Europaparlamentets plenumsmøte i Strasbourg
Europaparlamentets fyrste av to oktobermøte i Strasbourg gjekk føre seg denne veka. Høyringar – og etter kvart godkjenning - av to kandidatar til kommissærjobbar på klima- og miljøområdet fekk mykje merksemd, men det var også debatt om migrasjon, revidert langtidsbudsjett og ein polsk visumskandale. Parlamentet vedtok ein rapport om tilhøvet mellom EU og Sveits og er klare til å forhandle med Rådet om reform av migrasjon- og asylreforma og også om avløpsdirektivet.
To nye kommissærar godkjent
Plenumsmøtet godkjende torsdag at Wopke Hoekstra kan bli klimakommissær og visepresident Maroš Šefčovič overtek ansvaret for EUs grøne giv. Måndag og tysdag gjennomførte miljø-, folkehelse- og matsikkerheitskomiteen (ENVI) høyringar av Hoekstra og Šefčovič. Hoekstra blir ny nederlandsk kommissær etter Frans Timmermans. Šefčovič som alt har vore utøvande visepresident, tek over Timmermans ansvar for EUs grøne giv. I høyringa vart Hoekstra mellom anna utfordra på kor reelt hans klimaengasjement er, også fordi han har arbeidd i oljeselskapet Shell. Šefčovič kjem frå same parti som Robert Fico i Slovakia (Smer) og fekk kritiske spørsmål med bakgrunn i dei mange kontroversielle utspela til Fico i samband med valet i Slovakia, inkludert knytt synet på Russland og krigen i Ukraina. Smer er med i sentrum venstre-gruppa (S&D) i Europaparlamentet, medan Hoekstra er knyt til EPP. Etter høyringane var vurderingane delte. I eit evalueringsmøte bestemte derfor ENVI å stille fleire skriftlege spørsmål om mellom anna Hoekstras fortid i konsulentselskapet McKinsey og Šefčovičs syn på Russland og den russiske aggresjonen i Ukraina. Med bakgrunn i svara, tilrådde eit tilstrekkeleg fleirtal i komiteen at dei fekk godkjendstempel. Mange la positiv vekt på at dei to i sine svar til komiteen stadfesta at dei stiller seg bak eit mål om 90 prosent kutt i klimakutta innan 2040. I den hemmelege avrøystinga i plenum fekk Hoekstra støtte av 279 representantar, medan 173 røysta i mot og 33 avsto. Šefčovič fekk støtte frå 322 representantar, medan 158 røysta mot og 37 avsto.
Rapport om tilhøvet til Sveits
Europaparlamentet vedtok med stort fleirtal ein rapport om tilhøvet mellom EU og Sveits. Rapporten drøftar både utanriks- og sikkerheitspolitikk, arbeidsmarknad og tilgang til den indre marknaden, energi- og klima, programsamarbeid og behovet for ein rammeavtale mellom EU og Sveits. I debatten viste mange til at Sveits er ein viktig partnar for EU, men sa seg lei for at Det sveitsiske forbundsrådet hadde avslutta forhandlingane om ein rammeavtale i 2021. Både parlamentarikarane og visepresident i Europakommisjonen, Maroš Šefčovič, la vekt på at EU har interesse av eit breitt samarbeid med Sveits, inkludert om forsking og utdanning. Samstundes vil ikkje EU godta at Sveits berre plukkar godbitar. Ein rammeavtale som sikrar dynamisk integrering av nytt EU-regelverk, må ligge i botn for samarbeidet. Det vart vist til at EUs finansielle bidrag til EU er for lite i høve til nytten landet har av tilknytinga til den indre marknaden.
Europaparlamentet klart til å forhandle om migrasjon- og asylreform
Europaparlamentet gav torsdag samtykke til å starte forhandlingar om revisjon av grenseforordninga (Schengen Border Code) med bakgrunn i posisjonen frå komiteen, jf. omtale av denne i Stortingets EU/EØS-nytt 29. september i år. Medlemslanda i Rådet vart 4. oktober samde om eit mandat for endringar i den såkalla kriseforordninga om handtering av krisesituasjonar og force majeure på migrasjons- og asylområdet. EUobserver skriv 4. oktober at Europaparlamentet dermed er klare til å forhandle med Rådet om reforma og i ein debatt onsdag la Parlamentet vekt på behovet for raskt vedtak av den. I debatten la visepresident i Kommisjonen Margaritis Schinas vekt på behovet for å samarbeide med opphavsland for å redusere talet på migrantar til Europa. Han forsvarte samarbeid med autoritære land som Tunisia. Migrasjon er også tema når EUs stats- og regjeringssjefar møtes til toppmøte i Granada 6. oktober.
Polsk visumskandale
I ein debatt tysdag kom det kraftig kritikk mot den polske regjeringa i samband med at det har kome påstandar om at korrupte polske tenestemenn på tvilsamt grunnlag har innvilga tusenvis av visum som gjev tilgang til heile Schengen-området. Enkelte parlamentarikarar meinte likevel Parlamentet burde venta med debatten til etter valet i Polen 15. oktober for å unngå å bli skulda for å blande seg inn i valet. Kommisjonen sa i debatten at den er uroa over påstandane som har kome fram i polske media og at den polske regjeringa er bedt om å svare på ei rekkje spørsmål knytt til saka.
Revisjon av EUs langtidsbudsjett
Europakommisjonen har gjort framlegg om å auke EUs langtidsbudsjett med 65,8 milliardar euro for perioden 2024-2027. Europaparlamentet meiner det er behov for ytterlegare 10 milliardar euro for å møte utfordringane EU står overfor knytt til mellom anna migrasjon, styrking av EUs strategiske autonomi og av EUs krisehandteringsevne. Europaparlamentet vil forhandle med medlemslanda om det endelege budsjettet når Rådet har fastsett ein posisjon. Europarlamentet seier det er viktig at det blir nådd semje om eit revidert budsjett i løpet av inneverande år
Handelspolitisk instrument som vern mot politisk utpressing
Med heile 578 mot 24 røyster og 19 som avsto, gav Europaparlamentet formelt samtykke til eit nytt handelspolitisk instrument som skal hindre politisk utpressing frå eit tredjeland knytt til ein spesiell politikk i EU eller eit EU-land. Målet er å avskrekke land frå slik utpressing, men Kommisjonen kan på visse vilkår innføre mottiltak dersom det blir slått fast at ei land likevel driv slik verksemd. Mottiltaka kan omfatte restriksjonar i handel med varer, tenester eller intellektuelle opphavsrettar eller restriksjonar i utanlandske direkte investeringar. EU kan også redusere tilgangen til EUs marknad for offentlege innkjøp, kapitalmarknad eller la vere å autorisere produkt under kjemiske eller sanitære reglar. Det er venta at Rådet vil gje formelt samtykke i oktober. Forordninga vil trå i kraft i EU 20 dagar etter dette vedtaket.
Motstand mot godkjenning av genmodifisert mais
Eit fleirtal i Europaparlamentet går i mot å godkjenne to typar genmodifisert mais. Europaparlamentet kan ikkje stanse Kommisjonens godkjenning, men eit kvalifisert fleirtal i Rådet kan eventuelt blokkere for den. I denne saka var det ikkje eit slikt fleirtal i Rådet, og Kommisjonen kan derfor gå vidare med godkjenninga i samsvar med ei tilråding frå Den europeiske myndigheita for næringsmiddeltryggheit.
Betre vern av arbeidstakarar mot asbest
Europaparlamentet gav nesten samrøystes formelt samtykke til eit direktiv som redusere øvre tillatne grenseverdi for asbestfiber til 10 prosent av dagens tillatne nivå. Det blir også krav om betre verneutstyr for arbeidstakarar som er eksponert for asbest og betre opplæring av dei. Medlemslanda skal innføre dei nye reglane seinast innan seks år etter at direktivet er endeleg vedtatt av Rådet.
Uformell semje om å redusere utslepp av fluorgassar
Europaparlamentet og Rådet vart 5. oktober samde om ei ny forordning som skal redusere utsleppa av fluorgassar og stanse utsleppa heilt innan 2050. Produkt som inneheld slike gassar skal ikkje kunne marknadsførast i EU, men erstattast av meir klimavenlege løysingar. Fluorgassar blir brukt mellom anna i kjøleskap, luftavkjølingsanlegg og varmepumper. Semja må formelt godkjennast av Rådet og Parlamentet før regelverket kan trå i kraft.
Klar for forhandlingar om avløpsdirektivet
Parlamentet gav med stort fleirtal samtykke til å starte forhandlingar med Rådet om revisjon av avløpsdirektivet. Forhandlingane vil i hovudsak skje på bakgrunn av posisjonen frå komiteen, jf. omtale i Stortingets EU/EØS-nytt 29. september. I debatten i plenum vart det lagt vekt på behovet for å modernisere det tretti år gamle direktivet for å redusere forureining og sikre betre vasskvalitet. Fleire la vekt på prinsippet om at forureinar betaler må ligge til grunn, ikkje minst farmasøytisk industri som er vesentlege kjelder til forureining. Samstundes åtvara enkelte mot at framlegget vil føre til store kostnadar.
Harmoniserte reglar for handbagasje på fly?
Eit fleirtal i Europaparlamentet ber Europakommisjonen om å innføre konsistente reglar for prising og storleik på handbagasje på fly. Parlamentet viser mellom anna til ein dom frå EU-domstolen om at flyselskap ikkje bør krevje ekstra betaling for handbagasje som har rimeleg vekt og dimensjonar og som oppfyller sikkerheitskrav. Parlamentet meiner Kommisjonen bør implementere dommen i samband med revisjonen av EUs forordning om felles reglar for drift av lufttrafikk.
Tale av den tsjekkiske presidenten
Den tsjekkiske presidenten, Petr Pavl, la i en tale til plenumsmøtet vekt på betre dialog med innbyggjarene i EU, kamp mot populisme og åtvara mot å gje innrømmingar til Putin. Han trakk historiske parallellar til at tsjekkoslovakisk territorium var gjeve til Hitler utan at det hindra ein ny krig. Pavl støtta også utviding av EU og la vekta på at den grøne omstillinga må skje på ein måte som gjev fordelar til alle.
Kontaktinfo
Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg