Roberta Mestola ny president i Europaparlamentet
Denne uka vart Roberta Metsola frå sentrum høgre-gruppa EPP vald til ny president i Europaparlamentet. Etter ein avtale mellom EPP, sentrum venstre-gruppa (S&D) og den liberale gruppa (Renew) fekk Metsola 458 røyster. Dei tre gruppene signerte også ei politisk plattform med 10 prioriteringar knytt til mellom anna rettsstat, klima, helse, migrasjon, sosial rettferd og lovnadar om å styrke rolla til Europaparlamentet. Med Metsola som president i Europaparlamentet og Ursula von der Leyen som president i Europakommisjonen, har EPP to av dei tre viktigaste toppjobbane i EU. Metsola er respektert som ein seriøs og konstruktiv parlamentarikar.
Roberta Metsola vart 18. januar vald til ny president i Europaparlamentet. Metsola som er 42 år og kjem frå Malta, er med i sentrum-høgre gruppa EPP. Metsola er den tredje kvinna som har dette vervet og den fyrste kvinna på 22 år. Metsola har vore fyrste visepresident i Europaparlamentet sidan 2020 og vore fungerande president etter at David Sassoli døydde brått 11. januar i år. Mandatperioden til presidenten er 2,5 år og det var uansett venta at ho ville ta over vervet uavhengig av dødsfallet.
Etter ein avtale mellom EPP, sentrum venstre-gruppa (S&D) og den liberale gruppa (Renew) fekk Metsola 458 røyster i fyrste runde. Det var to andre kvinner som stilte til val, nemleg svenske Alice Kuhnke (Den grøne gruppa) og spanske Sira Rego (ytre venstre gruppa, The Left). Polske Kosma Złotowski (den konservative gruppa, ECR) trakk sitt kandidatur før avrøystinga og ECRs medlemmar støtte også Metsola.
Dei tre kandidatane presenterte seg i plenumsmøtet i forkant av avrøystinga. Kuhnke og Rego kritiserte avtalen mellom dei tre store gruppene og var urolege for at desse gruppene er for ettergjevande for ytre høgre-kreftene i Europa. Metsola sa ho ville vere ein brubyggjar og at det er viktig å unngå ei oppfatning av at ei løysing resulterer i vinnarar og taparar. Ho trakk også fram eige bakgrunn og sa at som kvinne frå eit lite land veit ho «what it means to be the underdog, I know what it means to be pigeonholed. But I also know how important this is for people beyond this chamber, I know what this means for every girl watching today, for everyone who ever dared to dream». Metsola er respektert som ein seriøs og konstruktiv parlamentarikar. Enkelte har vore kritiske til henne fordi ho er abortmotstandar og rekna for å tilhøyre den konservative fløya i EPP, men ho har lova å føye seg etter fleirtalet i Europaralamentet i spørsmål om reproduktiv helse.
Med Metsola som president i Europaparlamentet og Ursula von der Leyen som president i Europakommisjonen, har EPP to av dei tre viktigaste toppjobbane i EU. Presidenten i Det europeiske råd, Charles Michel, tilhøyrer Renew. Til gjengjeld for å støtte EPPs kandidat i Europaparlamentet, fekk både S&D og Renew ein visepresident meir enn i dei førre to og eit halvt åra. Samstundes var det semje om at S&D skulle overta leiarvervet i konferansen av komitéleiarar og leiarvervet i ein spesialkomité for covid. I tillegg har dei tre gruppene signert ei politisk plattform med 10 prioriteringar knytt til mellom anna rettsstat, klima, helse, migrasjon, sosial rettferd og lovnadar om å styrke rolla til Europaparlamentet.
Europaparlamentet valde også 14 visepresidentar denne veka. EPP har nå 3 visepresidentar, S&D 5, Renew 3, ECR 1, The Left 1 og Dei grøne 1. Ytre høgre gruppa ID, som er den fjerde største gruppa, har ingen visepresidentar pga. manglande støtte frå dei andre gruppene. Finske Heidi Hautala (Den grøne gruppa) er einaste nordiske visepresident.
Kontaktinfo
Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg