Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Europaparlamentet og nasjonale parlament drøfta Eurojust

Europaparlamentets justiskomité (LIBE) og representantar frå nasjonale EU-parlament drøfta 1. februar verksemda til Eurojust. Eurojust skal sikre samarbeid mellom nasjonale påtalemyndigheiter i etterforsking av kriminalsaker som omfattar to eller fleire land. Det har vore ei jamn og kraftig stigning i talet på saker hos Eurojust, noko som speglar ein auke i grensekryssande kriminalitet. I møtet var det brei støtte til arbeidet i Eurojust. Noreg har ei samarbeidsavtale med Eurojust.

Eurojust vart etablert i 2002 og fekk i samsvar med Lisboa-traktaten status som eit EU-byrå gjennom Eurojustforordninga i 2018. Forordninga slår mellom anna fast at Europaparlamentet og nasjonale parlament skal ha eit årleg møte for å evaluere aktiviteten til Eurojust. Møtet denne veka var det andre i rekka etter at pandemien førte til utsetting av møtet i fjor.

Presidenten i Eurojust, Ladislav Hamran, takka i si innleiing for støtta Europaparlamentet har gitt Eurojust, mellom anna ved å sørge for auka ressursar. Han viste til at det har vore ei jamn og kraftig stigning i talet på saker hos Eurojust og at det speglar ein auke i grensekryssande kriminalitet. Eurojust har medverka til at det nå er lettare å utveksle informasjon og bevis mellom påtalemyndigheiter. Framover ynskjer Eurojust å bidra til å identifisere samanhengar mellom nasjonale saker mellom anna gjennom å modernisere saksbehandlingssystemet. Det er også viktig å gjere det tryggare og lettare å utveksle informasjon og bevis, mellom anna gjennom kryptering, system for elektronisk bevis og for å etablere digitale etterforskingsgrupper. Det er også viktig å styrke Eurojusts rolle i globalt samarbeid. Eit element i dette er initiativ til å inngå 13 nye samarbeidsavtaler med land mellom anna på Vest-Balkan og i Latin-Amerika.

På møtet deltok 48 nasjonale parlamentarikarar frå 20 EU-land i tillegg til medlemmer av LIBE. Det var brei støtte til Eurojusts verksemd generelt. Det var ein del spørsmål om prioriteringar, digitalisering og personvern i samband med samankopling av ulike databaser. Presidenten i Eurojust viste til innsats mot ulike typar kriminalitet, inkludert trafficking, menneskesmugling, økonomisk kriminalitet og korrupsjon. Mange var samd i behovet for meir digitalisering, men samstundes urolege for datasikkerheit og også samankopling av ulike databaser. Stortinget behandlar nå ei sak knytt til dette. Det gjeld  eit framlegg om å utvide Schengen informasjonssystem (SIS) blant anna om Eurojusts tilgang til opplysningar i SIS.

Hamran viste til at det har kome på plass ei samarbeidsavtale med Storbritannia og at brexit på dette området ikkje har gitt problem. På eit spørsmål om rettsstatsutviklinga i EU sa han at samarbeidet mellom påtalemyndigheitene gjekk utan vesentlege problem, men ville ikkje kommentere spørsmålet utover dette. Kommisjonens framlegg for digitalisering av det rettslege samarbeidet i Europa som kom i desember 2021, er viktig for samarbeidet mellom Eurojust og blant anna Europol og medlemslanda. Eurojust treng meir ressursar framover både for å kunne oppretthalde den operasjonelle verksemda og for å gjennomføre modernisering av aktiviteten.

I andre del av møtet var tema samarbeidet mellom Eurojust og Den europeiske påtalemyndigheita (Eppo). Eppo som starta si verksemd 1. juni 2021, har ansvar for å etterforske og straffeforfølge misbruk av EU-middel og er eit mellomstatleg samarbeid mellom 22 EU-land. Eurojust samarbeider med Eppo og gir særskilt støtte til dei fem landa som ikkje er med i Eppo.  Dette omfattar Sverige som per nå ikkje er med, men er venta å slutte seg til snarleg. Danmark og Irland ynskjer ikkje å delta, medan Polen og Ungarn så langt ikkje har teke initiativ til å delta. Den franske aktoren i Eppo la vekt på at Eppo på enkelte område erstattar Eurojust, men at Eurojust uansett har ei viktig rolle framover, ikkje minst for det globale samarbeidet. Han innrømte elles at det er fare for misbruk av EU-midlar i samband med dei store overføringane knytt til EUs gjenreisingsfond og at Eppos innsats her blir viktig.

Europakommisjonen viste i møtet til at digitaliseringspakka som kom i desember, er viktig for Eurojust mellom anna for å sikre trygg kommunikasjon og etablere felles etterforskingsgrupper. Kommisjonen lova fleire ressursar til Eurojust og slo fast at byrået fungerer svært godt.

Noreg har sidan 2005 hatt ei samarbeidsavtale med Eurojust og ein norsk statsadvokat er tilknytta Eurojust. Det er til saman 13 land som har slike avtaler per i dag og 10 av desse har statsadvokatar utplassert hos Eurojust.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 02.02.2022 12:22
: