Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Plenumsmøte i Europaparlamentet 21. – 24. november

Under plenumsmøtet denne veka vart det markert at det er 70 år sidan forløparen til dagens Europaparlament møttes for fyrste gong. Europaparlamentet drøfta elles migrasjonspolitikk og tok til orde for å fryse overføringane til Ungarn. Parlamentet gav formelt samtykke til regelverk om kjønnsbalanse i styrer og vern av kritisk infrastruktur og kritiserte korrupsjon i FIFA. Med knapt fleirtal tok Parlamentet til orde for å nedjustere vernestatusen til ulv for å verne livsgrunnlaget til husdyrbønder.

Europaparlamentet møttes til årets nest siste plenumsmøte i Strasbourg denne veka. Ved opninga av plenumsmøtet uttrykte parlamentspresident Roberta Metsola uro for tilbakeslaget for kvinners rettar i Afghanistan og ynskte velkomen EU-sanksjoner mot regimet i Iran. Ho bad også Tyrkia vise moderasjon og respektere internasjonale rett i samband med luftåtaka mot mål i Syria og Irak etter bombeåtaket i Istanbul. Ho trakk også fram at det er 90 år sidan den sovjetskapte svoltkatastrofen i Ukraina samstundes som innbyggjarane der igjen kjempar for livet.

70 år sidan forløparen til Europaparlamentet møttes fyrste gong
Europaparlamentet markerte at det i år er 70 år sidan the Common Assembly of the European Coal and Steel Community møttes for fyrste gong. Forsamlinga skifta seinare namn til European Parliamentary Assembly og var frå 1962 kalla Europaparlamentet. Det har vore direkte val til Europaparlamentet sidan 1979. I Strasbourg denne veka var det taler av statsministrane i Belgia, Frankrike og Luxembourg som er dei tre landa Europaparlamentet har seter. Både dei og parlamentspresident Roberta Metsola la vekt på rolla parlamentet har i å forsvare demokrati og europeiske verdiar.

Russland driv med statsstøtte av terrorisme og lån til Ukraina
Europaparlamentet meiner Russland driv med statsstøtte av terrorisme. Ein resolusjon som vart vedteke med 494 mot 58 røyster og 44 som avsto, viser til at landet utfører krigsbrotverk og bruker terrormetodar. Parlamentarikarane vil ytterlegare isolere Russland og tek til orde for ei niande sanksjonspakke mot landet. Det var representantar frå heile det politiske spekteret som avsto eller røysta mot resolusjonen, men flest frå ytre høgre og ytre venstre. I etterkant av vedtaket onsdag kom det ei cyberåtak mot Europaparlamentets heimesider. Parlamentspresident Robert Metsola skreiv på twitter at eit gruppe som støtter Kreml hevda å stå bak åtaket. EUs heimesider var i normalt gjenge igjen etter nokre timar.

Europaparlamentet vedtok formelt ei beslutning om at russiske reisedokument som blir utstedt i ulovleg okkuperte område i Georgia og Ukraina, ikkje skal godtas i EU.

Parlamentet gav samtykke til eit lån på 18 milliardar euro til Ukraina på langsiktige og gunstige vilkår. Medlemslanda i Rådet må godkjenne lånet samrøystes og Ungarn har truga med å blokkere for denne semja, jf. omtale nedanfor.

Frys overføringane til Ungarn
Nok ein gong drøfta Europaparlamentet rettsstatssituasjonen i Ungarn. Kommisjonen og den ungarske regjeringa har vore samde om 17 tiltak for å adressere faren for korrupsjon i landet. Desse er i liten grad gjennomført og er uansett ikkje tilstrekkelege til at landet kan få overføringar gjennom EUs gjenreisingsmekanisme. Det slo eit relativt stort fleirtal på 416 mot 124 røyster og 33 som avsto fast i ein resolusjon som vart vedteke torsdag. Samstundes meiner Europaparlamentet at det bør vurderast om EU kan gje overføringar direkte til sluttmottakarar gjennom samarbeid med lokale styresmakter og sivilsamfunnet. Parlamentet seier Kommisjonen og medlemslanda ikkje må gje etter for press frå Ungarn. Ungarn har blokkert for semje om ein avtale om selskapsskatt og truga med å blokkere låneavtale til Ukraina (sjå ovanfor) i forsøk på å få utbetalt pengar frå gjenreisingsmekanismen.

Vedtaket kom dagen etter at det vart kjend at heller ikkje Kommisjonen meiner Ungarn har gjennomført dei lova rettsstatsreformene. Ein del var overraska over dette. Kommisjonen vil truleg gå inn for å godkjenne Ungarns plan for bruk av midla under gjenreisingsmekanismen, men ikkje at det blir utbetalt pengar før landet gjennomfører 27 konkrete tiltak. Kommisjonen skal formelt vedta si tilråding neste veke, og det er venta at Rådet vil drøfte spørsmålet i løpet av desember. Dersom medlemslanda i Rådet er samde i vurderingane til Kommisjonen, vil Ungarn førebels ikkje få utbetalt 5,8 milliardar euro under gjenreisingsmekanismen. Også 7,5 milliardar euro i ordinære EU-overføringar står i fare.

Vern av kritisk infrastruktur
Med eit stort fleirtal vedtok Europaparlamentet formelt eit direktiv om styrka motstandskraft for kritisk infrastruktur. Vedtaket stadfestar ein avtale med medlemslanda i Rådet i juni om direktivet. Det omfattar elleve sektorar, inkludert digital infrastruktur, vatn, mat og helse. Regelverket skal sikre harmoniserte reglar og definisjonar, krev nasjonale strategiar og betre dialog over landegrensene.

Likestilling i styrer
Europaparlamentet ga formelt samtykke til eit direktiv som skal sikre likestilling i styrer. Frå 2026 må selskap med meir enn 250 tilsette, ha styrer med ein balanse på minst 40 prosent av det underrepresenterte kjønnet. Medlemslanda må innføre eit system for bøtelegging av selskap som ikkje oppfyller krava. Framlegget kom alt i 2012, men på grunn av manglande semje blant medlemslanda i Rådet, har det teke ti år før direktivet nå er vedteke.

Styrka utvidingspolitikk
Europaparlamentet vedtok ein tilråding til EUs utvidingspolitikk. Parlamentet meiner Russland trugar fred og stabilitet i Europa. Ein forsterka utvidingspolitikk er det viktigaste geopolitiske verktøyet til EU og utviding må ikkje erstattast av andre alternativ. Parlamentet meiner krav om samrøystes vedtak i samband med utviding må fjernast og at EU må arbeide for å sikre utviding framover mot 2030. Det er viktig at både landa på Vest-Balkan og Georgia, Moldova og Ukraina gjennomfører reformer som er nødvendige for å kunne bli medlemmar. EU må støtte opp om reformarbeidet og prioritere demokratisk reform og rettsstat i samband med dette.

Debatt om felles løysing for migrasjon og asyl i Europa
Det tsjekkiske formannskapet, visepresident i Kommisjonen Scinas og innanrikskommissær Ylva Johansson deltok onsdag i ein debatt om asyl og migrasjonspolitikk. Formannskapet og Kommisjonen viste til auka trafikk i ulike ruter i Middelhavet og at mange migrantar igjen risikerer livet i forsøk på å nå EU. I tillegg har 4 millionar flyktningar frå Ukraina ført til utfordringar i mottakssystemet i ein del land. Det er behov for ein samla og heilskapleg politikk slik Kommisjonen gjorde framlegg om i 2020. Det er viktig at denne nå blir vedteke. Samstundes må EU takle dei akutte utfordringane i Middelhavet. Dette omfattar både tiltak mot smuglarar, samarbeid med partnarland og etablere lovlege ruter, men også ein politikk knytt til søk og redning. Det er eit ekstraordinært ministermøte om migrasjon 25. november. Målet er både å drøfte den konkrete situasjonen, men også forsøke å få framdrift i dei ulike elementa i framlegga til reform av asylsystemet. Ein statssekretrær frå justis- og beredskapsdepartementet deltek på dette møtet, melder NTB.

I debatten var det mange som støtta behovet for ei felles europeisk løysing og det var semje om å sikre yttergrensene. Mange var innom rolla til den norskregistrerte båten Ocean Viking og generelt rolla til dei som reddar migrantar til havs i Middelhavet.

Sentrum høgre-gruppa (EPP) sa EU er i ferd med å gå inn i ei ny migrasjonskrise med opne auge. EU må ha system som gjer at statusen til dei som kjem kan avklarast raskt og som sikrar rask retur av dei som ikkje skal ha opphald. EU må ha betre returavtaler og det må opnast for å kunne søke asyl frå tredjeland framfor at folk skal måtte risikere livet for å kome til Europa. EU må styrke samarbeidet med land i Afrika og Midt-Austen for å takle grunnane til migrasjonen, inkludert fattigdom og klimaendringar.

Sentrum venstre-gruppa (S&D) støtta også ei europeisk løysing og bad om eit tverrpolitisk samarbeid for å få til dette. Dei som reddar liv i Middelhavet kan ikkje bli kriminaliserte og det er viktig å erkjenne at EU med sin aldrande befolkning, har behov for lovleg innvandring.

Den liberale gruppa (Renew) la vekt på behovet for felles reglar og system, men også respekt for europeiske verdiar og menneskerettar i migrasjonspolitikken. Det er derfor nødvendig med system for søk og redning i Middelhavet og støtta innsats mot årsakene til migrasjon. Gruppa oppmoda medlemslanda til framdrift i arbeidet med migrasjonspakta og oppmoda spesielt regjeringane i Italia, Polen og Ungarn om å støtte felles løysingar.

Den grøne gruppa sa EU er i ferd med å bli ei festning og viste mellom anna til de facto aksept for bruk av push-backs i strid med internasjonal havrett. EU lar menneskesmuglar operere og samarbeider med land og grupper som EU ikkje bør vere assosiert med. EU kan ikkje vere kjend av at så mange druknar eller lir i forsøket på å kome til Europa.

Ytre høgre-gruppa (ID) sa EUs politikk kan ikkje bli diktert av NGO og menneskesmuglarar. EU må beskytte yttergrensene betre, også til havs. EU skal ta i mot dei få som er reelle flyktningar, men den demografiske utviklinga i mange opphavsland medfører at det vil vere eit sterkt migrasjonspress framover. Politikken må ta inn over seg dette.

Den konservative gruppa ECR sa det er viktig å samarbeide for å få til gode løysingar trass ulike oppfatningar om verkemidla. Også denne gruppa sa det er viktig å sikre at EU tek i mot dei som er reelle flyktningar og returnere dei som ikkje har krav på opphald. Det krev også eit samarbeid med transitt- og opphavsland. EU må etablere eit system for behandling av asylsøknader i tredjeland. Utan kontroll med yttergrensene er Schengen-samarbeidet truga. Redningsbåtar i Middelhavet kan ikkje fungere som ferjer for menneskesmuglarar. Det er også viktig å hjelpa land som Italia og Hellas, som mottek brorparten av dei som kryssar Middelhavet.

Ytre venstre-gruppa (The Left) tok avstand frå ordbruken til enkelte som omtalte migrantstraumen som ein invasjon. Det hadde vore 234 menneske i naud på Ocean Viking-skipet. Dette talet er ikkje ein trugsel mot EU. Det var umenneskeleg å la båten vere på opent hav i to veker i staden for å la den kome til lands.

På slutten av debatten sa Johansson at det hadde vore ein kjenslefull debatt. Utgangspunktet for EU må vere å redde liv, men det er også viktig å få til ein langsiktig politikk. Blant dei som kryssar Middelhavet er det nå ein stor auke frå nasjonalitetar som openbart ikkje har krav på asyl i Europa. Dette er menneske som kjem frå land som Bangladesh, Cuba, Egypt og India. Det er derfor viktig med dialog med opphavslanda og viktig å etablere ruter for lovleg innvandring. EU kan løyse utfordringane gjennom samarbeid. Det er framgang i forhandlingane både internt i Rådet og i Parlamentet om elementa i migrasjonspakta frå 2020, og dei to institusjonane er samde om eit vegkart for framdrift. Det er derfor von om semje før valet i 2024 om alle arbeider for dette. Migrasjon er ikkje ein trugsel, men vi må stanse uregulert migrasjon, sa ho. Det tsjekkiske formannskapet understreka også behovet for ei heilskapleg løysing og tok til orde for at dei to institusjonane må arbeide for framdrift i samsvar med vegkartet dei er samde om.

Menneskerettsbrot og kritikk av FIFA
Europaparlamentet vedtok resolusjonar knytt til brot på menneskerettane i fleire land. Parlamentet viser mellom anna til eit de facto kjønnsaparteid i Afghanistan og undertrykking av den demokratiske opposisjonen i Belarus. Væpna grupper i Den demokratiske republikken Kongo må stanse sin aggresjon og leggje ned våpna. 

I ein annan resolusjon kritiserer Europaparlamentet systemisk og omfattande korrupsjon i FIFA og tek til orde for at både FIFA og Qatar må kompensere dei som er offer etter førebuingane til Fotball-VM. Resolusjonen kritiserer også FIFA for å truge med sanksjonar mot dei som har ynskt å bruke regnbogesymbol under VM.

Nedjuster vernet av ulv av omsyn til husdyrhald
Europaparlamentet vedtok med 306 mot 225 røyster og 25 som avsto, ein resolusjon om tilhøvet mellom beskyttelse av husdyrhald og av store rovdyr i Europa. I utgangspunktet var dette fremja som ein felles resolusjon av alle dei politiske gruppene med unntak av ytre høgre-gruppa. Eit fleirtal av gruppene sentrum høgre, konservative, ytre høgre og nokre medlemmer frå den liberale gruppa sikra fleirtal for formuleringar som tek til orde for å nedjustere vernestatusen til ulv for å hindre at stammer spreier seg og for å verne livsgrunnlaget til husdyrbønder. Resolusjonen tek også til orde for å gje økonomisk støtte til førebyggjande tiltak og for å kompensere bønder.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 25.11.2022 14:16
: