Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Europaparlamentets plenumsmøte 12. – 15. juni

På plenumsmøtet i Strasbourg denne veka var migrasjonspolitikk, kunstig intelligens og situasjonen i Ukraina tre viktige saker. Parlamentet vedtok ein rapport om bruken av Pegasus og anna spionvare og drøfta den siste utviklinga knytt til val og rettsstat i Polen. Miljøkomiteen vedtok sin posisjon for økodesign for produkt, men rakk ikkje å bli ferdige med avrøystinga for ein posisjon om krav til naturrestaurering som har skapt stort engasjement. Parlamentet vil auke talet på mandat frå 705 til 716 etter EU-valet som vil haldast 6. – 9. juni 2024.

Opninga
Ved opninga av sesjonen 12. juni uttrykte parlamentspresident Roberta Metsola solidaritet med dei som er omfatta av skadane etter øydelegginga av Nova Kakhovka-dammen i Ukraina og sa EU vil gje praktisk hjelp og økonomisk støtte og bidra til å finne ut kven som står bak. Ho viste også til eit brutalt drap på ei kvinne i Italia 27. mai og fleire andre partnardrap i det siste og sa valden mot kvinner må stanse. Metsola kondolerte familie, venner og kollegaer av Silvio Berlusconi som døydde same dag. Han var medlem av Europaparlamentet frå 1999-2001 og igjen frå 2019 til 2022.

Diskusjon om toppmøte dominert av migrasjon og asyl
Ein debatt om det kommande toppmøtet 29. og 30. juni vart prega av migrasjon- og asylpolitikk. I debatten deltok det svenske EU-formannskapet representert med EU-minister Jessika Roswall og visepresident i Kommisjonen, Maroš Šefčovič. Ved opninga av plenumsmøtet var det fem politiske grupper som gjorde framlegg om å inkludere ulike ordlydar knytt til EUs asyl- og migrasjonspolitikk i debatten om toppmøtet. Bakgrunnen var semja førre veke i Rådet mellom EUs medlemsland om posisjonar knytt til forordningar om migrasjon- og asylhandtering og til asylprosedyrar. I motsetnad til kva ein del norske nyheitsoppslag kan gje inntrykk av, var semja i Rådet ikkje eit endeleg EU-vedtak, men Rådets posisjon for forhandlingane med Europaparlamentet om desse to rettsaktene. Parlamentet vedtok sine posisjonar i april, jf. omtale i Stortingets EU/EØS-nytt 14. april i år.

Både Roswall og Šefčovič viste til at toppmøtet mellom anna vil dreie seg om situasjonen i Ukraina, EUs konkurranseevne og tilhøvet til Kina i tillegg til migrasjon- og asylpolitikk. Det vart mellom anna vist til at EU arbeider med ein ny sanksjonspakke mot Russland og ser på korleis fryste, russiske middel kan brukast til å hjelpe Ukraina. EU arbeider for auka produksjon og felles innkjøp av ammunisjon og bistår med kartlegging av krigsbrotverk. Roswall la elles spesielt vekt på at den indre marknaden er viktig for EUs langsiktige konkurranseevne. Šefčovič understreka at framlegga knytt til kritiske råmateriale, nullutsleppsteknologi, kunstig intelligens og dataforordninga er viktige brikker i dette.

Begge la vekt på at det er positivt at det nå er oppnådd semje i Rådet om ein felles posisjon for dei to rettsaktene knytt til migrasjon og asyl og vona på vedtak før valet til nytt Europaparlament i 2024. Dei understreka at dei to rettsaktene må sjåast i samanheng med dei andre rettsaktene som er del av reformpakka Kommisjonen la fram i 202o. Reform av regelverket er nødvendig i tillegg til operasjonelle tiltak som også bidrar til mindre uregulert migrasjon, fleire returar og mindre menneskesmugling.

I debatten var det brei semje om vidare støtte til Ukraina og til å bruke fryste, russiske middel til å hjelpe Ukraina. I tillegg til nye sanksjonspakkar er det også viktig med innsats for å hindre omgåing av eksisterande sanksjonar. Sjå også omtale av ein eigen debatt om Ukraina nedanfor.

Dei fleste som hadde ordet snakka likevel mest om asyl og migrasjon. Fleire understreka at EUs politikk må vere basert på respekt for menneskeverd, grunnleggjande rettar og ordna tilhøve for dei som kjem til Europa. Det var mange som var glade for at det nå er mogleg å starte forhandlingar med Rådet om det nye regelverket og som viste til at kontroll med migrasjonen er nødvendig for å skape tillit hjå innbyggjarane i EU. Samstundes uttrykte både sentrum høgre (EPP), sentrum venstre (S&D), den liberale gruppa (Renew) og enkelte i den den konservative gruppa (ECR) behovet for å forbetre Rådets posisjon. Den grøne gruppa og ytre venstre (The Left) var svært kritiske til semja i Rådet og meinte den opna for omfattande internering inkludert av barn og ei svekking av asylinstituttet. Det er ein illusjon å tru at gjerder og tøffe reglar vil stanse migrasjonen – det er Putins krig, klimaendringar og autoritære og valdelege leiarar i mange land som er årsak til dette. Dei åtvara også mot å overlate handteringa av migrantar til autoritære tredjeland som Tunisia. Ytre høgre-gruppa (ID) viste til at semja i Rådet var skjør ved at både Polen og Ungarn røysta mot og fire land avsto. ID sa seg glad for at Polen nå forsøker å mobilisere støtte til å stanse semja i Rådet. Både ID og ECR er mellom anna skeptiske til at land som ikkje vil ta i mot relokaliserte migrantar, skal betale med 20 000 euro i staden.

Sefcovic sa på slutten av debatten at den nye grenseprosedyren skal sikre rask vurdering av behovet for asyl. Integrering generelt, og spesielt av barn, skal vere siste utveg og ingen måte ein hovudregel.

Samla sett ligg det an til vanskelege forhandlingar mellom dei to institusjonane. Sidan det var vanskeleg å få til semje i Rådet, har truleg medlemslanda lite å gå på. I Europaparlamentet er det også mange som av ulike grunner er skeptiske til posisjonen til Rådet og ynskjer mellom anna meir solidarisk byrdefordeling, fleire relokaliseringar og kortare behandlingstid for asylsøknadar, jf. omtale også i Agence Europe 14 . juni. Samstundes er inntrykket at i alle fall dei tre største gruppene (EPP, S&D og Renew) er opptatt av å få til ein avtale før valet i 2024.

Ukraina-debatt
Tysdag morgon var det ein debatt om effektane av øydeleggingane av Nova Kakhova-dammen, innsatsen for gjenreising av Ukraina og for å integrere landet i det euro-atlantiske fellesskapet. Parlamentet vedtok torsdag med stort fleirtal ein resolusjon som mellom anna ber toppmøtet i Vilnius bane vegen for å invitere Ukraina til å bli med i Nato. Den ber også om ei omfattande støtte- og gjenreisingspakke til landet.

Både den svenske EU-ministeren, Jessicka Roswall og visepresident i Europakommisjonen Valdis Dombrovskis la i debatten tysdag vekt på solidaritet med og ikkje minst vidare støtte til Ukraina. Sprenginga av dammen er brot på internasjonal rett, det vil ta lang tid å takle konsekvensane og dei skuldige må straffast. Russland må isolerast og det må innførast ytterlegare sanksjonar. Det er viktig å sikre internasjonal støtte til Ukraina og motverke russiske desinformasjon. Dombrovskis la vekt på at gjenreisinga ikkje kan vente til krigen er over, og at det mellom anna er viktig med innsats som sikrar økonomisk aktivitet i landet og nødvendig infrastruktur. Det må leggjast ein plan for den framtidige gjenreisinga i Ukraina. Dette må gå hand i hand med arbeidet med å førebu EU-medlemskap. Han ville ikkje ta stilling til spørsmålet om Nato-medlemskap for landet, men sa det uansett er viktig å gje Ukraina truverdige sikkerheitsgarantiar.

I kommentarane frå dei politiske gruppene var det brei semje om behovet for støtte til Ukraina, inkludert meir militær hjelp. Samstundes er det nødvendig å førebu gjenreisinga av landet. Enkelte viste til at korrupsjon var eit stort problem i landet før krigen og at det derfor er viktig med god kontroll med dei midla EU skal bruke på gjenreisinga. Russland må betale for gjenreisinga og alt nå må fryste, russiske middel kunne brukast til dette formålet. Mange tok til orde for å sikre raskt medlemskap både i EU og Nato. Mange fordømte Russland og la vekt på behovet for eit internasjonalt tribunal for å handsame krigsbrotverk. Det vart stilt spørsmål ved at den franske presidenten har opna for at russiske utøvarar skal kunne delta på OL i Paris i 2024.

Dei kritiske røystene i debatten kom frå ytre venstre-gruppa (The Left) og nokre uavhengige representantar. The Left la vekt på at fokus må vere på å sikre fred i Ukraina og at ytterlegare våpenhjelp ikkje vil bidra til dette. Nato er del av problemet og ikkje løysinga for landet. Uavhengige representantar hevda krigen er eit anglo-amerikansk åtak på dei slaviske folka i Aust-Ukraina og på Krim. Det vart vidare sagt at EU burde fokusere på å løyse interne problem framfor å legge seg opp i konfliktar som ikkje angår eller er årsaka av EU.

Posisjon om økodesign og utsett vedtak for naturrestaurering
Med eit fleirtal på 68 mot 12 røyster og 8 som avsto, vedtok miljøkomiteen torsdag sin posisjon for revisjon av økodesigndirektivet. Dersom plenumsmøtet i juli ikkje har eit anna syn, er det dermed klart for forhandlingar med Rådet om det endelege direktivet. Parlamentet vil ha forbod mot at produkt blir produsert på ein måte som automatisk gjev dei kort levetid. Produkt må vere lette å reparere og utstyrast med eit digitalt sertifikat med informasjon om miljøeffekt, korleis dei kan reparerast og resirkulerast. Parlamentet vil også ha eit forbod mot å øydeleggje tekstilar, sko og småelektronikk som ikkje er seld.

Det var større spenning om resultatet av avrøystinga i miljøkomiteen om ein posisjon knytt til framlegget om krav til naturrestaurering. Både landbruks- og fiskerikomiteen har gått inn for å avvise framlegget og dermed i praksis be Kommisjonen om ei revidert framlegg.  Sentrum høgre-gruppa (EPP) har vore spesielt kritiske til framlegget i forkant av møtet. Miljøkomiteen som har hovudansvar for framlegget, rakk ikkje å bli ferdige med avrøystinga på komitémøtet torsdag. Avrøystinga vil dermed skje på komitémøtet 26. og 27. juni. Også i Rådet er framlegget omstridt, og det har skapt stor nasjonal debatt mellom anna i Belgia, Finland, Irland og Nederland.

Revisjon av batteriforordninga
Med stort fleirtal gav Europaparlamentet formelt samtykke til semja med Rådet om revisjon av batteriforordninga. Dei nye reglane vil auka måla for innsamling, resirkulering og materialgjenvinning. Det vil også bli strengare krav til berekraft, yteevne og merking og auka krav til at økonomiske aktørar skal ta omsyn til sosialrisiko og miljømessig risiko.     

Kunstig intelligens
Med eit fleirtal på 499 mot 28 røyster og 93 som avsto, vedtok Europaparlamentet onsdag sin forhandlingsposisjon om regulering av kunstig intelligens (KI). Parlamentet er dermed klart for å forhandle med medlemslanda i Rådet om den endelege utforminga av reglane. Forhandlingane starta alt same ettermiddag.

I debatten tysdag var det svært brei semje om at det er viktig med regulering på dette området og at det er positivt at EU her er i tet globalt. Også Kommisjonen understreka dette. Dei som hadde ordet la vekt på at den risikobaserte tilnærminga vil gje balansert og proporsjonal regulering som ikkje hindrar innovasjon. Utprøving av KI gjennom såkalla sandkasser vil til dømes vere tillate. Parlamentet vil ha eit totalforbod mot bruk av KI til biometrisk overvaking, gjenkjenning av kjensler og i politiarbeid for å identifisere potensielle kriminelle. Fleire viste til at regulering av slik aktivitet er viktig for å unngå kinesiske tilstandar i EU. Generative KI-system som til dømes ChatGPT, må vere basert på innsyn i korleis innhald er generert. Visse typar bruk av KI blir definert å ha høg risiko. Det knyter seg mellom anna til KI-system som kan utgjere ein trussel mot helse, sikkerheit, grunnleggjande rettar eller miljøet. KI-system som kan påverke veljarar eller resultatet av val, er også vurdert å ha høg risiko. I debatten argumenterte sentrum høgre-gruppa (EPP) for visse unnatak frå totalforbodet av ansiktsgjenkjenning i spesielt alvorlege kriminalsaker, for å førebyggje terror og til migrasjonskontroll. Gruppa fekk ikkje fleirtal for dette i avrøystinga. Dette var unnatak Kommisjonen også hadde opna for i sitt opphavelege framlegg. Ytre venstre-gruppa (The Left) meinte Europaparlamentets posisjon ikkje gjekk langt nok i å sikre arbeidstakarar vern mot utilbørleg bruk av KI frå arbeidsgjevarane.

Pegasus
Spionvare som Pegsus, bør berre tillatast i spesielle tilfelle og for ei avgrensa periode. Det blir slått fast i sluttrapporten frå granskingskomiteen som har sett på bruken av slik spionvare og som plenum med stort fleirtal slutta seg til torsdag. Rapporten kjem med spesifikke tilrådingar til Polen, Ungarn, Spania, Kypros og Hellas. Spesielt blir Polen og Ungarn bedt om å følgje dommar frå Den europeiske menneskerettsdomstolen og sikre uavhengige tilsynsorgan og uavhengig godkjenning av bruken.

Demokrati og rettsstat i Polen
Onsdag var det ein debatt om rettsstatsutviklinga i Polen. Bakgrunnen var den nyleg vedtekne loven som skal avgrense russisk påverknad i landet, men som mange meiner har som formål å hindre opposisjonen frå å ha folkevalde verv. Samstundes er det uro både for endringar som er gjort i vallova i landet og for at Polen ikkje etterlever ein nyleg dom frå EU-domstolen.

Både den svenske EU-ministeren, Jessika Roswall, og EUs justiskomissær Didier Reynders, uttrykte uro for utviklinga i landet. Roswall sa rettferdige val er grunnleggjande for eit demokrati. Det er legitimt å ville hindre framand påverknad i eit land, men dette må gjerast i samsvar med rettsstatsprinsipp. Reynders viste til at Kommisjonen har sendt opningsbrev til Polen om lova om russisk påverknad. Kommisjonen meiner lova vil gje alt for store fullmakter til det administrative organet som skal opprettast. Kommisjonen er også uroa over endringar i vallova som mellom anna endrar valkrinsar til fordel for regjeringspartiet og gjer det vanskelegare for veljarar busett i utlandet å delta i valet. Også OSSE og Venezia-kommisjonen er uroa over endringane. I Rådet var det ei høyring av Polen knytt til den såkalla Artikkel 7-prosedyren i Det allmenne rådsmøtet i mai. Jamvel om det har vore visse positive utviklingstrekk, er trenden samla sett negativ. Biletet blir forsterka av at Polen nyleg tapte ein sak i EU-domstolen knytt til domstolsreforma i landet, men at landet nektar å etterleve dommen og heller ikkje betaler bøter landet har fått. Landet bryt dermed med grunnleggjande prinsipp for EU-samarbeidet. Det er også andre pågåande traktatbrotssaker mot Polen.

I runden med kommentarar frå dei politiske gruppene var det sterk kritikk av den polske regjeringa og klar støtte til Kommisjonen frå både sentrum høgre (EPP), sentrum venstre (S&D), dei liberale (Renew), Den grøne gruppa og ytre venstre (The Left). Det vart vist til at det som skjer i Polen er eit klassisk forsøk på å blokkere politisk opposisjon og at det hastar med å kome med mottiltak. Det kom også kritikk mot at statskontrollerte media dominerer, at regjeringa har brukt spionvare mot motstandarar og den strenge abortlova i landet. Det vart vist til stort folkeleg engasjement mot regjeringas politikk mellom anna med 500 000 demonstrantar i gatene i Warszawa sist helg. Som vanleg var representantar frå den konservative gruppa (ECR) som omfattar det polske regjeringspartiet, ytre høgre (ID) og ein uavhengig frå det ungarske regjeringspartiet, kritiske til Kommisjonen og fleirtalet i Europaparlamentet i dette spørsmålet. Dei avviste at det er nokon utfordringar for demokratiet i Polen. EPP og andre som tapar nasjonale val må respektere folkeviljen og ikkje ta omkamp i Brussel vart det sagt. Kommisjonen vart også skulda for ikkje å ha spesifisert kva artiklar Polen skal ha brote og for å ha ulike standardar for ulike land.

Granskingsrapport frå Covid-komiteen  
Europaparlamentets midlertidige granskingskomité for Covid-19, vedtok måndag sin sluttrapport. Den tek til orde for å styrke EUs helseberedskapsarbeid og motstandskrafta i nasjonale helsesystem. Den legg også vekta på auka innsyn, koordinering og solidaritet i samband med helsekriser og behovet for overvaking av potensielle helsetrugslar. Det er viktig å sikre demokrati og grunnleggjande rettar i samband med slike kriser. Mellom anna er det viktig å halde nasjonale parlament opne og så langt som mogleg hindra at skular må lukke. Plenum i Europaparlamentet skal etter planen ta stilling til rapporten i juli. Vedtaket i komiteen skjedde med 23 mot 13 røyster og 1 som avsto.

Val til Europaparlamentet 6. – 9. juni 2024 og framlegg til mandatfordeling
Rådet for EU bestemte 22. mai at valet til Europaparlamentet vil gå av stabelen 6. – 9. juni 2024. Valordninga varier frå land til land og det vil derfor også variere mellom land kva for dagar i dette tidsrommet valet vil haldast. Europaparlamentet vedtok denne veka sin kalender for 2024. Det siste plenumsmøtet før valet er i slutten av april og det nye Parlamentet vil bli konstituert i eit plenumsmøte 16. – 19. juli. Parlamentet vedtok også sitt framlegg til ny mandatfordeling i Europaparlamentet og ynskjer å auke talet på representantar frå 705 til 716. Det vil gje fleire mandat til ni EU-land, inkludert Danmark og Finland. Det er Det europeiske råd som formelt gjer vedtak om fordelinga, men Parlamentet må samtykke.

Debatt med den kypriotiske presidenten
Den kypriotiske presidenten, Nikos Christodoulides, understreka behovet for vidare støtte til Ukraina da han talte til Europaparlamentet tysdag. Han trakk parallellen til den tyrkiske okkupasjonen av Nord-Kypros og sa fred i Europa er avhengig av at Russland ikkje vinn krigen. EU må ha autonomi på område som sikkerheit, energi og helse. Det er viktig å vedta EUs migrasjons- og asylpakt for å sikre ei meir rettferdig byrdefordeling. I debatten var det mange som fordømte den tyrkiske okkupasjonen og sa EU må vere tydelegare overfor Tyrkia, samstundes som enkelte understreka behovet for eit strategisk partnarskap med landet.

Tale av presidenten i Kosovo
Presidenten i Kosovo, Vjosa Osmani, sa i ein tale til Europaparlamentet at Kosovo og Vest-Balkan treng europeisk leiarskap og eit vegkart mot ei framtid som del av den europeiske familien. Ho viste til at landet har utfordringar før det kan bli med i EU, men at dette er målet og at land må vurderast ut i frå konkrete resultat.

Matvaresikkerheit og auka støtte til bøndene og tiltak mot tørke
Med eit fleirtal på 447 mot 142 røyster og 31 som avsto, vedtok Europaparlamentet ein resolusjon som tek til orde for at EU må bli sjølvforsynt med mat. Det er behov for investeringar i digitalisering og modernisering i landbruket. Parlamentet er opptatt av tiltak mot matkasting. Det er viktig at den grøne omstilling og tiltaka som det er gjort framlegg om i EUs grøne giv ikkje har utilsikta konsekvensar for nivået på landbruksproduksjonen.

Det var også ein diskusjon om tiltak mot tørken i Europa. Det var semje om at Kommisjonen må koordinere tiltak, men ulike oppfatningar om kva tiltaka bør vere. Partia på høgresida var opptatt av å reparere lekkasjar, modernisere infrastruktur, meir data om bruken av vatn og for å gje finansiell støtte til bønder som er råka av tørke. Dei raud-grøne parti var også samde i betre forvaltning av vassressursar, men understreka også framlegga under EUs grøne giv som viktige tiltak. Dette inkluderer framlegget om krav til naturrestaurering, jf. omtale ovanfor. Det er også venta eit framlegg om betra jordkvalitet 5. juli.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 16.06.2023 10:24
: