Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Plenumsmøte i Europaparlamentet i Strasbourg

Situasjonen eitt år etter den russiske invasjonen i Ukraina, migrasjonspolitikken og EUs grøne industriplan var tre sentrale tema for Europaparlamentets plenumsmøte denne veka. Parlamentet drøfta også rettsstatsutviklinga i Hellas og tok til orde for at EU må ratifisere Istanbul-konvensjonen. Som ledd i oppryddinga etter korrupsjonsskandalen vart oppretting av eit etikkorgan for EU-institusjonane drøfta og parlamentets spesialkomité for utanlandsk påverking fekk utvida mandatet til også å sjå på korrupsjon. Parlamentet godkjente formelt nye standardar for CO2-utslepp frå bilar og lette køyretøy. Det betyr forbod mot nye bilar med fossilt drivstoff frå 2035.

Europaparlamentets møttes til sitt februarmøte i Strasbourg denne veka og starta med eit minutts stillheit til minne om ofra for jordskjelvet i Tyrkia og Syria. Onsdag måtte møtet avbrytast i tre timar etter at demonstrantar på tilhøyrargalleriet skapte uro i salen og truga med å kaste seg ned i salen om dei vart forsøkt fjerna. I ein spørjetime tysdag om EUs utvidingspolitikk til Balkan deltok Olivér Várhelyi, kommissær for utviding og nabolagspolitikk. Han vart overhøyrt da han kommenterte «Er det fleire idiotar igjen nå?» med henvising til at så mange parlamentarikarar stilte spørsmål. Fleire MEP kritiserte han for manglande respekt for Parlamentet og viste til orsakinga om at han var blitt misforstått er tynn. Det vart stilt spørsmål med om han er egna til stillinga og krav om at kommisjonspresidenten burde fjerne han.

Brei støtte til Ukraina
EU må forsyne Ukraina med våpen så lenge det trengs. Det slår eit stort fleirtal på 444 mot 26 røyster og 37 som avsto fast i ein resolusjon som vart vedteke torsdag. Parlamentet meiner vestlege land må vurdere å sende kampfly, at frosne, russiske middel må gå til å byggje opp igjen Ukaina og tek til orde for å utvide sanksjonane mot Russland. Parlamentet meiner også Kommisjonen og Rådet må starte samtaler om EU-medlemskap med Ukraina i år.   

Onsdag deltok både EUs høgrepresentant for utanrikssaker, Josep Borrell, kommisjonspresident Ursula von der Leyen og miljøkommissær Virginijus Sinkevičius i ein debatt om status eitt år etter den russiske invasjonen og aggresjonen mot Ukraina. Både Borrell og von der Leyen sa viktige bidrag har vore og er bistand til Ukraina, tiltak for å svekke Russland og å sikre at Ukraina kan bli integrert i det europeiske samarbeidet. Begge viste til at sanksjonane mot Russland fungerer sjølv om det tek tid før dei får full effekt. Von der Leyen fekk applaus da ho varsla sanksjonar mot iranske selskap som har seld dronar til Russland. Borrell var klar på at det er nødvendig med ytterlegare våpenhjelp og sa stans i våpenhjelpa vil føre til russisk siger og svekke europeisk sikkerheit. Våpenhjelpa må kome raskt. «Eg skjønar ikkje korleis dei på ytre venstre som argumenterer for stans i våpenhjelpa, ser for seg at det skal bidra til å få Putin til forhandlingsbordet», sa Borrell. Han tok til orde for EU må byggje opp eige forsvarsevne. Von der Leyen la vekt på at europeisk samhald har vore viktig og sa EU vil støtte Ukraina så lengje det trengs.

I ein debatt som varte i over to timar, var det brei semje om å støtte Ukraina så lengje som trengs og mange tok til orde for meir og raskare våpenhjelp. Det er Putin som har ansvar for at krigen held fram – ikkje våpenhjelpa. Eit par representantar frå ytre høgre og partiuavhengige la skulda på krigen på Ukraina og vesten og forsvarte Russlands handlingar. Eit par innlegg frå ytre venstre understreka at sjølv om Russlands aggresjon og handlingar er motbydelege, er det grunn til å etterlyse fredsinitiativ frå Ukrainia og Nato. Å pøse våpen inn i landet gjer at krigen varer lenger og fører til sivile lidingar. Eit forsøk på å ta attende Krim vil berre auke faren for at Putin tyr til atomvåpen.

Den parlamentariske leiaren i sentrum høgre-gruppa (EPP), Manfred Weber, sa i sitt innlegg at Ukraina kjempar for den europeiske livsstilen. Han viste til at sentrum venstre (S&D) og Den grøne gruppa i 2019 hadde kritisert von der Leyen for å gje ein kommissær ansvar for europeisk livsstil. Krigen i Ukraina viser at dette var eit riktig og nødvendig initiativ. Medlemmer av S&D og Den liberale gruppa (Renew) kom på si side med kritikk av Weber for ikkje å ha teke avstand frå ein nyleg kommentar frå Silvio Berlusconi, der han (igjen) roste Putin. Når vil EPP ta eit oppgjer med dette spurte dei? Eit anna innlegg frå EPP sa Berlusconis kommentar var forferdeleg, men at det er også er sentral personar i S&D-gruppa som har kome med positive kommentarar om Putin. Alle partigrupper må ta ansvar for å rydde i eige hus.

Trass kommentarane frå ytterfløyane og visse stikk mellom partigruppene i sentrum, er hovudbiletet uansett sterk oppslutning om vidare støtte til Ukraina og om sanksjonane mot Russland og Belarus.

EUs grøne industriplan
Parlamentet vedtok ein resolusjon om EUs grøne industriplan torsdag. Resolusjonen slår fast at det er viktig å etablere eit europeisk fond for å unngå nasjonal fragmentering, at det er viktig å sikre tilgang til finansiering og forenkle godkjenningsprosedyrar. Den ber også Kommisjonen om å samarbeide med amerikanske styresmakter for å hindre at europeiske selskap blir diskriminert i USA. Det vart lagt merke til at mange i den største gruppa, EPP, røysta mot resolusjonen. Dette blir sett på som eit prestisjenederlag for kommisjonspresidenten, Ursula von der Leyen, som sjølv tilhøyrar denne gruppa og som har fronta planen.

Den svenske europaministeren, Jessika Roswall, og Mariead McGuinnes, kommissær for finansielle tjenester, finansstabilitet og kapitalmarkedsunionen, deltok onsdag i ein debatt om planen. Dei viste til at planen har fire hovudpilarar – kompetanse, finansiering, mindre byråkrati og handel. Det er viktig å sikre tilgang på kompetent og nok arbeidskraft i Europa. Det er viktig å sikre at statssttøttereglar og kapitalmarknader kan bidra til nødvendig kapital. Byråkrati og godkjenningsprosedyrar må forenklast slik at grøne industriprosjekt kan utviklast raskare. Og internasjonale verdikjeder er viktige for å utvikle industrien. Eksisterande handelsavtaler må utnyttast betre og nye må forhandlast fram. Samstundes er det viktig å styrke europeisk produktivitet og å hindre fragmentering av den indre marknaden. Ikkje alle EU-land har dei same finansielle musklane til å gje statsstøtte. Unntaka frå dei eksisterande statsstøttereglane må derfor vere midlertidige og målretta. Dette skal ikkje vere ein subsidiekonkurranse.

I runden med kommentarar frå dei politiske gruppene var det blanda reaksjonar. Det var semje om behovet for tiltak for å styrke europeisk industri, men mottakinga av Kommisjonens plan var avmålt. Sentrum høgre-gruppa (EPP) meinte Kommisjonen hadde for stor tru på reguleringane i Klar for 55-pakken og satsa for lite på tiltak for styrka produktivitet. Europa kan ikkje konkurrere på arbeidskostnadar, men kan hevde seg med innovasjon.

Sentrum venstre-gruppa (S&D) sa det er positivt at USA gjennomfører tiltak for reduserte utslepp, men at landet må respektere reglane i WTO. EU ligg etter konkurrentar til dømes i produksjon av mikroprosessorar og i digital omstilling og tiltak for å avhjelpe dette er positivt. Kommisjonens plan manglar tiltak for å sikre arbeidstakarane. Det er viktig med reform av elektrisitetsmarknaden for å sikre europeisk konkurranseevne og det er positivt med endring i statsstøttereglane slik at nasjonale, strategiske investeringar kan gjennomførast. Samstundes må dette ikkje føre til ein intern subsidiekamp mellom EU-landa.

Den liberale gruppa (Renew) understreka behovet for å styrke den indre marknaden og sa dette aspektet mangla i planen. Den grøne gruppa sa konkurranseevne ikkje berre er kostnadar, men også langsiktig bærekraft. Planen må ikkje undergrave den europeiske modellen.

Ytre høgre-gruppa (ID) og den konservative gruppa (ECR) åtvara begge mot å innføre eit system med planøkonomi i Europa og tru på at sentralplanlegging skal løyse alt. EU kan ikkje kopiere USA og har heller ikkje dei same systema og strukturane som USA. Det er viktig med teknologinøytrale løysingar og unngå for detaljerte reguleringar.

Ytre venstre gruppa (The Left) sa det er behov for ei radikal nytenking av europeisk industripolitikk. Styresmaktene må ta inn over seg at folk treng konkrete løysingar for energi, transport, helse og utdanning. Det er viktig å følgje med på kva USA gjer, men EUs løysingar må vere gjennomtenkte og ikkje støtte store internasjonale selskap. Det må leggast større vekt på bærekraft og arbeidstakarrettar.

Europaparlamentert gav elles denne veka samtykke til å starte forhandlingar med Rådet om to rettsakter som skal fremje europeisk produksjon av mikroprosessorar.

Migrasjon
Det var onsdag ein diskusjon om migrasjon med bakgrunn i konklusjonane frå toppmøtet til EUs stats- og regjeringssjefar 9. februar og vegkartet for framdrift i behandlinga av migrasjons- og asylpakta som Rådet og Parlamentet er samde om. Det var ved opninga av møtet måndag dette punktet vart lagt til dagsorden. Debatten da om tittelen på dagsordenspunktet illustrertre dei politiske skiljelinene på dette området. Fire politiske grupper hadde kvart sitt framlegg og dermed tilnærming til diskusjonen. Sentrum venstre-gruppa ville ha overskrifta «Ingen EU-finansiering av grensemurar». Ytre-høgre-gruppa (ID) ville fokusere nettopp på behovet for strengare grensekontroll, medan sentrum-høgre (EPP) ville ha ein debatt med utgangspunkt i konklusjonane frå toppmøtet. Til slutt var det framlegget til den liberale gruppa (Renew) om ein debatt om konklusjonane, men også om vegkartet, som fekk fleirtal.

Både den svenske EU-ministeren, Jessika Roswall, og Mairead McGuinnes som representerte Europakommisjonen, la i debatten onsdag vekt på at utfordringane på migrasjon- og asylområdet er europeiske og krev europeiske løysingar basert på solidaritet. Det svenske EU-formannskapet vonar på framgang i forhandlingane om dei ulike elementa i migrasjons- og asylpakta nå i vår. Det er derfor viktig at både Rådet og Parlamentet blir klare med sine forhandlingsposisjonar for dei rettsaktene der dette ennå manglar. Kommisjonen la vekt på at det i tillegg til arbeidet med rettsaktene, også er viktig med operasjonelle tiltak. Det er viktig å styrke yttergrensene mellom anna på Balkan gjennom å styrke Frontex. Indre grensekontroll skal vere siste utveg. Kommisjonen la også vekt på behovet for rask retur av dei som ikkje skal ha vern. Det er nødvendig med styrka samarbeid med opphavsland og transittland for å stanse menneskesmugling. McGuinnes la vekt på at grunnleggjande rettar må respekterast og sa avslutningsvis at det er viktig å hugse at dette handlar om menneske.

I debatten var det relativt brei semje om behovet for europeisk løysingar og sluttføring av arbeidet med migrasjons- og asylpakta, men altså ulike syn på mykje anna. Det kom kritikk av at konklusjonane frå Det europeiske råd i så stor grad fokuserte på kontroll med yttergrensene og liten grad drøftar problema med dagens system. Innlegga delte seg grovt sett mellom dei som la vekt på behovet for betre kontroll med yttergrensene og dei som la vekt på at sjølv om grensekontroll er viktig, er det uansett ikkje mogleg å byggjer murar og gjerde som er høge nok til å stanse migrasjon.

EPP sa det er viktig med konkrete tiltak for å styrke kontrollen med yttergrensene. Gruppa understreka at det er viktig med eit breitt politisk kompromiss om pakta. Det medfører at alle elementa må handterast samla og at det ikkje er aktuelt å forhandle enkeltelement separat.

S&D understreka at det er viktig å styrke yttergrensene, men så lenge det skjer naturkatastrofar eller er krig, vil det kome migrantar. Murar vil ikkje stanse dette og EU må byggje migrasjonspolitikken på humanistiske verdiar. EU må ikkje finansiere murar.

Renew viste til at medlemslanda etter sju år ennå ikkje har klart å bli samde om reform av migrasjons- og asylsystemet. Murar på yttergrensene er ikkje løysinga. Når faren for drukning og forferdelege tilhøve i greske leiarar som Moria, ikkje har skremt folk frå å prøve å ta seg til EU, vil heller ikkje murar gjere det. Løysinga er ein realistisk politikk som handterer migrasjon på ein ryddig måte.

Den grøne gruppa la vekt på at murar og å plassere asylsøkarar i tredjeland ikkje løyser utfordringane knytt til migrasjon. EUs migrasjonspolitikk må byggje på solidaritet og byrdefordeling.

ID la vekt på at det hastar å få kontroll med yttergrensene, medan den konservative gruppa (ECR) stilte spørsmål om kvifor det hasta med å vedta migrasjons- og asylpakka før valet til nytt Europaparlament i 2024.

Ytre venstre-gruppa (The Left) la også vekt på behovet for ein human asylpolitikk og viste også til at EU treng innvandring på grunn av låge fødselstal og mangel på arbeidskraft.

Debatt med den lativske presidenten, Egils Levits
Europa har vore naive ved å gjere seg avhengige av russisk energi på trass av åtvaringar mot dette. Det sa den latviske presidenten, Egils Levits, i ein tale til Europaparlamentet tysdag. Han støtta framlegget om ein spesialdomstol for russiske krigsbrotverk i Ukraina og å bruke fryste russiske verdiar til attreisinga av landet. Det er også viktig å ha politisk vilje til å gje Ukraina ei europeisk framtid. Han la vekt på at behovet for politiske løysingar for å sikre rettsstatsprinsippa i EU-landa.

Klar for 55: Forbod mot sal av nye bensin- og dieselbilar frå 2035
Europaparlamentet gav formelt samtykke til ei forordning om reduserte CO2-utslepp frå bilar og lette køyretøy. Dette vil medføre eit forbod mot sal av nye bensin- og dieselbilar frå 2035. Vedtaket vart gjort med 340 mot 279 røyster og 21 som avsto. Dette er den fyrste av rettsaktene i den såkalla Klar for 55-pakken som blir formelt vedteke etter at det er oppnådd politisk semje i trilogforhandlingar med Rådet.

Raskare energiomstilling i nasjonale gjenreisingsplanar
Europaparlamentet gav samtykke til at nasjonale gjenreisingsplanar etter pandemien skal inkludere tiltak for energisparetiltak, produksjon av rein energi, diversifisering av energi og støtte til hushald. Dette skal både sikre at EU raskare blir uavhengig av fossil energi frå Russland og auke tempoet i den grøne omstillinga.          

EU-program for sikker rombasert kommunikasjon
Med eit overveldande fleirtal på 603 mot 6 røyster og 39 som avsto, gav Europaparlamentet formelt samtykke til eit nytt program for sikker, rombasert kommunikasjon. Målet er å byggje ut ein sikker infrastruktur i EU og bidra til EUs strategiske autonomi. Det formelle vedtaket kjem etter at Rådet og Parlamentet vart samde om prinsippa i programmet i november 2022. I en EØS-EFTA-kommentar i juni 2022 vart det uttrykt uro for at programmet ikkje sikrar full deltaking for EØS EFTA-landa.

EU må ratifisere Istanbul-konvensjonen
EU-domstolen har slått fast at EU kan ratifisere Istanbul-konvensjonen utan samrøystes vedtak i Rådet. EU signerte konvensjonen for seks år sidan, men enkelte medlemsland har motsett seg ratifisering. Europaparlamentet tek i ein resolusjon til orde for at EU nå må ratifisere konvensjonen. Vedtaket skjedde med 469 mot 104 røyster og 55 som avsto og slo også fast at det er viktig at medlemslanda ikkje spreier feilinformasjon om kva konvensjonen faktisk gjeld.

Rettsstatsutviklinga i Hellas
Etter initiativ frå S&D-gruppa var det onsdag ein debatt om utviklinga av rettsstatssituasjonen i Hellas. Gruppa viste til avsløringar om bruk av spionverktøy i telefonane til journalistar og opposisjonspolitikarar. Det er også uro for at negativ utvikling i pressefridom og andre tilhøve.

Både det svenske EU-formannskapet og kommissær Mairead McGuinnes la vekta på at det er viktig å følgje med på utviklinga i grunnleggjande verdiar i alle medlemsland. Det er også bakgrunnen for Kommisjonens årlege rapportar om rettsstatsutviklinga og for at Rådet har ein strukturert gjennomgang av utviklinga i alle land etter tur. McGuinnes sa den siste rapporten for Hellas viser utfordringar både når det gjeld korleis dommarar blir utnemnd, og effektiviteten i domstolane mellom anna på grunn av manglande digitalisering. Kommisjonen meiner også systemet for korrupsjonskontroll og innsyn bør styrkast og har peikt på utfordringar knytt til mediefridom og mediemangfald og vernet av journalistar. Den meiner også lovgjevingsprosessen bør forbetrast mellom anna ved auka tid til konsultasjonar og høyringar. Når det gjeld bruken av spionvare i telefonar forventar Kommisjonen full gransking i Hellas og var glad for at regjeringa samarbeider med Kommisjonen om dette.

Debatten etterpå var som ofte i debattar om rettsstat i Europaparlamentet, prega av at representantar frå partigruppa som har regjeringsmakta i det aktuelle landet forsvarar situasjonen, medan andre grupper er kritiske. I dette tilfelle var det sentrum høgre-gruppa (EPP) som forsvarte den greske regjeringa. Greske EPP-representantar meinte heile debatten var politisk motivert, og aviste generelt at det er noko problem med utviklinga i rettsstat og mediefridom i Hellas. Det vart også vist til at den konkrete saken om spionverktøy i telefonar både verserer for domstolar i Hellas og også blir granska av ein spesiell granskingskomité i Europaparlamentet.

Representantar frå mange av dei andre partigruppene teikna eit heilt anna bilete av utviklinga og meinte mellom anna den greske regjeringa har prøvd å hindre full gransking i bruken av spionverktøy. Det er også ei negativ utvikling på mange andre område inkludert korleis landet behandlar migrantar. Det er også alarmerande at drapet på ein gravejournalist for to år sidan, ennå ikkje er oppklart. Fleire sa seg lei for at dette igjen vart ein debatt der partilojalitet trumfer lojaliteten til europeiske verdiar. Enkelte tok til orde for at Kommisjonen må opne ein artikkel 7-prosedyre mot landet slik det også er gjort mot Polen og Ungarn. Det er uansett viktig å ta tak i negative utviklingstrekk før det er for seint.

Korrupsjonsskandalen
Den pågåande korrupsjonsskandalen i Europaparlamentet var også denne gongen med på å prege veka. Parlamentet vedtok to resolusjonar om tiltak for auka innsyn og integritet i Parlamentet. Det vart bestemt at parlamentets spesialkomité for utanlandsk påverking, får utvida mandat til også å vurdere korrupsjon. Komiteen skal levere sin rapport i juli 2023. Det var ein særskilt debatt med Rådet og Kommisjonen om å opprette eit uavhengig etikkorgan for EU-institusjonane. Kommisjonen lova å komme med eit konkret framlegg i mars. Etter at Europaparlamentet oppheva immuniteten tidlegare i februar, vart belgiske Marc Tarabella og italienske Andrea Cozzolino begge arresterte i samband med korrupsjonsskandalen førre veke. Begge har representert sentrum venstre-gruppa (S&D) i Europaparlamentet.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 17.02.2023 12:38
: