Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Plenumsmøte i Europaparlamentet 4. – 7. april

Krigen mot Ukraina dominerte dagsorden i Europaparlamentet denne veka. Parlamentet vedtok resolusjonar som tek til orde for tiltak for å ta vare på barn og unge som er offer for krigen i Ukraina og for strengare sanksjonar mot Russland. Eit stort fleirtall krev at all EU-import av kol, olje, gass og kjernefysisk brensel frå Russland, blir stansa straks.  Rettsstatsituasjonen i Ungarn og Polen kom opp i fleire debattar og kommisjonspresidenten varsla at rettsstatsmekanismen mot Ungarn vil bli sett i verk. Europaparlamentet vedtok ein rapport om framtidig fiske i lys av brexit, som mellom anna ber Noreg om å endre vedtaket om å redusere torskekvoten til EU ved Svalbard. Det vart gjeve grønt signal til å starte forhandlingar med Rådet om direktivet om innsyn i lønn og tiltak for likelønn.

Plenumsmøtet i Europaparlamentet var også denne veka prega av krigen i Ukraina. Ved opninga fekk parlamentspresident Roberta Metsola ståande applaus pga. sitt nylege besøk i Kyiv. Ho sa EU må gje meir humanitær og militær støtte og støtte til logistikk. Ho tok også til orde for enda strengare sanksjonar og sa at krigsbrotverk må etterforskast og straffast. Ho bad deretter om 1 minutts stillheit for alle offera i krigen, spesielt i Butsja. Metsola minna om at det 25. mars var 65 år sidan signeringa av Roma-traktaten som dannar grunnlaget for EU. Ho sa det er viktig å bruke dette jubileet til å minne om at bakgrunnen for traktaten var ønske om fred og stabilitet i Europa og hindre at krig skal bli brukt for å løyse konfliktar.        

Ved opninga annonserte ho at Angel Dzhambazki (den konservative gruppa (ECR), Bulgaria) som reiste armen i nazihelsing i plenumsmøtet i februar, hadde fått ein disiplinærstraff. Han ville miste godtgjersla for 6 dagar, tilsvarande til om lag 2000 euro.

Debatt om toppmøtet i mars med fokus på krigen mot Ukraina
Den lengste debatten denne veka var om EU-toppmøtet 24. – 25. mars. Debatten var ikkje uventa prega av krigen mot Ukraina og ikkje minst informasjonen om drepne sivile i Butsja og i Irpin. Parlamentet vedtok med stort fleirtal på 513 mot 22 og 19 som avsto, ein resolusjon torsdag som krev strengare sanksjonar mot Russland og umiddelbar stans i all EU-import av kol, olje, gass og innsatsfaktorar til kjernekraft frå Russland. Det er samstundes nødvendig med ein plan for å sikre energiforsyning. EU må auke våpenleveranse til Ukraina og Parlamentet krev at eventuell bruk av masseøydeleggingsvåpen straks må få konsekvensar. Parlamentet ga også samtykke til ein støttepakke på 3,4 milliardar euro til landa som tek i mot flyktningar frå Ukraina.

I debatten deltok både Charles Michel, president for Det europeiske råd, Josep Borell, EUs høgrepresentant for utanrikssaker og Ursula von der Leyen, president i Europakommisjonen, jf. også denne pressemeldinga frå Europaparlamentet. Dei hadde ein lik bodskap om at det som nå skjer i Ukraina er krigsbrotsverk som vil bli etterforska og straffa. EU vil stå solidarisk med Ukraina, og Borell og von der Leyen har varsla dei vil reise til Kyiv denne veka. Samstundes viste dei tre til framlegg om nye sanksjonar mot Russland, inkludert stans i import av kol, stenging av havnar, ytterlegare sanksjonar mot russiske bankar og både import- og eksportforbod knytt til ei rekkje produkt. Det er også viktig å sikre at andre land innfører dei same sanksjonane eller i det minste ikkje omgår dei. Det er viktig å sikre at flest moglege land slår ring om ein regelbasert verdsorden. Det vi nå opplever må ikkje bli starten på ein ny kald krig der autokratar samlar seg. Det vart vist til at EU har gjeve 1 milliard i støtte til Ukraina, men betaler 1 milliard dagleg til Russland for olje og gass. EU må derfor stanse importen av olje og gass før eller seinare sa Charles Michel. Det er samstundes viktig med tiltak for å dempe effektane av krigen og sanksjonane. Dette gjeld i høve til innbyggjarane i EU, men ikkje minst også i fattige land, spesielt i Afrika, som er avhengige av matimport. Charles Michel sa det er verdt å vurdere om russiske soldatar som legg ned våpna kan få vern i EU.

Tilhøvet til Kina vart kommentert både i denne debatten og i ein særskilt debatt om det digitale toppmøtet mellom EU og Kina førre veke. Borrell, von der Leyen og Michel sa det er viktig med dialog med Kina som har eit særskilt ansvar i kraft av å vere fast medlem i FNs sikkerheitsråd. Borrell sa EU hadde talt for døve øyrer i toppmøtet der Kina ikkje ville snakke om Ukraina, berre om positive ting. Von der Leyen sa Kina ikkje kan ignorere dei drapa på sivile som nå er avdekt i Ukraina.

Både Borrell og von der Leyen understreka at EU ikkje er og ikkje skal bli ein forsvarsallianse. Det er NATO som dannar grunnlaget for Europas sikkerheit. Likevel har EU ei komplimenterande rolle og kan gjennom mellom anna Pesco og forsvarsfondet bidra til betre interoperabilitet mellom landa og styrka kapabilitetet i Europa.

I debatten var det semje i kravet om strengare sanksjonar mot Russland ikkje minst i lys av dei sivile drepne som nå er avdekt. Dette omfattar krav i stansen av import ikkje berre av kol, men også olje og helst gass. Mange støtta strengare sanksjonar mellom anna mot russiske bankar og stenging av havnar. Det må førebus ytterlegare sanksjonar utover den femte sanksjonspakka som Kommisjonen gjorde framlegg om 5. april. Det vart mellom anne nemnd behovet for å ramme kryptovaluta og fryse verdiar som oligarkane held i skatteparadis. Det vart understreka at EU må stå samla også framover. Mange var urolege for kva som kunne komme til å bli avdekka av krigsbrotsverk i andre byar når russiske styrker trekkjer seg ut. Samstundes sa fleire representantar frå dei baltiske landa og Polen av det ikkje er grunn til å bli overraska over det som nå kjem fram – dette er slik den russiske hæren også har operert heilt sidan andre verdskrigen.

Sentrum høgre-gruppa (EPP) understreka at EU må styrke sin forsvarsevne. Den liberale gruppa var overraska over at ikkje fleire land var solidariske med Ukraina og Europa i situasjonen. Det er viktig å sikre at Tyrkia og land i Afrika, Latin-Amerika og Midtausten sluttar opp om sanksjonane.

Både sentrum venstre-gruppa (S&D), Den grøne gruppa, ytre høgre-gruppa (ID) og ytre venstre-gruppa (The Left) var opptatt av at effektane av krigen mellom anna knytt til energiprisar og flyktningar rammer ulikt. Det må derfor settast inn tiltak for å støtte dei som blir råka hardast. S&D tok også til orde for ei semje om migrasjonspakta og sa alle flyktningar må tas i mot i Europa uavhengig av kvar dei kjem frå.

ID sa det er viktig at EU aukar innsatsen for å sikre ei forhandlingsløysing og at forhandlingsarenaen ikkje må overlatast til Kina og Tyrkia. EU må gjere seg mindre avhengig av andre land på alle område. På energiområdet er det viktig at EU i forsøket på å bli uavhengig av Russland, ikkje gjer seg avhengig av import av energi frå andre ustabile regimer til dømes i Algerie.

Den konservative gruppa (ECR) sa det er klart at krigen vil vare lengje og at EUs tiltak ikkje er nok til å stanse Putin. Det vil ikkje vere overraskande om landa i Vest-Europa etterkvart viser mindre vilje til å støtte Ukraina slik dei også hadde prioritert økonomisk samkvem med Russland over sanksjonar etter Krim. Gruppa etterlyste også solidaritet med Polen som ber ei stor byrde som vertsland for mange flyktningar.

The Left åtvara mot at EUs strategiske kompass vil føre til ei militarisering som vil redusere sikkerheita til EU.

Ein uavhengig representant frå det ungarske regjeringspartiet nytta heile sitt innlegg til å skulde EU for å ville straffe Ungarn. Han påsto landet har teke i mot 600 000 flyktningar og også har sendt hjelp til Ukraina. Det nylege valet var ein siger for patriotar og kristen-demokratar og regjeringa har nå eit sterkare mandat i parlamentet enn nokon gang. I staden for å straffe Ungarn økonomisk, burde EU gje landet bistand.

Ved slutten av debatten var det kommentarar frå visepresident i Kommisjonen, Maroš Šefčovič, og Josep Borrell. Šefčovič understreka mellom anna at dei som står bak krigsbrotverk i Ukraina må ta inn over seg at dei vil vere krigsforbrytarar resten av livet. Han var opptatt av at EU må tette smotthol i sanksjonane. Det er viktig å redusere avhengigheita av Russland, men å gjere dette på ein måte som ikkje svekker oppslutninga om sanksjonane blant innbyggjarane i EU. EU vil bidra tungt i oppbygginga av Ukraina etter krigen i samarbeid med internasjonale organisasjonar og internasjonale partnarar. Samstundes er fokus fyrst og fremst å få slutt på krigen.

Borrell viste til at ei fred må forhandlast fram, men ikkje til ein kvar pris. Ein fredsavtale som ikkje sikrar Ukrainas suverenitet og territorielle integritet, er uaktuell. EU må fortsette å hjelpe landet, også militært, men EU skal ikkje gjere dette på ein måte som forlenger krigen unødvendig. Han understreka også at både finanskrisa, migrasjonskrisa, pandemien og den nåverande krigen rammar asymmetrisk i EU. Dette må vi ta omsyn til i politikken.

Innsats for barn og unge som flyktar frå krigen mot Ukraina
Torsdag vedtok parlamentet ein resolusjon som tek til orde for styrka innsats for å ta vare på barn og unge på flukt frå krigen. Det er behov for humanitære korridorar, effektive system for registrering for å hindre trafficking og illegal adopsjon, oppnemning av verjer for sårbare barn og det må gis tilgang til helse og utdanning. Resolusjonen vart vedteke med 509 mot 3 røyster og 47 som avsto.

I debatten tysdag om situasjonen til barn og unge på flukt frå krigen, deltok Dubravka Šuica, kommissær for demokrati og demografi og Ylva Johansson, kommisær for innanrikssaker. Dei understreka dei grunnleggjande rettane barn har til å vere trygge, til helse og til utdanning. EU teke initiativ til ein felles nettstad for å sikre undervisningsmateriale på ukrainsk. Det er viktig å etablere humanitære korridorar frå krigsramme område i Ukraina til trygge stader. Det er meir enn to millionar barn som har kome til EU som flyktningar, mange av dei einslege fordi foreldra har sendt dei aleine ut av landet eller fordi dei er foreldrelause. Det er også eit vesentleg tal funksjonshemma. Internt i Ukraina er det også mange flyktningar. Samla er dette ei sårbar gruppe og det er viktig med gode system for registrering og tiltak for å hindre at menneskehandlarar og andre med vonde intensjonar ikkje får fritt spelerom i ein kaotisk situasjon. Det er teke initiativ til ein nettstad for utveksling av data om registrerte barn og om trygg transport og trygge bustadar. Overgrep og krigsbrotverk må etterforskast og straffast. Både Europol og Eurojust er allereie involvert i dette, mellom anna gjennom ei spesiell innsatsgruppe mot trafficking i Europol. 

Det var brei semje mellom alle dei politiske gruppene i behovet for å sikre barna og unge på flukt, spesielt einslege mindreårige. Det vart vist til at allereie er 2000 barn sakna i samband med krigen. Det er viktig å sikre registrering og identifisering. Mange understreke behovet for å etterforske og straffe overgrep, trafficking og krigsbrotsverk. Det var også semje om behovet for å sikre helse og utdanning. I debatten var det også vist til behovet for barnepass slik at mødrer kan delta i yrkeslivet. Ytre venstre-gruppa (The Left) understreka at unge romfolk, lhbti-ungdom og andre minoritetar er ekstra sårbare. Ein representant frå Femstjernersrørsla i Italia tok til orde for eit eige utdanningsprogram – Erasmus for Ukraina – for å sikre at unge flyktningar ikkje må avbryte studia sine.

Rettsstat og demokrati tema i fleire debattar

Artikkel 7-prosedyren
I ein debatt onsdag drøfta Europaparlamentet rettsstatsutviklinga i Polen og Ungarn, spesielt knytt til den såkalla artikkel 7-prosedyren som Kommisjonen har sett i verk, jf. også omtale i EUObserver. Denne prosedyren kan i siste instans føre til vedtak om å ta frå eit EU-land visse medlemskapsrettar, men krev samrøystes vedtak av dei andre medlemslanda. I tillegg kom situasjonen i dei to landa også opp i fleire andre debattar, mellom anna knytt til flyktningsituasjonen og krigen mot Ukraina. I spørjetimen med kommisjonspresidenten kom det fram at Kommisjonen vil sette i verk rettsstatsmekanismen mot Ungarn og det var ein debatt om band mellom ekstreme høgre-parti og regimet i Kreml og ein pressekonferanse om valet i Ungarn, jf. omtale nedanfor.

I debatten om artikkel 7-prosedyren viste det franske EU-formannskapet til at rettsstat både er ein verdi i seg sjølv, men også grunnleggjande viktig for den tilliten som EU-samarbeidet og den indre marknaden er basert på. Det er fleire prosedyrar som skal bidra til fungerande rettsstatar i alle EU-landa. Det omfattar ein årleg rettsstatsrapport frå Kommisjonen for alle medlemslanda og ein særskilt dialog i Rådet der alle EU-land etter tur blir gjennomgått. Dialogen skal sikre at utfordringar og beste praktis i alle land blir drøfta. Fire land vil bli vurdert i Rådet neste veke. I tillegg kjem rettsstatsmekanismen som vart vedtatt i samband med langtidsbudsjettet og altså artikkel 7-prosedyren. Rådet vil ta opp igjen høyringar om denne prosedyren. Det er viktig med open og konstruktiv dialog med Polen og Ungarn og gje dei to landa høve til å uttale seg. Det vart indikert at håpet for endringar i Polen er større enn i Ungarn, sjølv om det er ei negativ utvikling i begge land.

Debatten følgde kjente spor der både sentrum høgre (EPP), sentrum venstre (S&D), den liberale gruppa (Renew), Dei grøne og ytre venstre (The Left) uttrykte uro for utviklinga i dei to landa og bad om meir konkret handling. Mange viste til at Polen treng solidaritet pga. flyktningkrisa, men at det i stor grad er vanlege folk som nå har teke ansvar for å hjelpe flyktningar. Det vart peikt på at Polen og Ungarn har blokkert lovgjeving tidlegare når andre land har bedt om hjelp. Det vart også peikt på at det er ei paradoks om EU skulle sjå gjennom fingrane med erosjon av grunnleggjande verdiar i dei to landa samstundes som EU støttar Ukrainas kamp for nettopp desse verdiane. Det er elles berre å sjå til Putins regime i Russland for å sjå kva som står på spel.

Både i denne og andre av debattane viste polske og ungarske politikarar frå dei respektive regjeringspartia til den store byrda dei to landa ber i samband med flyktningkrisa. Dei meinte det i denne situasjonen er heilt urimeleg å straffe landa økonomisk, ikkje minst fordi mange land vest i EU etter annekteringar av Krim ikkje har etterlevd sanksjonane mot Russland. Det vart fleire gonger vist til omfattande fransk våpensal til Russland og til bygginga av North Stream 2 som Tyskland har ivra for. Det EU nå held på med er ideologisk jihad mot Ungarn vart det sagt. EU viser ein grunnleggjande antidemokratisk haldning ved å ikkje respektere folkefleirtalet i dei to landa.

Samarbeid mellom Putins regime og ekstreme høgre- og separatistrørsler i Europa.
Onsdag var det også ein debatt om banda mellom Putins regime og ekstrem høgre- og separatistrørsler i Europa, jf. også omtale i EUObserver. Saksordførar Raphaël Glucksmann (S&D, Frankrike) sa EU for lengje har lukka auga for dei tetta banda mellom ytre høgre-parti i land som Austerrike, Frankrike og Italia og Putins regime.

Visepresident i Europakommisjonen med ansvar for justis-, forbruker- og likestillingsspørsmål, Věra Jourová, viste til at Russland lengje har prøvd å destabilisere Ukraina og at Russland også har interesse av å svekke andre europeiske demokrati. Det er kjent at det er kontakt mellom ekstreme høgrekrefter i Russland og europeiske grupper som Nordisk motstandsrørsle. Det er i utgangspunktet medlemslanda som har kompetanse til å regulere lovgjeving knytt til politiske parti og politiske ytringar, men det er EU som regulerer politiske parti og organisasjonar på europeisk nivå. Jourová viste her til den pågåande diskusjonen om nytt regelverk for politiske parti i Europa, jf. omtale i Stortingets EU/EØS-nytt i mars. Det er viktig å sikre at parti kan drive verksemd i heile Europa, men samstundes unngå urimeleg utanlandsk påverknad. Mange parti i EU samarbeider med undertrykte opposisjonsparti i andre land. Regjeringspartiet i Ukraina har nettopp fått midlertidig medlemskap i Renew. Samstundes må det er vere eit krav om at parti frå land utanfor EU etterlever europeiske verdiar og det bør vere ei øvre grense for finansielle bidrag.

Det er vidare viktig å sikre mediefridom og ein opplyst offentleg debatt. Falske nyheiter er eit stort problem og det er kjent at Russland driv hybridkrig med spreiing av desinformasjon. Dette bidrar til polarisering, ikkje minst online. Det er viktig at utdanningssystema sikrar at ungdom kan stå i mot desinformasjon og Jourová nemnde Finland som døme på eit land som hadde lukkast godt med dette. Ho tok til orde for meir innsyn i opphavet til pengar brukt til politiske reklame og politiske kampanjar. Med adresse til Polen og Ungarn sa ho at EU har nokre grunnleggjande reglar for samarbeidet. Det er ein føresetnad for å delta i samarbeidet at alle respekterer desse. Det omfattar prinsippet om maktfordeling og at ikkje vinnaren av eit val skal dominere heile samfunnet. Ho hadde prøvd å forstå kva endringane i domstolane i Polen skulle vere godt for og for kven. Ho meinte dei hadde svekka Polen og det er det siste ho ynskjer for landet.

I debatten etterpå kom det skuldingar på kryss og tvers om kven som eigentleg har hatt dei tettaste band til Russland gjennom dei siste åra og der også nasjonale politiske konfliktar vart trekt inn.

Dei store gruppene i sentrum (sentrum høgre (EPP), sentrum venstre (S&D), liberale (Renew) og Dei grøne) var i hovudsak samde om at det er viktig å drøfte denne problemstillinga. Ikkje minst krigen mot Ukraina har illustrert klart kva slags regime Putin leiar. Dei peikte på tetta band mellom mange ytre høgre parti i Europa og Kreml gjennom lån og finansiering og besøk av politikarar som Marine Le Pen og Matteo Salvini i Russland. Putins regime står også bak falske nyheiter og desinformasjon som har bidrege til polarisering i alt frå diskusjonen om sjølvstendig Catalonia til debatten om brexit. Samstundes understreka mellom anna EPP at det også er ekstreme krefter på ytre venste-sida i politikken i Europa. Ytre venstre-gruppa la vekt på at eit sosialt rettferdig samfunn er viktig for å motverke polarisering og radikalisering.

Representantar frå den konservative gruppe (ECR) og ytre høgre (ID) meinte det kom urimeleg påstandar mot politikarar på høgresida. Det er mange politikarar frå heile det politiske spekteret som har vore i Moskva dei siste åra. Det vart peikt på at det sjølvsagt er dumt å kle seg i ei t-skjorte med bilete av Putin slik Matteo Salvini har gjort. Det er likevel verre å byggje gassrøyrledingar eller som Gerhard Schröder sitte i styret for Gazprom. Ein polsk parlamentarikar viste til at Polen heilt frå delinga av Polen på 1700-talet, via Ribbentrop-Molotov-pakta til North Stream er vant med å bli overkøyrt av Tyskland. I debatten vart det også vist til at innføringa av vaksinesertifikat også er eit døme på ekstrem politikk i mange EU-land.

Pressekonferanse om valet i Ungarn
Gwendoline Delbos-Corfield (Dei grøne, Frankrike) er ståande saksordførar for Ungarn i konstitusjonskomiteen i Europaparlamentet og var i Ungarn i samband med valet 3. april. På ein pressekonferanse tysdag rapporterte ho om dette. Ho var imponert over engasjementet til ungarske borgarar som hadde gjort mykje for å sikre at valet gjekk rett for seg på valstasjonane. Likevel var dette ikkje eit rettferdig val sidan opposisjonen ikkje hadde fått kome til orde i media og det ikkje var ein reell debatt. Det er også eit stort problem at regjeringa systematisk struper løyvingane til kommunar som opposisjonen styrer, inkludert i Budapest. Mange vil kanskje føle seg tvunge til å slutte å stemme på opposisjonen dersom det fører til dårlegare skule for ungane eller manglande reperasjon av vegar sa ho.

Ho meinte Ungarn nå er omtrent like polarisert som USA med ei skarp todeling blant dei som stoler blindt på informasjonen frå regjeringa og dei som ikkje gjer det. Tilhengjarene av regjeringa trur på påstandar om at opposisjonen vil sende unge i krigen i Ukraina eller fremje kjønnsskifte hos barnehagebarn. Veldig mange som er kritiske til regjeringa, ynskjer å forlate Ungarn. Ho avviste at Ungarn ber ein spesielt stor byrde knytt til ukrainske flyktningar. Mange av dei som har kome har alt reist vidare og det kjem nå få over grensa til Ungarn. Ho tok til orde for at EU må sette i verk rettsstatsmekanismen mot landet og sikre at ingen pengar som går til Ungarn kan brukast på ein måte som gir Orban ein fordel. Det må også vere streng kontroll med bruken av pengane.

Spørjetime med kommisjonspresidenten som varsla bruk av rettsstatsmekanisme mot Ungarn
For fyrste gong på 12 år var det tysdag denne veka ein spørjetime i Europaparlamentet. Det var kommisjonspresident Ursula von der Leyen som var fyrste ute og svarte på spørsmål knytt til prioriteringane for Kommisjonen. Same dag var det også spørjetime med EUs høgrerepresentant for utanrikssaker. Målet er å sikre meir dynamisk debatt i plenumsmøtet. Samstundes var det denne veka opna for ei forsøksordning der representantane kan sitte (nesten) kvar dei vil i plenumssalen og ikkje på sin faste plass i debattane.

Kommisjonspresidenten fekk spørsmål om alt frå strategiske autonomi for EU til styrking av den sosial dimensjonen og rettsstatssituasjonen i Polen og Ungarn. Litt overraskande nytta ho eit oppfølgingsspørsmål om det siste til å informere om at Kommisjonen nå er klare til å sette i verk rettsstatsmekanismen mot Ungarn. Mekanismen vart vedteke saman med EUs langtidsbudsjett for 2021-2027 og gjenreisingsmekanismen etter pandemien og skal hindre misbruk med EU-pengar. Europaparlamentet har tidlegare kravd at den må tas i bruk. Von der Leyen viste til at det har vore viktig å gje Ungarn høve til å svare på spørsmål frå Kommisjonen før mekanismen blir sett i verk. Polen og Ungarn tok mekanismen inn for EU-domstolen fordi landa meinte mekanismen er traktatstridig. Domstolen gav ikkje landa medhald i dette og det var viktig å ha denne avgjerda på plass. Kommisjonen vil nå sende eit opningsbrev til Ungarn. Dersom Kommisjonen ikkje er nøgd med svara, kan eit kvalifisert fleirtal i Rådet vedta stans i utbetalingane til landet.

Ho viste til at det største problemet i Polen er at domstolane ikkje er uavhengige, men ho varsla ikkje iverksetting av rettsstatsmekansimen i dette landet nå. Korkje Polen eller Ungarn har fått godkjent sine gjenreisingspakkar etter pandemien, men Kommisjonen har gitt signal om at det er framgang i forhandlingane med Polen. På spørsmål om EU vil stille seg solidarisk med Polen som nå har tatt i mot eit stort tal ukrainske flyktningar, avviste ho ikkje dette. Ho la likevel til at ho ikkje har gløymt kva land som var solidariske med landa i sør i samband med flyktningstraumen til EU pga. krigen i Syria.

Von der Leyen ga støtte til ei felles innkjøpsordning for gass i EU og viste til at EU kjøper 75 prosent av all røyrleidningsgass globalt. Ho sa også det er viktig å få vedteke direktivet om minstelønn, men understreka at dette ikkje skal vere til hinder for å vidareføre system med kollektive forhandlingar i dei landa der dette er modellen.

Innsyn og tiltak for å sikre likelønn mellom menn og kvinner
Med 403 mot 166 røyster og 58 som avsto, ga Europaparlamentet grønt lys til å starte forhandlingar med Rådet om eit direktiv om lønnstransparens basert på komitévedtaket i arbeids- og sosialkomiteen. Målet med direktivet er mellom anna å sikre likelønn mellom kvinner og menn. Parlamentet ynskjer at selskap skal rapportere om skilnadar, vil ha openheit om lønn i arbeidskontraktar og eit krav om handlingsplanar for reduserte lønnsskilnadar dersom gapet er meir enn 2,5 prosent.

Framtida for fisket i hava rundt Storbritannia etter brexit
Europaparlamentet vedtok ein rapport om framtida for fisket i Den engelske kanalen, Nordsjøen, Irskesjøen og Atlanterhavet med bakgrunn i Storbritannias utmelding av EU. Rapporten vart vedteke med 609 mot 12 røyster og 5 som avsto. Parlamentarikarane er misnøgde med at avtalen mellom EU og Storbritannia medfører reduserte EU-kvotar i britiske farvatn. Rapporten nemner også tilhøvet til Færøyane, Island og Noreg og ber mellom anna Noreg om å endre vedtaket om å redusere torskekvoten til EU ved Svalbard.

Transeuropeiske nettverk for energi
Europaparlamentet ga tysdag grønt signal til nye retningsliner for kva transeuropeiske energiprosjekt som vil kvalifisere for støtte. Det er eit mål at prosjekta skal bidra til målet om klimanøytralitet og det skal gis støtte til prosjekt knytt til hydrogen og karbonfangst og lagring. Der er også eit mål at prosjekta skal bidra til auka forsyningssikkerheit.

Lettare å leige laste- og varebilar frå andre EU-land
Europaparlamentet ga formelt samtykke til reglar som skal gjere det lettare å leige laste- og varebilar frå eit anna EU-land utan at ein sjåfør følgjer med. Målet er å lette tilgang til køyretøy i samband med sesongbehov.

Datadeling i EU
Med et fleirtal på 501 mot 12 og 40 som avsto, gav Europaparlamentet formelt samtykke til eit nytt regelverk som skal sikre deling av data internt i EU. Målet er å sikre at frivillig og rettferdig datadeling kan bidra til å utnytte potensiale i kunstig intelligens og stimulere til innovasjon. Samstundes er det viktig med tillit og at innbyggjarar og verksemder har kontroll med eigne data.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 08.04.2022 09:08
: