringar fører til utfordringar som flaum, tørke og også nye plante- og dyresjukdommar. Førebygging og beredskap må styrkast. Det er viktig med meir forsking- og innovasjon og samstundes må også praktisk kompetanse styrkast. Landbruket må levere sunn mat. EU bør spesielt støtte utkantbønder og unge bønder, og det er viktig å fremje likestilling og diversitet også i denne sektoren. Kommisjonen vurderer nå framlegga i rapporten. Kommisjonspresidenten har love å leggje fram ein visjon for landbruk og mat i løpet dei fyrste 100 dagane til den nye Kommisjonen.
I debatten vart rapporten møtt både med ris og ros. Både sentrum-høgre (EPP), sentrum-venstre (S&D) og den liberale gruppa (Renew) ynskte rapporten velkomen og var glad for dialogen mellom ulike aktørar. EPP sa mellom anna at rapporten er viktig både for den generelle debatten om framtida til europeisk landbruk og for Europaparlamentets diskusjon om dette. Rolla til europeiske bønder må styrkast. Det må leggjast til rette mellom anna for auka investeringar, betre dyrevelferd og at ny teknologi kan redusere bruken av plantevernmiddel. Kostnadane må dekkast inn i verdikjeda. S&D la vekt på at landbruket må bli berekraftig. Det må tas omsyn til at det er store skilnadar i vilkåra for landbruk internt i EU. Det må gjevast investeringsstøtte også til landbruket, EU må stimulere unge til å bli bønder og styrke regional utjamning. Landbruket skal gje matvaresikkerheit og levere sunn mat. EU må bidra med investeringsstøtte til sektoren.
Renew la vekt på at bønder må sikrast inntekter som er høge nok til å leve av og at lokalmat må fremjast. Gruppa viste til at mange i samband med førre langtidsbudsjett argumenterte for budsjettkutt, medan rapporten som nå er lagt fram tek til orde for auka budsjett. Det blir derfor ein krevjande diskusjon om landbruksstøtte i samband med det kommande langtidsbudsjettet. Den grøne gruppa sa den pågåande flaumen viser behovet for at skog- og jordbruksareal med gjerast meir motstandsdyktige. Det er viktig å ha eit partnarskap med bøndene for sikre eit meir berekraftig landbruk. Gruppa sa også at EU må stille same klima- og miljøkrav til importerte produkt som eigne landbruksprodukt. Eit stort fleirtal i Parlamentet sa onsdag nei til to kommisjonsavgjersler som ville tillate restnivå av visse plantevernmiddel i importerte produkt jamvel om desse plantevernmidla ikkje er tillatne i EU.
Ytre venstre-gruppa tok til orde for ei strengare regulering av urimeleg handelspraksis som fører til reduserte inntekter for bøndene. I tillegg bør budsjettet til den felles landbrukspolitikken aukast og omfattande naturrestaurering må til for å gjere landbruket meir berekraftig.
Partia på høgresida var kritiske til rapporten og sa bøndene treng høgare inntekter og ikkje satsing på diversitet. Ytre høgre gruppa (PfE) sa europeiske bønder med rette var både urolege og sinte. Brussel stigmatiserer kjøttproduksjon og innfører stadig fleire miljøkrav. Rapporten ignorerer den rettmessige kritikken av Kommisjonens strategi frå jord til bord. Også den konservative gruppa (ECR) var kritiske til at rapporten ikkje tek tak i omfattande byråkrati og heller ikkje kjem med reformframlegg som kan leggje til rette for utviding av EU. Også ECR var kritiske til å fremje eit meir plantebasert kosthald i staden for kjøtt. ECR meinte rapporten var dominert av synet til ikkje statlege-organisasjonar og at bøndenes interesser ikkje var godt nok reflektert. Den andre ytre høgre-gruppa (ESN) sa Kommisjonen ser europeiske bønder som eit problem. Mange millionar gardar er lagt ned dei siste åra. Samstundes legg Kommisjonen til rette for auka import av landbruksprodukt gjennom tollette for Ukraina og handelsavtaler med Mercosur. Gruppa meinte den grøne given bør skrotast.
Europeisk konkurranseevne
Den tidlegare italienske statsministeren og tidlegare europeiske sentralbanksjefen Mario Draghi la 9. september fram ein rapport om framtidig europeisk konkurranseevne. Rapporten er utarbeida på oppdrag frå Europakommisjonen. Han presenterte rapporten til plenumsmøtet tysdag. Draghi meiner drastiske grep er nødvendige for at Europa slik vi kjenner det, skal overleve, jf. også omtale i Stortingets EU/EØS-nytt 13. september. Han er spesielt opptatt av å tette innovasjonsgapet til Kina og USA, sikre at avkarboniseringa fører til auka konkurransekraft og å styrke Europas sikkerheit og gjere Europa mindre avhengig av andre. Han understreka at det er opp til regjeringar og parlament å drøfte framlegga og vedta ny politikk, men sa Europa ikkje har noko alternativ til å ta omfattande grep.
I debatten var det ikkje uventa ulike syn på framlegga i rapporten. Sentrum høgre (EPP) sa næringslivet opplever for mykje byråkrati og at næringslivet må visast meir tillit framover. Situasjonen i bilindustrien illustrerer konkurransesituasjonen til Europa generelt. Det er nødvendig med europeiske løysingar. Sentrum høge (S&D) sa Draghi burde blitt i salen for å lytte til debatten. Gruppa meinte mellom anna at verksemder med sterkt bedriftsdemokrati og involvering av tilsette vil klare seg betre i konkurransen. Ytre høgre-gruppa (PfE) sa seg samd i diagnosen til Draghi, men ikkje medisinen. Meir Europa er ikkje løysinga. Gruppa kritiserte spesielt høge energiprisar som den meiner mellom anna skuldast for lite satsing på kjernekraft. Den konservative gruppa viste til at Europa har gitt eigen industri ein konkurranseulempe gjennom strenge miljø- og klimatiltak utan at andre produsentar får same krav. EU må arbeide for mindre byråkrati og for opne marknader. Den liberale gruppa sa rapporten viser at vekst til europeisk industri – illustrert ved at Audi-arbeidarar i Belgia nå risikerer å miste jobben – er resultatet av at Kina og USA har satsa mykje meir på grøn og digital teknologi. EU må også investere meir i dette. Ytre venstre-gruppa sa dagens økonomiske modell er utdatert. Ytre høgre gruppa (ESN) sa EU gjennom lang tid har ført ein politikk som har resultert i tilbakegang. EU har gått frå å ha om lag same BNP som USA til å ligge langt etter.
Støtte til Ukraina og til åtak mot militære mål i Russland
Plenumsmøtet hadde ein nesten tre timer lang debatt tysdag morgon om vidareføring av støtta til Ukraina. Det vedtok torsdag ein resolusjon som tek til orde for at Ukraina må kunne gå til åtak mot militære mål inne i Russland. Fleirtalet seier seg i resolusjonen lei for at EU-landa har redusert den militære støtta til Ukraina, ber om tøffare sanksjonar mot Russland og seier Russland må haldast ansvarlege for og betale for krigsskadar. Resolusjonen vart vedteke med 425 mot 131 røyster og 63 som avsto.
Utøvande visepresident Valdis Dombrovskis gjorde i debatten detaljert greie for korleis EU har støtta Ukraina humanitært, økonomisk og militært sidan den russiske fullskalainvasjonen. Han sa Kommisjonen arbeider med eit framlegg til korleis fryste russiske middel kan bidra til å støtte Ukraina. Han varsla eit konkret framlegg om dette snart og bad om at Europaparlamentet bidreg til at dette kan vedtakast raskt. I debatten var det brei semje om vidare støtte frå sentrum-høgre (EPP), sentrum-venstre (S&D), den konservative gruppa (ECR), den liberale gruppa (Renew) og den grøne gruppa. Dei to gruppene på ytre høgre var meir kritiske. Patriotar for Europa (PfE) sa det nå er på tide med fredsforhandlingar. Europa av Suverene Nasjonar (ESN) sa det er Vesten som har skuld i krigen ved å opne opp for at Nato kan utvidast heilt til dei russiske grensene. Også ytre venstre (The Left) var kritiske til meir våpenstøtte til Ukraina og meiner dette ikkje skapar fred.
Ytre høgre i Europaparlamentet
Det er nå tre grupper i Europaparlamentet til høgre for sentrum-høgre gruppa (EPP). Dette omfattar Europeiske konservative og reformistar (ECR) som mellom anna tel det italienske regjeringspartiet Italias brør blant sine medlemmer. Dei to andre ytre høgre gruppene er Patriotar for Europa (EfP) der franske Nasjonal samling er største fraksjon og minigruppa Europa av sjølvstendige nasjonar (ESN) der tyske Alternativ for Tyskland er størst. I samband med konstitueringa av Parlamentet i juli opprettheldt dei andre gruppene ein såkalla brannmur mot EfP og ESN. Medlemmer frå desse to gruppene fekk dermed ikkje verv som visepresidentar eller leiarar og nestleiarar i komitear. Medlemmar frå ECR er ikkje omfatta av denne brannmuren. Fleire grupper kritiserte Ursula von der Leyen for å nominere den italienske kandidaten (som tilhøyrer ECR) til ei rolle som visepresident da ho presenterte sitt framlegg til ny kommisjon tysdag. Ho kunne da vise til at desse gruppene har gjeve ECR verv i Europaparlamentet.
EfP og ECR er nå tredje og fjerde største gruppe med 82 og 78 medlemmer. Medlemmer frå gruppene får dermed ordet tidleg i debattar og relativt mykje taletid. Det var høyrbart i debattane i Strasbourg denne veka. EPP har sagt gruppa ikkje vil samarbeide med korkje PfE eller ESN. Torsdag røysta Parlamentet over ein resolusjon som kritiserer valet i Venezuela. Dei ulike gruppene la i utgangspunktet fram eigne utkast, men etter drøftingar kom det onsdag eit felles utkast til resolusjon signert av EPP, ECR og PfE. Dette vart kritisert mellom anna av sentrum venstre-gruppa (S&D). EPP viste på si side til at det ikkje var snakk om eit organisert samarbeid, men at det er vanskeleg å nekte ei gruppe å slutte seg til ein tekst dei er samde i. Resolusjonen som anerkjenner Edmundo González som president i Venezuela, vart vedteke med 309 mot 201 røyster og 12 som avsto. EPP, ECR og PfE utgjorde fleirtalet saman med ein del medlemmer av ESN og nokre få andre medlemmer av parlamentet.
Storleik på og samansetning av delegasjonar
Parlamentet vedtok onsdag storleiken på internasjonal delegasjonar og lista over medlemmer i dei ulike delegasjonane vart gjort kjent torsdag. Delegasjonen med ansvar for EØS, Island, Noreg og Sveits auka frå 17 til 18 medlemmer. Det er tre svenske medlemmer og eit dansk medlem i delegasjonen. Delegasjonen vil konstituere seg 3. oktober og det er venta at Andreas Schwab (EPP, Tyskland) vil bli attvald som leiar.
Elles har parlamentspresident Roberta Metsola også fordelt det avløysande ansvaret for ulike land og saksområde mellom sine 14 visepresidentar. Danske Christel Schaldemose (S&D) har mellom avløysande ansvar for EFTA-landa og EØS-samarbeidet, medan latviske Roberts Zīle (ECR) har avløysande ansvar for mellom anna Arktisk, Baltisk, Barents- og Nordisk samarbeid.
Kontaktinfo
Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg