Europaparlamentets plenumsmøte 17. – 20. oktober 2022
Europaparlamentet møttes til sin andre plenumssesjon i oktober i Strasbourg 17. – 20. oktober. Sentral saker var debatt i forkant av EU-toppmøte same veke, sosiale verknader av energiprisane og inflasjon og Kommisjonens arbeidsprogram for 2023. Parlamentet støttar Schengen-medlemskap for Bulgaria og Romania og kritiserte stadig vidareføring av midlertidig indre grensekontroll i fleire Schengen-land. Det var også debatt om vald mot kvinner og Istanbul-konvensjonen og om auke i hatkriminalitet mot LHBTQ-personar i EU. Sakharov-prisen var tildelt det ukrainske folket. Tre stortingsrepresentantar deltok på møte i den felles EØS-parlamentarikarkomiteen.
Opninga av møtet
Ved opninga av plenumsmøtet markerte parlamentspresident Roberta Metsola den internasjonale dagen for fjerning av fattigdom. Ho framheva også at det var fem år sidan gravejournalisten Daphne Caruna Galizia var drepen, eitt år sidan drapet på den franske læraren Samuel Paty og drapet på to personar i Bratislava som blir etterforska som terror mot LHBTIQ-miljøet. Alle desse hendingane er eit åtak på grunnleggjande EU-verdiar og Europaparlamentet vil kjempe for å oppretthalde verdiar som ytringsfridom, rettsstat og retten til å vere trygg uavhengig av legning. Ho uttrykte også solidaritet med demonstrantane i Iran. Det var annonsert at ei rekkje italienske medlemmer av Europaparlamentet går tilbake til nasjonal politikk etter valet i Italia. Dette omfattar tidlegare parlamentspresident Antonio Tajani og Silvio Berlusconi.
Ukraina og sosiale konsekvensar av energikrisa og tilhøve til Russland
Krigen i Ukraina, energikrisa og andre effektar av den russiske invasjonen var naturleg nok oppe i mange debattar også i dette plenumsmøtet. Onsdag deltok den tsjekkiske EU-ministeren og kommisjonspresident Ursula von der Leyen i ein debatt i forkant av EU-toppmøtet 20. og 21. oktober. Begge la vekt på ein sterkt og samla EU-respons mot Russland og sa EU vil støtte Ukraina så lengje som det er nødvendig. Russland må stå til ansvar for krigsbrotverk. EU skal verne dei mest sårbare i krisa. Von der Leyen varsla system for felles kjøp av gass, tiltak for energisparing og solidarisk deling av knappe gassressursar. Det er behov for å sjå på modellen for prissetting av elektrisitet og for store investeringar i infrastruktur, energieffektivisering og meir utbygging av fornybar energi. Sjå også konklusjonane frå toppmøtet her. I sin tale til toppmøtet la parlamentspresident Metsola vekt på behovet for kraftige tiltak som respons på energikrise, inflasjon og krigen i Ukraina.
I debatten var det mange som etterlyste raskare og meir omfattande tiltak for å adressere auka prisar for energi og inflasjonen generelt og dei sosiale effektane av dette. Det var i tillegg ein særskilt debatt om sosiale og økonomiske konsekvensar av krigen i Ukraina tysdag morgon. Også her vart det framheva at det er nødvendig med tiltak for å halde energiprisane nede for forbrukarar og næringsliv. I sin posisjon til EUs budsjett for 2023, seier Europaparlamentet at det må leggast vekt på Ukraina, energi, og gjenreisinga etter pandemien.
Tysdag kveld var det diskusjon om effekten av den russiske invasjonen på migrasjonen til EU og ein debatt om å klassifisere Russland som ein terrorstat. Parlamentet seier med stort fleirtall nei til å anerkjenne russiske pass utstedt i okkuperte område. Dei støttar dermed eit framlegg til kommisjonsbeslutning om dette, men understrekar at retten til å kome til EU på humanitært grunnlag må sikrast. Også Rådet har sagt dei støttar framlegget som har Schengen-relevans.
Europaparlamentets president Roberta Metsola annonserte onsdag at det ukrainske folket er tildelt Sakharov-prisen for 2022. Ho sa prisen går til dei som kjempar, dei som har måtte flykte, dei som har mista kjære og for alle som står for det dei trur på i Ukraina.
Kritisk infrastruktur
I spørjetimen tysdag drøfta parlamentarikarane betre vern av kritisk infrastruktur med visepresident i Kommisjonen, Margaritis Schinas. Debatten kom mellom anna i kjølvatnet av øydelegginga av North Stream-røyrleidninga. Kommisjonen la onsdag fram ei tilråding knytt til kritisk infrastruktur. I debatten tysdag viste Schinas til at både Covid, krigen i Ukraina og nye, hybride trugslar har vist behovet for å styrke motstandskrafta på dette området. Mange var samde i behovet for styrka innsats og også betre koordinering mellom medlemslanda og samarbeid med partnarar, spesielt Nato. Parlamentarikarane var også opptatt av styrka cybersikkerheit. Det kom spørsmål om korleis EU er rusta for å stå i mot spionasje og sabotasje som rettar seg direkte mot EUs institusjonar og verksemd. Schinas la vekt på at EU ikkje har eller skal ha ei eiga overvakingsteneste, men at det er viktig å kunne bruke den informasjonen nasjonale tryggingstenester har tilgang til. Slik tenester er i utgangspunktet ikkje bygd opp for å dele informasjon, men dei nå i auka grad er medvetne om behovet nettopp for å dele. I tillegg har Europol ei viktig rolle. Arbeidet knytt til å hindre utanlandsk påverknad i demokratiske prosessar er også viktig i arbeidet for betre motstandskraft. For alt personell i EUs institusjonar er det strenge interne reglar og siling og opplæring.
Kommisjonens arbeidsprogram for 2023
Visepresident Maroš Šefčovič presenterte 18. oktober Kommisjonens arbeidsprogram for 2023. Han viste til at EU står samla for å takle dei store krisene, inkludert energikrisa. EU skal bidra til grøn og digital omstilling og bli meir motstandsdyktig. Ha la vekt på at arbeidsprogrammet tek omsyn til effektane etter invasjonen i Ukraina og framlegga som kom fram på konferansen om EUs framtid. Han la vekt på dei omfattande tiltaka mot Russland og finansiell og militær støtte til Ukraina. Tørke, varmebølger og skogbrannar i Europa i sommar har klart demonstrert behovet for klima- og miljøtiltak. EU skal sikre tilgangen til kritiske råvarer og dermed sikre strategisk autonomi. Han framheva også mellom anna framlegg for digitalisering av mobilitetssektoren og at revisjon av direktivet om forsinka betaling vil vere viktig for små og mellomstore verksemder. Kommisjonen har også store ambisjonar for å fremje internasjonal handel, mellom anna med Latin-Amerika. Sjå elles eigen sak om arbeidsprogrammet.
I kommentarane etterlyste ikkje uventa dei ulike politiske gruppene meir fokus på sine respektive hjartesaker. Det var fleire som merka seg at Kommisjonen varslar ei midtvegsanalyse av EUs langtidsprogram og at den ikkje utelukkar behovet for ein revisjon av budsjettet. Sentrum høgre-gruppa (EPP) la mellom anna vekt på at EU må styrke si evne til å takle uventa kriser. Sentrum venstre-gruppa (S&D) meinte arbeidsprogrammet ikkje møter forventningane knytt til økonomisk og sosial respons til krisa som EU nå er inne i. Gruppa etterlyste gjennomgang av reglane for budsjettstyring i EU og bad om at den varsla revisjonen av EUs elektrisitetsmarknad kjem raskt.
Den liberale gruppa (Renew) sa det er viktig med framdrift på mange initiativ i løpet av 2023. Putin vil ikkje berre øydeleggje Ukraina, men også endre verdsordenen. EU må derfor bli sterkare, meir autonomt og motstandsdyktig og samstundes styrke samarbeidet med vener. Ny handelavtaler er viktig i den samanhengen.
Den grøne gruppa var kritiske til for låge ambisjonar på klima- og miljøområdet. Dette handlar om liv og død og EU må vise leiarskap. Den kritiserte EPP for å ha latt bilindustrien sleppe unna utan strenge reguleringar og sa det er viktig å ikkje gjere same feilen igjen for andre sektorar. Gruppa var skuffa over at revisjonen av EUs kjemikaliedirektiv er utsett heilt til slutten av neste år.
Ytre høgre-gruppa (ID) la vekt på at EU nå oppleve ein store auke i migrantar og sa personar som har kome ulovleg inn i EU står bak terror. Det er derfor viktig å styrke den ytre grensekontrollen.
Den konservative gruppa (ECR) viste til at EU står overfor ei rekkje kriser, og må gå vekk frå den radikale, økologiske tilnærminga som ikkje tener innbyggjarane.
Ytre venstre-gruppa (The Left) trakk fram energikrisa i Europa og sa marknaden for gass ikkje fungerer. Her må EU kome med tiltak. Det er gjort for lite for å hindre auka skilnadar mellom innbyggjarar og mellom land og den sosiale agendaen må derfor styrkast.
I sitt sluttinnlegg sa Šefčovič mellom anna at gjennomgangen av EUs langtidsbudsjett vil kome i andre kvartal 2023 og at Kommisjonen vil vurdere behovet for endringar i budsjettet. Den sosiale dimensjonen er sentral og det skal vere eit nytt sosialt toppmøte i Porto neste vår. Det er viktig å ha ein debatt om energisituasjonen og spesielt hjelpe finansielt både utsette hushald, små og mellomstore verksemder og den delen av industrien som har spesielle utfordringar. Han viste elles til at det nå er trilogforhandlingar om 160 saker og sa det er viktig å akselerere arbeidet med desse slik at dei kan bli sluttført før valet til Europaparlamentet i 2024. Han trakk her spesielt fram Kommisjonens energiplan – Repower EU.
Schengen-utviding, indre grensekontroll og kritikk av Frontex
Bulgaria og Romania må få bli med i Schengen-området. Det slår Europaparlamentet fast i ein resolusjon som vart vedteke med eit stort fleirtal på 547 mot 49 og 43 som avsto. Parlamentet meiner det er diskriminerande at dei to landa ikkje får delta i Schengen-samarbeidet, men også at det skadar den indre marknaden.
I ein annan debatt drøfta Europaparlamentet indre grensekontroll som enkelte Schengen-land har hatt i fleire år. Bakgrunnen var ei avgjersle frå EU-domstolen i april om at forlenging av slik indre kontroll berre kan skje seks gonger, med mindre eit land kan vise til ein ny trussel. Både det tsjekkiske EU-formannskapet og innanrikskommissær Ylva Johansson peikte på Schengen-samarbeidet som ein suksess og at det er uheldig at både migrasjonskrise, pandemi og nå krigen i Ukraina har sett dei opne grensene under press. Indre grensekontroll må vere basert på proporsjonalitet og eit konkret behov. Styrka politisamarbeid vil ofte vere meir effektivt enn auka kontroll av reisande. Dei etterlyste framdrift i Parlamentet for framlegget til revisjon av EUs grenseforordning. Kommisjonen gav støtte til utviding av Schengen-området.
I debatten var dei fleste politiske gruppene samde om behovet for å sikre eit Schengen-området utan grensekontroll, men det vart lagt vekt på behov for kontroll med yttergrensene. Fleire viste til at avgjerdsla frå EU-domstolen i praksis medfører at seks Schengen-land har ulovleg indre grensekontroll og etterlyste handling frå Kommisjonen.
Regjeringa i Norge forlenga den midlertidige grensekontrollen 14. oktober 2022. Til NRK viste justisminister Emilie Enger Mehl til avgjersla frå EU-domstolen og sa forlenginga kan skje «ut fra en ny, faktisk trussel. Jeg mener vi er godt innenfor rammene av EU-domstolens uttalelse ...». Ho viste til den generelt usikre migrasjons- og sikkerheitssituasjonen i Europa som årsak til at grensekontrollen vart forlenga.
Tidlegare i veka vedtok eit fleirtal på 345 mot 284 og 8 som avsto, kritikk av EUs grense- og kystvakt (Frontex) og nekta å avslutte 2020-budsjettet. Frontex får kritikk for ikkje å ha sikra grunnleggjande rettar for migrantar og asylsøkarar og for å ha deltatt i ulovlege «pushbacks» av migrantar. Det er også rapportert om fleire tilfelle av seksuell trakassering av tilsette som i eit tilfelle skal ha resultert i eit sjølvmord. Sjefen for Frontex trakk seg tidlegare i år.
Tale av den slovakiske presidenten
Zuzana Čaputová, president i Slovakia, la i ein tale til plenumsmøtet onsdag vekt på behovet for å slå ring om demokrati og europeiske verdiar og på behovet for europeisk solidaritet i møte med mange kriser. Tala kom berre ei knapp veke etter drapa på to medlemmer av LHBTIQ-miljøet på ein homobar i Bratislava (sjå nedanfor) og presidenten sa dette var eit åtak på likeverd, toleranse og respekten for menneskerettar generelt. Slovakia er del av det såkalla Visegrad-samarbeidet med Polen, Tsjekkia og Ungarn. På grunn av politikken som regjeringane i Polen og Ungarn fører, vart det derfor lagt merke til at presidenten i sin tale la vekt på rettsstat, uavhengige domstolar, mediafridom og vern av minoritetar.
Auke i hatkriminialitet mot LHBTIQ-personar i Europa i lys av drapa i Bratislava
Dei to drapa i Bratislava førte også til at det torsdag vart vedteke ein resolusjon som tek til orde for kamp mot hatefulle ytringar og understrekar at hatkriminalitet må etterforskast og straffeforfølgast. Resolusjonen vart vedteke med 447 mot 78 røyster og 45 som avsto. Tysdag var det også ein debatt om auken i hatkriminalitet mot LHBTIQ-personar i Europa. Både det tsjekkiske formannskapet og likestillingskommissær Helena Dalli la vekt på at hat mot LHBTIQ-personar ikkje høyrer heime i EU og at det er svært alvorleg når mange i dette miljøet føler seg truge eller diskriminert eller faktisk har opplevd fysiske eller seksuelle åtak. Dalli viste til at drapa i Bratislava ikkje var eit eineståande tilfelle og trakk her m.a. fram skytinga på London Pub i Oslo som også andre nemnde i debatten. Dalli bad om framgang i Rådet og Parlamentet i behandlinga av framlegget om at hatefulle ytringar og hatkriminalitet skal inn på lista over EU-kriminalitet. Det er behov for opplæring hos politi og å utveksle beste erfaringar mellom land om korleis situasjonen for det skeive miljøet kan betrast og bli tryggare.
I debatten var det tverrpolitisk semje i fordømminga av det som hadde skjedde og behovet for tiltaka. Dette omfatta heile det politiske spekteret frå ytre venstre (The Left) til den konservative gruppa (ECR). Det vart likevel lagt merke til at ingen frå ytre høgre-gruppa (ID) deltok i debatten. Fleire innlegg viste samstundes til at ordbruken til politikarar betyr noko fordi den kan påverke ekstreme miljø. Både i debatten og i resolusjonen er det peikt på at både nåverande og tidlegare regjeringsmedlemmar i Slovakia har brukt støytande, aggressiv og homofobisk språk mot LHBTIQ-miljøet i landet. Det vart også peikt på at ekstreme grupper i praksis har straffeimmunitet for kriminalitet mot dette miljøet i fleire EU-land.
Seksuell vald og Istanbul-konvensjonen
Ved opninga av plenumsmøtet gjorde ytre høgre-gruppa (ID) framlegg om å legge til ein debatt om vald mot kvinner på dagsorden for plenumsmøtet. ID viste til nylege medieoppslag om seksuelle overgrep både i private selskap og EU-institusjonar der offera ikkje hadde fått hjelp og oppfølging og overgrepa ikkje hadde fått konsekvensar. Den grøne gruppa og ytre venstre-gruppa (The Left) kom med framlegg til ein alternativ tittel på debatten: «Fighting sexualised violence - The importance of the Istanbul Convention and a comprehensive proposal for a directive against gender-based violence». Det vart fleirtal for dette. I ordvekslinga om tittelen vart ID og andre på ytre høgre-sida skulda for politisk dobbelspel. Partigrupper som omfattar parti som på nasjonalt plan har gått i mot Istanbul-konvensjonen og retten til sjølvbestemt abort, har lite truverde i ein debatt om dette temaet vart det hevda. Les referat frå sjølve debatten her.
Rettsstat, pressefridom og korrupsjon på Malta
Fem år etter drapet på gravejournalisten Daphne Caruana Galizia, drøfta Europaparlamentet situasjonen for rettsstat, pressefridom og økonomiske kriminalitet på Malta. I ein resolusjon som vart vedteke med 564 mot 10 røyster og 17 som avsto, slår Parlamentet fast at sjølv om det har vore ei positiv utvikling, går reformarbeidet for sakte. Mellom anna tek det for lang tid å etterforske og rettsforfølge lovbrot, korrupsjon og kvitvasking er stadig eit problem og mediafridom og mediamangfald er utfordra. Europaparlamentet har oppretta ein journalistpris til minne om Galizia. Den gjekk i år til to journalistar som har laga ein dokumentar om russisk påverknad i Den sentralafrikanske republikk.
Møte i den felles EØS-parlamentarikerkomiteen
Delegasjonsleiar Trine Lise Sundnes (A), Per Olaf Lundteigen (SP) og Heidi Nordby Lunde (H) frå Stortingets EFTA-EØS-delegasjon deltok 19. – 20. oktober på eit møte i den felles EØS-parlamentarikarkomiteen som var arrangert parallelt med plenumsmøtet. Her deltok også ei rekke medlemmer av Europaparlamentet i tillegg parlamentarikarar frå Island og Liechtenstein og med sveitsike parlamentarikarar som observatørar. På dagsorden sto mellom anna krisa i Ukraina, motstandskrafta i europeisk energiforsyning, ynskje om høve til full deltaking for EØS-EFTA-landa i eit nytt EU-program for sikker, rombasert kommunikasjon og initiativet til det nye europeiske, politiske fellesskapet. Sjå også EFTA-sekretariatets pressemelding frå møtet.
Kontaktinfo
Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg