Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Plenumsmøte i Europaparlamentet 5. – 8. februar

I samband med plenumsmøtet til Europaparlamentet i Strasbourg 6. – 8. februar, var mykje norsk merksemd knytt til vedtaket av ein resolusjonen om mogleg mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel. Veka var likevel mest prega av Ukraina og korleis EU bør svare på uroa blant europeiske bønder. Rådet og Parlamentet kom til uformell semje om revisjonen av EUs langtidsbudsjett, inkludert ei støttepakke til Ukraina. Det kom også uformell semje om nullutsleppsteknologi, arbeidsvilkåra for plattformarbeidarar og om tiltak for å motverke vald mot kvinner og vald i heimen. Parlamentet vedtok sin posisjon knytt til reglar som skal sikre at førarkortinndraging får verknad i heile EU.

Resolusjonen etter vedtaket om å utlyse areal for mineralverksemd på norsk kontinentalsokkel
Europaparlamentet vedtok 7. februar ein resolusjon om «Norway's recent decision to advance seabed mining in the Arctic». I resolusjonen uttrykker mellom anna Parlamentet uro for stortingsvedtaket og ber Noreg ha tett dialog med EU om dette spørsmålet framover. Parlamentet  vil ha eit internasjonalt moratorium på mineralutvinning på havbotn inntil miljøkonsekvensane er klarare. Resolusjonen viser til at Stortinget må gjere eit nytt vedtak før utvinning kan starte. Parlamentet viser til at Noreg har plikt til å forvalte fiskeriressursar og verne arktiske farvatn frå negative effektar av menneskeleg aktivitet. Det var berre lagt fram to endringsframlegg i plenum frå den grøne gruppa og den konservative gruppa (ECR) respektivt. Ingen av dei to endringsframlegga fekk fleirtal og den endelege resolusjonen er dermed identisk med utkastet frå 31. januar.

Resolusjonen blei vedtatt med 523 mot 34 røyster og 59 som avsto. Det var fem representantar frå den konservative gruppe (ECR), 24 frå ytre høgre-gruppa (ID), 3 frå den liberal gruppa (Renew) og to gruppeuavhengige som røysta mot resolusjonen. Det var også representantantar frå desse gruppene og 5 frå sentrum høgre-gruppa (EPP) som avsto frå å røyste i voteringa. Det var debatt om denne saka på plenumsmøtet i januar og det var dermed ikkje debatt i samband med avrøystinga onsdag.

Debatt om toppmøtet 1. februar – Ukraina og framtida til europeisk landbruk
Både rådspresident Charles Michel og kommisjonspresident Ursula von der Leyen deltok tysdag 6. februar i ein debatt om det ekstraordinære EU-toppmøtet 1. februar. Begge la vekt på vidare støtte til Ukraina «så lengje det er nødvendig» og helste velkomen semja på toppmøtet om støttepakken på 50 milliardar euro til Ukraina. Michel sa vedtaket i desember om å opne medlemskapsforhandlingar, er viktig. Den rumenske presidenten, Klaus Ionnis la også vekt på støtte til Ukraina og vidare EU-utviding i ein tale til plenum 7. februar.

Debatten 6. februar kom etter at Rådet og Parlamentet natt til tysdag kom til uformell semje om utforminga av støttepakken. Seinare same dag vart dei to institusjonane også samde om revisjonen av EUs langtidsbudsjett. I tillegg til løyvingane til Ukraina, medfører semja mellom anna løyvingar til plattforma som skal fremje strategiske teknologiar i Europa og tiltak for å takle migrasjonsutfordringar, eksterne utfordringar og for å styrke kriseberedskapen.

Både Michel og von der Leyen kommenterte dei mange bondedemonstrasjonane som har vore rundt i Europa den siste tida, inkludert i Strasbourg medan debatten gjekk føre seg. Begge understreka at jordbrukssektoren er viktig og sa dei forstår uroa og misnøya til europeiske bønder. Michel understreka samstundes at det er nødvendig med dialog for å finne gode løysingar. Von der Leyen sa Kommisjonen nå trekkjer eit framlegg som skal bidra til meir berekraftig bruk av plantevernmiddel og varsla ein rapport etter sommaren med vegen vidare for reformar i jordbrukssektoren. I ein debatt om framlegget til nye klimamål for 2040 (sjå nedanfor og eigen sak) vart elles Kommisjonen skulda for å skyve problema framfor seg fordi den er lite konkret på korleis jordbrukssektoren må bidra dersom utsleppsmåla skal nås. Samstundes har ikkje minst krefter i EPP, von der Leyens eiga gruppe, pressa på for å kome europeisk bønder i møte i forkant av valet til nytt Europaparlament i juni.

I debatten var det brei semje om vidare støtte til Ukraina og mange understreka behovet for å raskare leveransar av våpen og ammunisjon. Enkelte tok til orde for å bruke fryste, russiske middel og fleire var uroa for at USA ikkje har vedteke meir støtte til Ukraina. Det var også enkelte som var urolege for at våpenleveransane bidrar til eit kappløp og til at konflikten kan spreie seg.

Mange innlegg tok også til orde for ei ny innretning på den felles landbrukspolitikken i EU og at den grøne omstillinga må skje på ein måte som sikrar bøndenes inntekter og europeisk matvareproduksjon. Det vart åtvara mot populisme som gjev inntrykk av at det finns enkle løysingar på komplekse spørsmål. Enkelte tok til orde for meir direkte, finansiell støtte til bøndene eller gjekk inn for å innføre importrestriksjonar.

Debatt om Kommisjonens framlegg til 2040-mål
Kommisjonen kom 6. februar med framlegg om ei utsleppsreduksjon på 90 prosent i 2040 (sjå eige sak). Same dag var det debatt med EUs klimakommissær Wopke Hoekstra i Europaparlamentet. I debatten var det mange som kritiserte Kommisjonen for at framlegget ikkje seier noko om korleis landbrukssektoren skal bidra til utsleppa. Det til trass for at denne sektoren står for ein sjudel av klimautsleppa og at Kommisjonens eiga konsekvensvurdering fann at sektoren må redusere utsleppa med minst 30 prosent innan 2040 dersom EUs overordna mål skal nås. Kommisjonen har også teke ut framlegg om store kutt i metan og nitrogenoksid frå landbruket som var inne i tidlegare utkast til 2040-framlegget. I debatten kom det samstundes kritikk frå ytre høgre-gruppa (ID) som meinte at heile EUs klimapolitikk er galskap. Gruppa viste til motstand over heile Europa ikkje berre frå bønder, men også arbeidarar og pensjonistar.

Uformell semje om nullutsleppsteknologi
6. februar vart det oppnådd uformell semje mellom Rådet og Parlamentet om forordninga som skal fremje nullutsleppsteknologi i Europa. Målet er å fremje teknologiar som er spesielt viktige for å nå EUs klima- og energimål. Mellom anna blir det lagt opp til raskare godkjenningsprosedyrar og tiltak for å fremje klynger for særskilde teknologiar, såkalla «Net-Zero Acceleration Valleys». Nasjonale støttetiltak som skal fremje bruk av nye teknologiar hos forbrukarar og hushald, må ta omsyn til berekraft og motstandskraft. Prosedyrane for offentlege innkjøp og auksjonssystem for lisensar for alternative energikjelder må også oppfylle krav til dette. Både Rådet og Parlamentet må formelt vedta forordninga før den kan trå i kraft.

Uformell semje om plattformarbeidarar
Torsdag 8. februar var også Rådet og Parlamentet samde om eit direktiv som skal betre arbeidsvilkåra for personar som arbeider via digitale plattformer. Eit av dei vanskelegaste punkta i forhandlingane har vore kva som skal definere om ein plattformarbeidar faktisk er arbeidstakar eller sjølvstendig næringsdrivande. Semja medfører at ein person er arbeidstakar basert på visse kriterium, inkludert grad av kontroll og styring, nasjonal rett, kollektive avtaler og EUs rettspraksis. Ein person skal ikkje kunne bli sagt opp basert på ei avgjerd gjort av ein algoritme eller automatiske system. Reglane vil også medføre sterkare personvern for digitale plattformarbeidarar. Den uformelle  semje må vedtas både av Rådet og Parlamentet. Dei to institusjonane vart også uformelt samde om dette direktivet i desember etter forhandlingar leia av det daverande spanske EU-formannskapet. Denne semja vart ikkje godkjent i Rådet og det måtte dermed nye forhandlingar til før det belgiske EU-formannskapet nå kom fram til ei ny semje.

Klart for forhandlingar om nye, genomiske teknikar
Etter komitévedtaket 24. januar, vedtok plenumsmøtet 7. februar den endelege forhandlingsposisjonen for framlegget til nye, genomiske teknikkar (NGT), jf. omtale i EU/EØS-nytt 6. februar 2024. Vedtaket skjedd med eit relativt knapt fleirtal på 307 mot 263 røyster og 41 som avsto. Fleirtalet vil ha enklare godkjenningsprosedyrar for NGT-plantar som er ekvivalente med konvensjonelle plantar, men ynskjer merking av alle NGT-plantar. Europaparlamentet vil ikkje tillate patentering av slike plantar. Etter avrøystinga sa saksordførar Jessica Polfjärd (EPP, Sverige) at vedtaket er ein siger for vitskapen, for europeiske bønder og for europeisk matproduksjon. Forhandlingar om det endelege regelverket kan starte når Rådet kjem fram til ein felles posisjon.

Oppheving av immuniteten til Eva Kaili og uro for rettsstatsutviklinga i Hellas
6. februar vedtok Parlamentet med handopprekning å heve immuniteten til tidlegare visepresent Eva Kaili. Kaili er mistenkt for misbruk av mellom 120 000 og 150 000 euro i samband med den såkalla Qatargate-saken og risikerer frå 5 til 15 års fengsel om ho blir dømd. Greske Eva Kaili var fjerde visepresident og med i sentrum venstre-gruppa (S&D), men er ekskludert frå partigruppa. Parlamentet vedtok også å heve immuniteten til to andre greske medlemmar, Georgios Kyrtsos og Ioannis Lagosø. Ingen av dei er med i nokon av dei politiske gruppene i Europaparlamentet. Kyrtsos er mistenkt for å skulde pengar til den greske staten og Lagos skulda for hatefulle ytringar på nettet.

Parlamentet vedtok ein resolusjon som uttrykkjer uro for rettsstatsutviklinga i Hellas. Spesielt gjeld dette tilhøva for media og journalistar, bruk av spionvare, korrupsjon og maktbruken til politiet og handsaminga av migrantar. Resolusjonen tek til orde for at Kommisjonen vurderer om EU-middel som går til landet blir brukt i samsvar med EUs verdiar og reglar. Resolusjonen vart vedteke med 330 mot 254 røyster og 26 som avsto. Det var mellom anna ei nesten samla sentrum høgre-gruppa (EPP) som røysta mot resolusjonen i tillegg til den konservative gruppa (ECR) og ytre høgre-gruppa (ID).

Straksbetalingar i euro
Eit nesten samrøystes Europaparlamentet gjorde formelt vedtak av ei forordning som skal fremje straksbetalingar i euro. Reglane skal sikre rask og trygg overføring av betalingar i euro. Bankane kan ikkje krevje høgare gebyr for raskare overføring. Samstundes kan forbrukarane sette ei øvre grense for kor stort beløp som kan straksoverførast. Reglane skal vere tilgjengeleg for alle innbyggjarar og verksemder som har ein bankkonto i eit EU- eller EØS-land.

Vern mot kjemiske og kreftframkallande stoff
Parlamentet vedtok nye reglar som skal sikre arbeidstakarar betre vern mot kjemiske og kreftframkallande stoff. Dei nye reglane vil innføre lågare grenseverdiar enn det som følgjer av dei eksisterande, 40 år gamle reglane. Dette gjeld mellom anna for bly og uorganiske blysambindingar og det blir for fyrste gong innført grenseverdiar for diisocyanater. Arbeidstakarar som har vorte eksponert for slike stoff over tid, jamleg skal jamleg testast for å kunne vurdere om det er forsvarleg at dei held fram med å utføre arbeid som medfører vidare eksponering. Reglane må også formelt vedtakast av Rådet før dei kan trå i kraft.

Tiltak for å motverke vald mot kvinner og vald i heimen
Parlamentet og Rådet nådde 6. februar ei uformell semje om eit direktiv som skal motverke vald mot kvinner og vald i heimen. Det skal gjennomførast tiltak for å hindre valdtekt, innførast strengar reglar mot nettovergrep og gis betre støtte til offer. Det kjem for fyrste gong felles EU-regler som kriminaliserer visse typar kjønnsbasert vald og det blir lagt vekt på betre rettsvern, vern og førebygging. Parlamentet og Rådet må formelt vedta direktivet før det kan trå i kraft.

Førarkortinndraging skal få verknad i heile EU
Parlamentet gjorde formelt vedtak av sin posisjon knytt til nye reglar som skal sikre at førarkortinndraging får verknad i heile EU. Dette skal medføre at dei som mister førarkortet etter alvorlege lovbrot i trafikken i eit anna land enn førarkortet er utskreve, også skal miste førarkortet i heimlandet og resten av EU. (Saka er omtalt i EU/EØS-nytt 7. november 2023.) Rådet har ennå ikkje ein felles posisjon og det vil vere det neste Europaparlamentet som vil arbeide vidare med framlegget etter EU-valet i juni.

Ufritt og urettvist val i Serbia
Valet i Serbia i desember 2023 var ikkje fritt og rettvist. Det slår eit stort fleirtal i Parlamentet fast i en resolusjon. Mellom anna blir det vist til at røystegjevinga ikkje var hemmeleg og det gjekk før seg grupperøysting, manipulering av registreringa av røysteføre og forfalsking av signaturar. Det blir også vist til at serbiske tenestemenn iscenesette åtak på valobservatørar, inkludert medlemmer av Europaparlamentet. Parlamentarikarane meiner desse brota på grunnleggjande rettsstatsprinsipp må føre til at EU suspenderer overføringar til landet.

Menneskerettsbrot i Belarus, Iran og Nigeria og åtak på opposisjonskandidaten i Venezuela
Parlamentet vedtok 8. februar tre resolusjonar om brot på menneskerettane i Belarus, Iran og Nigeria. Parlamentet krev at styresmaktene i Belarus straks og utan vilkår frigjev politiske fangar og stansar alle brot på menneskerettane. Parlamentarikarane oppmodar Iran om å avskaffe dødsstraff og fordømmer avrettingar av fredelege demonstrantar. Nigerianske styresmakter må gjennomføre ei grundig og uavhengig gransking av åtaka som skjedde i delstaten Plateau i jula. Parlamentet vedtok også med stort fleirtal ein resolusjon som fordømmer åtaka på María Corina Machado, opposisjonskandidaten i presidentvalet i Venezuela. Europaparlamentet vil ikkje godkjenne valresultatet med mindre ho kan stille til val og tek til orde for ytterlegare sanksjonar mot landet.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 13.02.2024 10:48
: