Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Plenumsmøte i Europaparlamentet 15. – 18. januar

Mange var kritiske til det norske vedtaket om å opne for mineralverksemd på kontinentalsokkelen da det vart drøfta i plenumsmøtet til Europaparlamentet denne veka. Det var elles diskusjonar om det førre og kommande toppmøtet, og om prioriteringane til det belgiske EU-formannskapet. Parlamentet vedtok resolusjonar om rettsstatsituasjonen i Ungarn og Slovakia og tek også til orde for varig våpenkvile på Gaza på visse vilkår. Parlamentet vedtok sine forhandlingsmandat for reviderte reglar for økonomisk styring i medlemslanda.

Det norske vedtaket om å utlyse areal for mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel
Etter initiativ frå ytre venstre-gruppa (The Left) var det ved opninga av plenum fleirtal for å be om ei fråsegn frå Kommisjonen etter vedtaket i Stortinget 9. januar om å opne for mineralverksemd på havbotn. Det er lagt opp til at Parlamentet skal vedta ein resolusjon om dette spørsmålet i februar.

Det var landbrukskommissær Janusz Wojciechowski som representerte Kommisjonen onsdag ettermiddag. Han sa at Noreg er det fyrste landet som opnar for slik kommersiell verksemd på havbotn. Kommisjonens standpunkt er at det ikkje bør opnast for slik verksemd før det er eit betre kunnskapsgrunnlag om effektane for miljø og fiskeri. Noreg har råderett over sin kontinentalsokkel, men slik verksemd vil kunne ha konsekvensar også utanfor den norske sokkelen. Vidare har Noreg også internasjonale plikter knytt til havet over sokkelen gjennom ei rekkje internasjonale avtaler, inkludert Svalbard-traktaten.

I debatten kom det til dels svært krass kritikk av vedtaket i Noreg frå fem av partigruppene. Dette gjaldt spesielt representantar frå Dei grøne og frå The Left. Det var berre desse gruppene som hadde meir enn eit innlegg i debatten. Mange av innlegga tok til orde for at Noreg må reversere vedtaket og at det er for lite kunnskap om effektane av slik verksemd til at det er forsvarleg å opne for den. Mange tok til orde for eit internasjonalt moratorium mot mineralverksemd på havbotn. Fleire viste også til at gjennom auka resirkulering og betre batteri kan verda fint klare seg utan å opne for verksemd med potensielt store negative effektar for havmiljøet. Fleire viste til at det paradoksalt at vedtaket kjem i Noreg som dei siste åra har profilert seg som ein pådrivar for å ta vare på verdshava. Mange viste spesielt til at Arktis er eit sårbart område som det må tas spesielt omsyn til. Ein representant frå The Left tok til orde for at EU må innføre eit importforbod for produkt som inneheld mineral som kjem frå havbotn.

Det var berre dei to innlegga frå den konservative gruppa (ECR) og ytre høgre-gruppa (ID) som gav støtte til Noreg. Dei peika begge på det paradoksale i at mange som er i mot havbotnmineral er tilhengjarar av utbygging av vindmøller og generelt ynskjer ei grøn omstilling som er avhengig av mineral frå land som Kongo og Kina. Dette er mineral som til dels blir produsert på svært uheldige vis både med barnearbeid og store miljøkonsekvensar. Det er intellektuelt uheiderleg å kritisere Noreg og samstundes etterspørje fleire mineral til den grøne omstillinga.

Wojciechowski sa avslutningsvis at Kommisjonen følgjer nøye med på konsekvensane av det norske vedtaket. Kommisjonen tek synspunkta til Europaparlamentet til etterretning og deler mykje av den same uroa som kom fram i debatten. Han viste til den grøne alliansen mellom EU og Noreg frå 2023 og at Kommisjonen vil kommunisere med Noreg innanfor denne for å sikre beskyttelse av det marine miljøet generelt, og spesielt det sårbare miljøet i Arktis. Kommisjonen ser fram til resolusjonen som Parlamentet skal vedta i februar.

Krav om varig våpenkvile i Gaza på visse vilkår
Med eit fleirtal på 312 mot 131 røyster og 72 som avsto, krev Europaparlamentet varig våpenkvile på Gaza. Vilkåra er at alle gissel blir frigjeve og at terrororganisasjonen Hamas blir oppløyst. Parlamentet understrekar at Israel har rett til å forsvare seg, men meiner reaksjonen mot Gaza ikkje er proporsjonal. Det er nødvendig å sikre rask og uhindra humanitær tilgang til Gaza.         

Toppmøtet i desember og 1. februar: Ukraina, langtidsbudsjett og Ungarn
Den belgiske utanriksministeren, Hadja Lahbib, og kommisjonspresident, Ursula von der Leyen, deltok onsdag i ein debatt om EU-toppmøtet i desember og det ekstraordinære toppmøtet 1. februar. Lahbib sa det ville vere mogleg å oppnå ein felles posisjon om eit revidert langtidsbudsjett 1. februar slik at forhandlingane med Europaparlamentet kan starte. Ho understreka betydninga av ein velfungerande rettsstat og sa det vil bli nye artikkel 7-høyringar av Ungarn. Det er opp til Kommisjonen å vurdere om reformene i Ungarn er tilstrekkelege til at dei fryste midla kan utbetalast til landet.

Von der Leyen viste til at i ein situasjon med global konfrontasjon, konflikt, fragmentering og frykt, har EU ei viktig rolle. EU er sterkt når landa står samla. Ho var glad for semja om migrasjons- og asylpakta og om å opne for medlemskapsforhandlingar med Ukraina. Det er positivt at Ukraina har vedteke viktige nye, demokratiske reformar. For å kunne ha ein ambisiøs utvidingspolitikk, må EU planlegge for ein union av meir enn 30 land. Det er behov for å vedta det reviderte langtidsbudsjettet for mellom anna å sikre langsiktig støtte til Ukraina. Ho forsvarte vedtaket om å utbetale 10,2 milliardar euro av dei fryste midlane til Ungarn og viste til at dette var basert på reformar i landet som medfører mindre politisk innblanding i rettsapparat. Utbetaling av resterande 20 milliardar euro er ikkje aktuelt før det skjer endringar knytt til mellom anna LHBT-rettar, akademisk fridom, asylrettar og tiltak mot korrupsjon.

I debatten var det mange som rosa vedtaket om å opne for medlemskapsforhandlingar med Ukraina og mange som var skuffa over at det ikkje hadde vorte oppnådd ein felles posisjon til revisjon av langtidsbudsjettet for mellom anna å sikre støtte til Ukraina. Enkelte innlegg tok også til orde for ein ny giv for ein europeisk forsvarsunion, medan andre understreka at EU må gå vekk frå ein sparepolitikk og sikre meir pengar til sosial- og miljøpolitikk. Mange understreka at EU-landa og Kommisjonen ikkje må la seg presse av Ungarn og at det mellom anna må vurderast å ta frå landet stemmeretten i Rådet i samsvar med artikkel 7 i EU-traktaten. Den finske europaparlamentarikaren Petri Sarvamaa tok 9. januar initiativ til ei underskriftskampanje for å utløyse artikkel 7.

Torsdag vedtok Parlamentet med 345 mot 104 røyster og 29 som avsto ein resolusjon som slår fast at Ungarn trugar europeiske verdiar, institusjonar og pengar. Den understrekar at EU ikkje må la seg presse av landet og at Ungarn ikkje må få fleire utbetalingar for situasjonen er betra. Samstundes vurderer Parlamentet å ta Kommisjonen til EU-domstolen for å få ei vurdering av om vedtaket om å utbetale 10,2 milliardar euro i desember, var lovleg.

Uro for rettsstatssituasjonen i Slovakia
Det var ei eigen debatt om rettsstatsituasjonen i Slovakia og parlamentet vedtok ein resolusjon med 496 mot 70 røyster og 64 som avsto. Resolusjonen kritiserer mellom anna endringar som er gjort i straffeloven, reglane for varslarar og oppløysinga av organet som skal etterforske korrupsjon. Fleirtalet er også urolege for vilkåra for sivilsamfunnet og mediefridommen i landet.

Og uro for grunnleggjande rettar i EU
Europaparlamentet uttrykkjer uro for utviklinga i grunnleggjande rettar i EU i ein rapport som vart vedteke med 391 mot 130 røyster og 2o som avsto. Spesielt er Parlamentet urolege for mediefridom og drap på journalistar, korrupsjon og individuelle rettar. Det er viktig å sikre rettane til kvinner og LHBTQ+-personar og andre utsette grupper som er under press i mange land. Parlamentet har særskilde tilrådingar for Kypros, Polen, Spania og Ungarn.

Prioriteringane til det belgiske EU-formannskapet
Den belgiske statsministeren, Alexander De Croo, deltok tysdag i ein debatt om prioriteringane til det belgiske EU-formannskapet. Han viste til at valet til Europaparlamentet og det amerikanske presidentvalet gjer at 2024 vil vere ein test for demokrati og liberale verdiar. Han oppmoda EU om vidare solidaritet med og militær støtte til Ukraina. De Croo tok til orde for ein europeisk industrigiv i tillegg til EUs grøne giv og sa europeiske kapitalmarknadar må opnast opp. Ein meir koordinert utanrikspolitikk vil vere viktig som del av handteringa av migrasjonsspørsmål og partnarskap med tredjeland er viktig for å bidra til stabilisering. EU må gjere alt som er mogleg for å få slutt på lidingane i Israel og Palestina og det bør sikrast trygge og opne humanitære korridorar til Gaza. Samstundes sa han EU må hjelpe Israel til å få frigjeve gislane og i kampen mot Hamas.

Visepresident i Kommisjonen, Maroš Šefčovič, viste i sitt innlegg mellom anna til at det er viktig å sluttføre handsaminga av sentrale rettsakter knytt til konkurranseevne, økonomisk styring og grøn omstilling nå i vår. Kommisjonen vil kome med ei vurdering av klimamåla for 2040 i februar og leggje fram ein strategi for betre vern mot klimaendringar i mars. Fortsett støtte til Ukraina og ei langsiktig løysing i Midt-Austen er viktige prioriteringar dei neste månadane.

I debatten kritiserte sentrum høgre-gruppa (EPP) De Croo for ikkje ha snakka om vilkåra for bøndene og heller ikkje om tiltak som kan roe og verne europeiske innbyggjarar. Både sentrum venstre-gruppa (S&D) og ytre venstre-gruppa (The Left) understreka behovet for å ta meir sosiale omsyn, og S&D var mellom anna også opptatt av å få vedteke direktivet om arbeidsvilkår for plattformarbeidar i samsvar med den foreløpige semja frå desember 2023. Den liberal gruppa (Renew Europe) var opptatt av å fordjupe EU-samarbeidet før ein opnar for utviding og å komme vekk får kravet om samrøystes vedtak på ein del politikkområde. Den grøne gruppa understreka behovet for å akselerere innsatsen mot klimaendringar. Den konservative gruppa (ECR) var positive til eit industrigiv for EU, medan ytre høgre-gruppa (ID) var uroa for at det belgiske formannskapet ville dra EU i ein meir føderal retning.

Forhandling om nye reglar for økonomisk styring
Europaparlamentet slutta seg onsdag til mandatet for forhandlingar med medlemslanda om nye reglar for økonomisk styring og budsjettdisiplin i medlemsland. Det blir mellom anna lagt opp til å innføre nye grenser for tillate budsjettunderskot og retningsliner for korleis land med stor gjeld skal redusere den over ein periode på ti år. Målet er å gje rom til auka investeringar og det blir også gjort framlegg om auke planane for nasjonalt eigarskap. Forhandlingane med medlemslanda starta same dag.

Tiltak mot grønvasking
Parlamentet gav med stort fleirtal formell godkjenning til eit direktiv som vil endre forbrukarretts- og handelspraksisdirektiva for å sikre betre produktinformasjon og forby villeiande miljøpåstandar. Det skal også innførast eit nytt garantimerke og betre informasjon om garantiperioden for å sikre meir varige produkt. Rådet må også godkjenne semja før direktivet er endeleg vedteke.

Rettferdige vilkår for strøyming av musikk
Eit stort fleirtal i Parlamentet tek til orde for at EU må sørge for rettferdig betaling til artistar og rettferdige algoritmar i samband med musikkstrøyming. Dei vil ha eit europeisk regelverk for å sikre dette. Europaparlamentet slår fast at inntektene frå strøyming ikkje blir fordelt rettferdig og vil ha meir innsyn i algoritmane. Parlamentarikarane vil også at det skal vurderast å innføre kvotar for europeisk musikk i strøymetenestene.

Semje om reglar mot terrorfinansiering
Parlamentet og Rådet nådde torsdag ei uformell semje om nye reglar som skal hindre kvitvasking og terrorfinansiering. Målet er mellom einsarta overvaking i EU og lik handheving av reglar og sanksjonar. Organ som overvakar finanstransaksjonar skal få større makt og det blir eit forbod mot kontanttransaksjonar på meir enn 10.000 euro. Det blir også innført reglar for innsyn i fotballklubbar frå 2029. Semja må nå formelt vedtakast av dei to institusjonane.

Krav om kriminalisere hatefulle ytringar i EU-retten
Europaparlamentet ber medlemslanda inkludere hatefulle ytringar i lista over kva som blir sett på som straffbare handlingar i EU-retten. Fleirtalet i Parlamentet meiner det er behov for betre vern av alle mot slike ytringar, men spesielt utsette grupper og samfunn. Ytringsfridom må ikkje brukast som orsaking for å verne hatefulle ytringar eller hatefulle handlingar. Det gjeld både på nettet og i samfunnet generelt.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 19.01.2024 10:29
: